Eg har fått award!!
Ikkje berre har eg fått ein award, men jammen har eg fått den to gonger! Det er lenge sidan sist eg fekk slik merksemd, så det er jo kjekt å få ei påminning om at det faktisk er nokon som er innom her og kikkar av og til
Den eine har eg fått av Lykkefuria og den andre er frå Kreativ, begge er to trivelige og kreative damer som eg har blitt kjendt med gjennom Visyr.no

Eg skal gje awarden vidare til 5 bloggar med under 100 følgarar, og dei skal svare på spørsmåla under her.
1. Kvifor starta du blogg: Eg veit faktisk ikkje heilt. Eg er vel litt impulsiv innimellom, og eg trur det var det som skjedde når eg oppretta bloggen – og så kan ein jo ikkje berre slutte heller….. Etter kvart har eg jo oppdaga at dette er ein fin måte å komme i kontakt med andre som driv med det samme. Eg har også oppdaga at det har blitt eit godt oppslagsverk for meg sjølv . Eg kan gå tilbake og sjå kor eg har handla stoff, kva for eit mønster som er brukt, kva for eit blad eg fann eit mønster i osv.
2. Kva for bloggar følger du? Eg er innom mange forskjellige bloggar. Er oftast innom dei som ligg i lenkelista mi, men av og til rotar eg meg ut på ordentlige runder med bloggsurfing både i norske og utanlandske bloggar. Det som er mest intressant er det som har med sying, strikking, hage og interiør å gjere.
3. Favorittfarge? Grønt, heilt utan tvil. Grønt virkar beroligande (trur ikkje eg treng det, akkurat…), grønt minner om våren, og grønt er rett og slett ein fin farge.
4. Favorittfilm(er)? Eg såg Australia for eit par veker sidan. Denne var virkelig god! Eg såg heile filmen i eitt – utan handarbeid mellom hendene!!
5. Kva land ville du besøke, og kvifor? Skulle gjerne reist til Australia, rett og slett fordi det er så annleis. Så skulle eg likt å reist til Amerika, Scottland og Irland. Likar å reise, kor som helst i grunn, men det er heilt ok at der er varmt og godt.
Dei fem eg gir awarden vidare til er:
Ullboxer frå ullgenser
Det er mykje moro ein kan lage med gamle saker og ei symaskin eller to. Her har eg ei Devoll ullskjorte som ungane har vokse frå. Den var så pent brukt at det var for gale å kvitte seg med den. Tanken er at det skal bli ein overnattingsboxer til ein som driv og søv ute i friluft innimellom.
Stikken i livet er frå ein gammal, kassert boxer.
Nederst har eg sydd på oppbrettkantane som avslutning, men det vart for lite elastisk, så det må av igjen.
Vårjakke
Eg har jammen meg gløymt å vise dåkke vårjakka mi… Bilda er tatt ein gufsen og kald vårdag.
Den er sydd etter samme mønster som kåpa eg sydde i haust, men den er kortare. Eg har også laga kragen litt mindre.
Mønsteret er frå Ottobre 5/2010 og stoffet er frå Fabric.com
Jakka er fora med Thermo isolering frå Stoff og Stil. Det er rygg og front som er fora med thermovlies. Eg kjenner godt forskjell på denne jakka og på kåpa eg sydde tidlegare. Den er ikkje ekstra fora, og det gjer at vinden trekkjer gjennom. Det er virkelig deilig med det ekstra isolerande laget.
Det fine med å lage to jakker etter samme mønster er at eg har fått meir orden på detaljar som ikkje vart så bra sist. Erfaringane mine med å sy klede er foreløpig litt spinkle, men eg lærer stadig nye ting.
Giveaway hjå Kreativ
Kreativ er ein fin nettbutikk for deg som er intressert i søm.
Ho som driv den har nettopp laga sin eigen blogg, og der er det for tida giveaway. Har du lyst å teste vinnarlukka no på forsommaren, så ta ein kikk innom bloggen hennar
Hjerter i fleng
Ein smule treg med blogginga for tida…. Dette er altså prosjektet eg laga til Lille Rosin kalender sin kalender for februar. Det er ein søt liten pung, forma som eit hjerte.
Mønsteret finn du her hjå The purl bee. Eit enkelt og kjekt lite prosjekt som blir ferdig i ein fei
Glidelåsen vart sydd i på ein litt spesiell måte, som eg ikkje har prøvd før. Om du klikkar på linken til mønsteret, så er der ein fin tutorial.
Hanken fekk ei rad søte, rosa hjerter brodert med maskin.
Fargerik flaggermustopp
Ein ny variant av flaggermusgensaren såg dagens lys for litt sidan. Vi vart invitert i bursdagsselskap til ei tenåringsjente, og kva i alle dagar finn ein på til gåve då?? Etter ei kjapp rekognoseringsrunde på hobbyrommet, fann eg eit stoff som ville passe perfekt til ein flaggermusgensar. Stoffet kjem frå Stofstedet.dk, ein dansk nettbutikk med fantastisk utval i metervarer.
Mønsteret var trykt litt sånn tilfeldig, og i ulike retningar, så det var ikkje heilt enkelt å bestemme seg for kva som skulle være opp og ned på plagget.
Med armane ut, ser ein den artige flaggermusaktige forma. Før delane er sydd saman, ser det nesten ut som om dei er klipt rett, men så dradd i diagonal retning, slik at delane er skeive. Når plagget er sydd, blir effekten at det ser ut som om plagget er kledd litt tilfeldig på. Eg trur dette var ein effekt som tiltalte ungdommane – det skal være litt pent, men skal likevel sjå tilfeldig ut.
Mønseteret er frå Stoff og stil
Nye trekk til sofaen
På loftet har vi hatt ståande ein gammal sofa som vi har arva. Den har gjordt god nytte, men den var liksom ikkje heilt min stil. Lenge har eg hatt lyst å kaste den, men ein kastar vel ikkje gode ting, gjer ein vel?… Eg har også prøvd å gje den vekk til folk eg synest har hatt behov for den…..men trass iherdige forsøk har er sofaen min enno…
I skapa mine har eg hatt liggjande noko linstoff som opprinneleg var tenkt til å sy liftgardiner av. Dei gardinene vart det aldri noko av, så stoffet har i grunn berre blitt liggjande som skapfyll. Så ein kveld fekk eg ein lys ide – stoffet ville være perfekt som sofatrekk. Og frå ide til prosjekt er ikkje vegen lang. Eg kasta meg over arbeidet med stor iver, og i løpet av ein kveld og påfølgande dag, hadde sofaen på loftet fått nytt liv i den nyinnreia kjellarstova
Trekket er heilt enkelt sydd. Der er eit trekk til sjølve sofaen, og så er der eit trekk til kvart av armlena. Det er enkelt å ta av trekket, og det toler godt vasking i maskin.
I bakgrunnen har omsider Polkadot-girls teppet mitt endeleg fått ein verdig plass. Teppet er så stort at eg faktisk ikkje har hatt veggplass til det, så det har blitt liggjande i eit skap sidan det var ferdig.
Det var litt for lite stoff til å lage heile trekket i det grå linstoffet. Heldigvis fekk eg ein stripete gardinrest av ei veninde, og det passa heilt suverent til armlena. Utsida av armlena er av linstoffet, medan innsida og toppen er av det stripete stoffet.
Heile trekket er sydd med overlocmaskin, så sjølve syinga gjekk radigt.
Sommarlett kveldsantrekk
Det er vel så smått på tide å tenkje på sommarantrekka – ialle fall viss ein skal lage dei sjølv…
Denne kjolen er sydd av silke chiffong frå Stoff og stil. Mønsteret er Kjole 23037 frå samme butikk.
Under kjolen er det ein tights og topp i matchande farge er sydd av viscose jersey.
Silkechiffongen er eit utruleg tynt og “levande” stoff, men ved hjelp av den nye overlockmaskina, gjekk syinga som ein leik! Ikkje noko problem å lage ein søt liten rullekant nederst på kjolen.
UFO-jakt
Visyr.no har ein UFO-konkurranse på gang for tida. I hobbyverden er ein UFO definert som eit UFerdig Objekt, noko dei fleste eg kjenner i bransjen har opptil fleire stk av til ein kvar tid.
Eg har meldt meg på med to prosjekt.
Det eine er denne løparen som eg starta på i fjor i romjula, fordi eg trengte noko å legge på den lange skjenken min når juleløparen skulle pakkast vekk. Den er sett saman av lyse stoff, og mange av dei er småbitar frå restekassa.
Sånn vart det ferdige resultatet. Heilt enkel og grei løpar utan særleg dekor. Denne skjenken er vanlegvis overfylt av plantar, og det eg trengte var difor ein nøytral løpar.
Også lukkekantane er sett saman av passande restestoff. Løparen er quilta “in the ditch”, altså i “grøfta” mellom lappane.
Prosjekt nr 2 er ei handleveske som var tema på eit medlemsmøte i NLQ, for lenge, lenge sidan.
Slik vart det altså liggjande, delvis klipt og sydd, og eigentleg nesten ferdig….
Yttersida har form som eit hjerte.
Inni hjertet finn ein altså handleveska
Vår ein brettar ut veska blir den slik.
Lille Rosin kalender 2011 er i gang
Som fleire sikkert har sett, så har eg hengt med på Lille Rosin sin kalender i 2010 på Hobbyboden. I år er ho i gang igjen, og eg gledar meg til alle dei spennande oppgåvene ho har til oss gjennom året. Denne gongen har ho også lagt oppgåvene i bloggen sin, slik at også dei som ikkje er på Hobbyboden kan delta.
I januar var der opptil fleire oppgåver eg kunne tenkje meg å gjere, men eg får sjå kva tida mi strekk til. I første omgang er det strikketøymappa/toalettveska eg har kasta meg over. Link til den finn du på denne nettbutikken.
Når eg først var i siget, vart det tre ulike toalettmapper/strikketøymapper.
Denne er litt anonym i forhold til dei to andre. Den er ei gåve til ei særdeles blomsterglad veninde. Stoffet er påtrykt latinske blomsternavn, noko denne veninda er ekspert på å hugse.






















