Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

God jul!

Denne løparen laga eg på eit kurs i lappeklubben for nokre veker sidan. Det er Randi Røys som har laga mønsteret til denne  flotte løparen .

God jul til alle dåkke som har tatt turen innom her!

desember 23, 2009 Posta av eling | Lappeteknikk | | 5 kommentarar

Hallo!

Jada, eg er her :)

Kjekt å sjå at sjølv om eg ikkje er her og bloggar, så er det folk innom her dagleg likevel. No er det så lenge sidan sist innlegg at det er nesten litt flaut, men no lovar eg å skjerpe meg.

Det har vore ein periode med lite sying, men så tok eg meg på tak og sydde denne toalettveska med golfmotiv. Mønsteret er henta frå Hanne Asplin Firman si bok Lappesprell og quiltestreker.  Toalettveska skal nyttast av ein mann, og då har eg faktisk ikkje så mykje stoff å velge mellom. Det er mykje blomster og sarte rosa fargar i sortimentet mitt, så her fekk eg ei lita utfordring når eg skulle finne stoff.

Golfstoffet er bestilt frå ein amerikansk nettbutikk, men eg hugsar desverre ikkje kva for ein. Det brune stoffet er frå ei selskapsjakke eg kjøpte for mange år sidan, men som nesten ikkje har blitt brukt. Her passa det faktisk veldig bra

Quiltinga i kvar rute skal liksom forestille golfballen som snurrar rundt  holet før  den rullar nedi.

Eg kjem snart tilbake med meir sysaker ;)

 

desember 15, 2009 Posta av eling | Lappeteknikk, Søm | | 4 kommentarar

Uten navn

Flott jente, ikkje sant ;) .

 Å sladde eit fjes slik at det blir pent, er slett ikkje enkelt. Teikning har, som dåkke ser aldri vore mi sterke side. Her er det ikkje teikneferdighetane mine som skal visast, men den nye hua. Det er denne hua frå Drops som er ferdig. Den er strikka i Sterk frå Du store alpakka. Eit utruleg deilig og mjukt garn. Lua har massevis av flettingar, så det tok si tid å strikke den. Skal strikke hanskane som høyrer til, men både eg og butikken var tom for akkurat den fargen. Derimot hadde butikken ein lekker lilla farge i samme garn, så no er eg i gang med eit par lilla hanskar – og dei må vel ha ei lilla hue til, eller? Joda, det er snart advent, så det passar fint med lilla :)

GOD HELG, FOLKENS!

 

oktober 30, 2009 Posta av eling | Strikking | | 5 kommentarar

Award og utfordringar i fleng

Eg har fått utfordringar i fleng i det siste. 3 av utfordringane har eg fått her på bloggen, og den første er frå Suffeldyret 

Utfordring nr 1:

 Utfordrer 5 personer och berättadet för dem samt personen som utmanat dig. Varje svar måste börja med första bokstaven i ditt namn. Alla svar måste vara riktiga, hitta inte på ord. Om personen som utmanade dig har ett namn som börjar med samma bokstav som ditt, får du inte ge samma svar som han/hon gjort. Du fårheller inte skriva samma svar 2 ggr.eller skriva ditt namn som svar(förutom fråga

1). 1. Vad heter du: Elin

 2.Ett ord på 4 bokstäver: Eple

3. Flicknamn: Emma

4. Pojknamn: Even

5. Yrke: Elektriker

6. Färg: Elfenbeinskvit (er det noko som heiter det??) 

7. Klädesplagg: Elastiske strømper

8. Mat: Eplekake

9. Sak i badrummet: Elfa trådkorger 

10. Plats/Stad: Elverum

11. En orsak att vara sen: Eplebit i halsen 

12. Något man skriker: Ekling!

13. Film: En shopoholikers bekjennelse

14. Något man dricker: Eplejuice

15. Band: Eminem

16. Djur: Elefant

17. Gatunamn: E.C.Dahls gate 

18. Bil: El-bil

19. Sång: Engler i sne.

Her sendast utfordringa vidare til MariannS, Krepsemor, Lena, Hallingjenta og Strikkemoro

Utfordring nr 2:

Denne har eg fått frå MariannS og Krepsemor

Med denne Awarden følger ei utfordring.
Eg skal skrive sju ting om meg sjøl,
og sende Awarden videre til sju andre bloggarar.
 1. Eg likar å lese.
2. Er glad i hagen min
3. Eg kosar meg på hobbyrommet
4. Er avhengig av min ACER.
 5. Eg er mamma til 2
6. Eg har ei Janome MC4800, ei super symaskin!
7. Eg fryse på beina ( skal finne meg eit par sokkar no ;) ).

oktober 28, 2009 Posta av eling | Diverse | | Éin kommentar

Sokkar igjen

Det har gått i sokkestrikking for tida og her er det foreløpig siste paret. Det er strikka i Sterk frå Du store alpakka. Har du lyst å lage eit par slike, kan du få tak i boka med mønster hjå forfattaren sjølv. Eg fann mi bok hjå den lokale garnforhandlaren, så det er sikkert mulig å finne den fleire plassar.

IMG_3701

No har eg gått over til luestrikking. Sjekk her, var ikkje denne hua kul? Har begynt å strikke den i garnet Sterk. Har  for lite garn til å strikke hanskane også, så det spørs om eg finn tak i meir garn i rett farge. Det var så mykje fletting i lua, at den sikkert ikkje blir ferdig før luesesongen er over ;)

oktober 16, 2009 Posta av eling | Handarbeid, Strikking | | 5 kommentarar

Gjenbruk er kjekt

I går hadde eg eit godt innfall av kreativitet, og då er det jammen kjekt å sy. Tida går innmari fort, og for min del kan i grunn verden segle sin eigen sjø……

IMG_3655

I lengre tid har denne gensaren lagt på hobbyrommet. Den var i sin tid favorittgensaren min, så eg klarte aldri kaste den. Eg vart ståande å sjå litt på den i går, og så ruska eg litt rundt nedi skuffene mine, og der hadde eg jammen eit par bambushandtak – og vips, så var eg i gang……

IMG_3657

…..og etter nokre timar var gensaren blitt til ei artig lita veske :) . Ei lita niese som hadde bursdag fekk den i presang, eg kan tenke meg at den kan være akkurat passelig til alle sånne små dippeduttar som ei lita snuppe har med seg på tur.

IMG_3658

Anhenget har eg hatt liggande lenge, i påvente av det rette prosjektet. Tanken var å hekte det rett på veska, men det vart alt for tungt for den vesle veska. Ved hjelp av ei lita tang fekk eg benda ut metallet og plukka av dei lettaste delane, og då vart det igrunn heilt perfekt.

For øvrig er det sok frå skyfri himmel i dag – svært sjeldant syn for tida!

GOD HELG!

oktober 10, 2009 Posta av eling | Handarbeid, Lappeteknikk, Søm | | 6 kommentarar

Spiralsokkar

IMG_3493

Har visst fått meg ei ny dille, og det er sokkar det går i for tida.

Dette er Ronilles spiralsokkar strikka i Sterk , eit mjukt og deilig garn frå Du store alpakka.

oktober 3, 2009 Posta av eling | Strikking | | 4 kommentarar

Fortsatt liv i hagen

IMG_3478

Staudesolsikkene gjev blaffen i både vind og regn og struttar med dei gule blomstrane sine. Denne blomstrar lenge, og er litt av eit syn no i slutten av hagesesongen. Den er minst 1,7 meter høg.

IMG_3479

Rosene likar nok ikkje regnet, men desse står delvis under tak, så dei ser flotte ut likevel.

IMG_3481

Planta ein Clematis ‘Princess Diana’ i fjor. I vår såg den daud ut, så eg hadde vel avskrive den for i år. Så dukka det opp nokre klematisspirer utpå sommaren, og gjett om eg vart glad for å sjå prinsessa igjen. No har den flotte knoppar, og viss frosten held seg unna litt til blomstrar den snart. Problemet no er at desse knoppane neppe tilhøyrer C. ‘Princess Diana’, skal tru kva dette kan være slags klematis??

I skrivande stund ser eg at det snør heilt ned i 400 meters høgde, så det spørs om ikkje frosten kjem til å ta knekken på knoppane før dei spring ut :(

IMG_3485

Oktoberhjelmen er eit flott syn no.

IMG_3487

Hugsar ikkje heilt kva dette er, men på grunn av det mørke bladverket er den dekorativ heile sommaren, sjølv om den ikkje blomstrar før no.

Krepsemor har vore så snill å legge igjen kommentar om namnet på denne, og det er altså Cimicifuga racemosa Atropurpurea, eller Klaseormedrue på norsk :)

IMG_3477

Tja…kva er no dette??? Det er vel eit bevis på at komposten min ikkje har heilt optimale forhold. Då eg åpna loket på varmkomposten i dag, vaks denne artige soppen på toppen :)

september 30, 2009 Posta av eling | Hage | | 6 kommentarar

Klemmepunger

Neste møte i lappeklubben er det klemmepungar på plakaten. Eg har sagt meg villig å vise korleis ein gjer dette, så difor tenkte eg det kunne være greit å ha med ulike eksemplar å vise fram. Sidan det heller ikkje i går var pent veir, var det perfekt sitte-inne-å-sy veir. Eg rigga meg til på hobbyrommet i lag med dottera mi. Det er faktisk svært så hyggeleg å sitte to i lag når ein syr – sjølv om det er trangt om plassen.

IMG_3471

På biletet over er dei eg lagde ferdig i går. I tillegg har eg nokre som er delvis ferdige, slik at det er lett å vise framgangsmåten på møtet.

På biletet under er den som dottera mi laga. Symaskina hennar er ikkje så god, så det blir litt prøving og feiling for å få sømmane fine. Eg synest ho gjer ein god jobb :)

IMG_3476

Den rosa med Angelmerke på er sydd av ein strikka kjole som dottera mi hadde når ho var mindre. Retteleg søt vart den, og ikkje minst mjuk og god. Den har fått karabinkrok, slik at eg kan ha den hengande oppi veska mi. Greit å ha nøklane der, så finn eg dei i alle fall att oppi alt rotet nedi der….

IMG_3473

Guttungen ville ha seg mobilveske. Ikkje så veldig avansert, men absolutt funksjonell. Den er også utstyrt med karabinkrok, slik at han lett kan feste den til sekken eller i ei beltespenne.

IMG_3469

september 28, 2009 Posta av eling | Lappeteknikk, Søm | | 4 kommentarar

Blonder og band på Klaras veske

IMG_3352 IMG_3351

Då eg var innom Katrines Quiltestue i sommar, fekk eg ein lyndemonstrasjon i å kombinere blonder og band. På biletet til venstre er det ei smal blonde som er lagt dobbel og så har eg sydd eit band over skøyten. På høgre biletet er samme bandet lagt i sømmen mellom lukkekanten og lomma på veska.

Eg prøvde ut med og uten band på hankane før eg sydde dei på. På høgre biletet ser ein forskjellen på ein hank med og ein utan band. Ikkje tvil om at banda gjorde susen.

IMG_3453

Veska er lukka med snor, og det er fleire lommer både på utsida og innsida.

IMG_3451

Sånn vart mi utgåve av Klaras veske, etter eit mønster av Bente Malm. Pynten på midten er ei gammal beltespenne og ein rest av blonder. Det lønnar seg virkelig å ta vare på alle rester – før eller sidan finn ein eit eller anna å bruke det på

september 21, 2009 Posta av eling | Lappeteknikk, Søm | | 4 kommentarar