Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

20000 gjester i dag?

Påsketider er besøkstider. Her hjå meg ser eg at besøkstala i bloggen går opp når folk har fri. Difor kjenner eg meg ganske sikker på at teljaren min vil passere 20000 i dag :) .

Det er i grunn fantastisk! Kven skulle tru at så mange ville stikke innom for å sjå kva eg puslar på med? I alle fall hadde ikkje eg rekna med det då eg starta med blogginga.

Det er jo ikkje like kjekt å drive med blogging dersom ingen er innom og besøkjer bloggen. Difor har eg tenkt å lage ei gåve og gje vekk til besøkjande nr 20000.  I påska har eg tenkt å prøve å sy “klemmepungar” , og ein av desse går til besøkjande nr 20000 :)

Om du er innom her og teljaren står på 20000, så skriv ei helsing i kommentarfeltet.

Til alle som er innom her med jamne eller ujamne mellomrom:

 TAKK FOR BESØKET!

 

 

april 7, 2009 Posta av eling | Diverse | | 8 kommentarar