Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Eg har fått award!!

Ikkje berre har eg fått ein award, men jammen har eg fått den to gonger! Det er lenge sidan sist eg fekk slik merksemd, så det er jo kjekt å få ei påminning om at det faktisk er nokon som er innom her og kikkar av og til :)

Den eine har eg fått av Lykkefuria og den andre er frå Kreativ, begge er to trivelige og kreative damer som eg har blitt kjendt med gjennom Visyr.no

Eg skal gje awarden vidare til 5 bloggar med under 100 følgarar, og dei skal svare på spørsmåla under her.

1. Kvifor starta du blogg:  Eg veit faktisk ikkje heilt. Eg er vel litt impulsiv innimellom, og eg trur det var det som skjedde når eg oppretta bloggen – og så kan ein jo ikkje berre slutte heller….. Etter kvart har eg jo oppdaga at dette er ein fin måte å komme i kontakt med andre som driv med det samme.  Eg har også  oppdaga at det har blitt eit godt oppslagsverk for meg sjølv . Eg kan gå tilbake og sjå kor eg har handla stoff, kva for eit mønster som er brukt, kva for eit blad eg fann eit mønster i osv.

2. Kva for bloggar følger du? Eg er innom mange forskjellige bloggar. Er oftast innom dei som ligg i lenkelista mi, men av og til rotar eg meg ut på ordentlige runder med bloggsurfing både i norske og utanlandske bloggar.  Det som er mest intressant er det som har med sying, strikking, hage og interiør å gjere.

3. Favorittfarge? Grønt, heilt utan tvil. Grønt virkar beroligande (trur ikkje eg treng det, akkurat…), grønt minner om våren, og grønt er rett og slett ein fin farge.

4. Favorittfilm(er)? Eg såg Australia  for eit par veker sidan. Denne var virkelig god! Eg såg heile filmen i eitt – utan handarbeid mellom hendene!!

5. Kva land ville du besøke, og kvifor? Skulle gjerne reist til Australia, rett og slett fordi det er så annleis. Så skulle eg likt å reist til Amerika, Scottland og Irland. Likar å reise, kor som helst i grunn, men det er heilt ok at der er varmt og godt.

Dei fem eg gir awarden vidare til er:

Cherie si hagedagbok

Leei sin blogg

Mariann sin hobbykrok

Strikkemoro

Haldis-quilteblogg

juni 2, 2011 - Posta av | Diverse

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.