Bilder frå siste maidagen
Dette bedet er hageprosjektet eg har jobba med i år, og delvis i fjor. Steinen har eg henta frå veikantar rundt om i kommunen. Eg har selvfølgelig ikkje plukka stein som har hatt nokon funksjon der eg har funne dei, dei fleste er steinar som har rast ned frå bratte skrentar i løpet av vinterhalvåret. Den lange steinen i framgrunnen er den gamle grensesteinen til tomta her. Den vart gravd opp då vi fekk laga ein gråsteinsmur langs heile tomtegrensa mot sør.
Foreløpig er det mykje mørk jord, men etter kvart som det veks seg til, skal det nok verte farge her. Det er ikkje ferdig planta. Må jo ha litt plass til nyervervelsar utover sommaren. Kjem tilbake med nye bilete når det har vokst seg litt til utover sommaren.
Ein fantastisk valmuesøster. Den er ganske så klar, lys blå. Eg trur der skal finnast mørkare variantar av denne også.
Lewisia i all sin prakt. Trudde ikkje denne skulle like seg her, sidan eg har ein del leire i jorda mi. Denne og ein til står faktisk i dette bedet på tredje året no. Dei blomstrar like fantastisk år etter år.

