Julekalender – som eg likar det
På visyr.no har dei julekalender som er av den typen eg likar. Kvar dag er det ulike oppgåver, eller muligheiter til å vinne premie, og det er selvfølgelig relatert til sying. Nokre av oppgåvene har eg gjordt, medan andre hoppar eg over.
1. desember, telyspose.
På desse posane har eg printa motiv på eit overføringspapir. Motivet er stroke fast på stoffet ved hjelp av strykehjern. Så har posane fått litt stæsh som kroklisser og blonder i gull.
2. desember, nisseluer.
Nisseluene er sydd i ullfleece. Pynten langs kanten er kroklisser og pompongar. Dusken i enden har eg eg laga på gamlemåten, som vi lærte det på barneskulen.
3. desember, pepperkakemotiv
Denne oppgåva var eigentleg tiltenkt broderimaskiner. Sidan eg ikkje har broderimaskin, måtte eg finne på noko anna. Her er skrifta speglvendt og printa ut på overføringspapir. Pepperkakemannen er applikert på og “glasuren” er sydd på ved hjelp av stoppefoten.
På toppen er det glidelås, slik at posane egnar seg svært godt til å oppbevare pepperkakeformene. Dei er store nok til å romme dei største formene som ein gjerne nyttar til pynt i vindauget også.



