Ekstrem forvandling
Her er eit bilete av mitt kjære strykebord. Det har fulgt meg sidan hausten 1991. Eg kjøpte akkurat dette fordi det hadde så fine, sarte pastellfargar. Dessutan passa det godt til studentlommeboka mi. No har trekket etter kvart vorte so tynnslitt og holete, at strykejernet heng seg opp i det når eg stryk små ting. Dessutan er skumgummien laus, slik at eg har nesten rive det ut fleire gonger fordi at strykejernet har hengt seg fast i det.
I dag var altså dagen komen for ein overhaling av strykebordet. Nytt trekk vart handla inn, og i løpet av to minutt har eg altså fått meg eit flott nytt strykebord igjen
Ai,ai,ai, så lekkert det blei! Eg måtte stryke eit par dukar med ein gong!

Bra!!Eg har og eit bord som treng overhaling. Det er ikkje slitt (av forskjellige grunnar), men svært kjedelig å se på… Kreativ du Elin!
Eg er god på å fixe stygge bord, ja….legg ein flott duk over;)