Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Konkurranse på Kremmerhuset

Kremmerhuset et ein av mine favorittbutikkar. Ein tur innom er fast prosedyre når eg er i urbane strok.  Det er slett ikkje kvar gong eg handlar, har mykje glede av å berre sjå.

Kremmerhusetbloggen feirar 1 års jubileum med ein liten konkurranse. Den går ut på at vi skal lage ein kollage av  ynskjelista vår, og her får du mi:

 

Sakene på ønskelista mi er:

Kian hylle med skuff. Denne hadde passa perfekt på jenterommet. Fargen passar perfekt til tapeten hennar…….trur eg……

Lampa hadde passa fint på guterommet. Der er det behov for meir lys, og denne passar perfekt til innredninga der.

Handkrem i ulike variantar til mor sjølv. Har kjøpt det før, og den er berre super!

Det samme gjeld teen – for tida er favoritten Roboiste med rabarbra og vanilje – nyydelig!!

Skåler til servering av diverse salatar har vi alltid behov for.

Så skulle vi hatt nokre lekre koppar til å nyte kaffe frå nykverna kaffibønner……

 

Ta ein tur innom Kremmerhusbloggen og bli med du også!

juli 1, 2012 Posted by | Diverse, Interiør/oppussing | Kommenter innlegget

Ny blogg: Tante Melin

Eg har fått mange kommentarar på at det har vore dårleg med oppdatering på bloggen min. Det er jammen kjekt at ein vert sakna når ein er vekke ei stund. Det vart litt mykje å hengje fingrane i ei stund, så då måtte bloggen vike. No tenkjer eg at tida er inne for å starte på igjen, men då med ein rein handarbeidsblogg. Fokus er hovudsakleg saum. Litt strikking, og kanskje eitt og hitt om hekling og anna eg måtte finne blir det sikkert også. Kjekt om du stikk innom!

Du finn meg her: Tante Melin

 

juni 24, 2012 Posted by | Diverse | 2 kommentarar

Ullboxer frå ullgenser

Det er mykje moro ein kan lage med gamle saker og ei symaskin eller to. Her har eg ei Devoll ullskjorte som ungane har vokse frå. Den var så pent brukt at det var for gale å kvitte seg med den. Tanken er at det skal bli ein overnattingsboxer til ein som driv og søv ute i friluft innimellom.

 Stikken i livet er frå ein gammal, kassert boxer.

Nederst har eg sydd på oppbrettkantane som avslutning, men det vart for lite elastisk, så det må av igjen.

mai 19, 2011 Posted by | Gjenbruk, Klede, Lappeteknikk, Søm | 6 kommentarar

Vårjakke

Eg har jammen meg gløymt å vise dåkke vårjakka mi…  Bilda er tatt ein gufsen og kald vårdag.

Den er sydd etter samme mønster som kåpa eg sydde i haust, men den er kortare. Eg har også laga kragen litt mindre.

Mønsteret er frå Ottobre 5/2010 og stoffet er frå Fabric.com

Jakka er fora med Thermo isolering frå Stoff og Stil.  Det er rygg og front som er fora med thermovlies. Eg kjenner godt forskjell på denne jakka og på kåpa eg sydde tidlegare. Den er ikkje ekstra fora, og det gjer at vinden trekkjer gjennom. Det er virkelig deilig med det ekstra isolerande laget.

Det fine med å lage to jakker etter samme mønster er at eg har fått meir orden på detaljar som ikkje vart så bra sist. Erfaringane mine med å sy klede er foreløpig litt spinkle, men eg lærer stadig nye ting.

mai 12, 2011 Posted by | Klede, Søm | 3 kommentarar

Hjerter i fleng

Ein smule treg med blogginga for tida…. Dette er altså prosjektet eg laga til Lille Rosin kalender sin kalender for februar. Det er ein søt liten pung, forma som eit hjerte.        

Mønsteret finn du her hjå The purl bee. Eit enkelt og kjekt lite prosjekt som blir ferdig i ein fei🙂

Glidelåsen vart sydd i på ein litt spesiell måte, som eg ikkje har prøvd før. Om du klikkar på linken til mønsteret, så er der ein fin tutorial.

Hanken fekk ei rad søte, rosa hjerter brodert med maskin.

april 5, 2011 Posted by | Lille Rosin kalender 2011, Søm, vesker | Kommenter innlegget

Fargerik flaggermustopp

Ein ny variant av flaggermusgensaren såg dagens lys for litt sidan. Vi vart invitert i bursdagsselskap til ei tenåringsjente, og kva i alle dagar finn ein på til gåve då?? Etter ei kjapp rekognoseringsrunde på hobbyrommet, fann eg eit stoff som ville passe perfekt til ein flaggermusgensar.  Stoffet kjem frå Stofstedet.dk, ein dansk nettbutikk med fantastisk utval i metervarer.

Mønsteret var trykt litt sånn tilfeldig, og i ulike retningar, så det var ikkje heilt enkelt å bestemme seg for kva som skulle være opp og ned på plagget.

Med armane ut, ser ein den artige flaggermusaktige forma. Før delane er sydd saman, ser det nesten ut som om dei er klipt rett, men så dradd i diagonal retning, slik at delane er skeive. Når plagget er sydd, blir effekten at det ser ut som om plagget er kledd litt tilfeldig på. Eg trur dette var ein effekt som tiltalte ungdommane – det skal være litt pent, men skal likevel sjå tilfeldig ut.

Mønseteret er frå Stoff og stil

mars 27, 2011 Posted by | Klede, Søm | Kommenter innlegget

Nye trekk til sofaen

På loftet har vi hatt ståande ein gammal sofa som vi har arva. Den har gjordt god nytte, men den var liksom ikkje heilt min stil. Lenge har eg  hatt lyst å kaste den, men ein kastar vel ikkje gode ting, gjer ein vel?… Eg har også prøvd å gje den vekk til folk eg synest har hatt behov for den…..men trass iherdige forsøk har  er sofaen min enno…

I skapa mine har eg hatt liggjande noko linstoff som opprinneleg var tenkt til å sy liftgardiner av. Dei gardinene vart det aldri noko av, så stoffet har i grunn berre blitt liggjande som skapfyll.  Så ein kveld fekk eg ein lys ide – stoffet ville være perfekt som sofatrekk.  Og frå ide til prosjekt er ikkje vegen lang. Eg kasta meg over arbeidet med stor iver, og i løpet av ein kveld  og påfølgande dag, hadde sofaen på loftet fått nytt liv i den nyinnreia kjellarstova 🙂

Trekket er heilt enkelt sydd. Der er eit trekk til sjølve sofaen, og så er der eit trekk til kvart av armlena. Det er enkelt å ta av trekket, og det toler godt vasking i maskin.

I bakgrunnen har omsider Polkadot-girls teppet mitt endeleg fått ein verdig plass. Teppet er så stort at eg faktisk ikkje har hatt veggplass til det, så det har blitt liggjande i eit skap sidan det var ferdig.

Det var litt for lite stoff til å lage heile trekket i det grå linstoffet.  Heldigvis fekk eg ein stripete gardinrest av ei veninde, og det passa heilt suverent til armlena. Utsida av armlena er av linstoffet, medan innsida og toppen er av det stripete stoffet.

Heile trekket er sydd med overlocmaskin, så sjølve syinga gjekk radigt.

mars 8, 2011 Posted by | Interiør, Polka Dot Girls, Søm | 4 kommentarar

Sommarlett kveldsantrekk

Det er vel så smått på tide å tenkje på sommarantrekka – ialle fall viss ein skal lage dei sjølv…

Denne kjolen er sydd av silke chiffong frå Stoff og stil. Mønsteret er Kjole 23037 frå samme butikk.

Under kjolen er det ein tights og topp i matchande farge er sydd av viscose jersey.

Silkechiffongen er eit utruleg tynt og “levande” stoff, men ved hjelp av den nye overlockmaskina, gjekk syinga som ein leik! Ikkje noko problem å lage ein søt liten rullekant nederst på kjolen.

februar 28, 2011 Posted by | Klede, Søm | 2 kommentarar

UFO-jakt

Visyr.no har ein UFO-konkurranse på gang for tida. I hobbyverden er ein UFO definert som eit UFerdig Objekt, noko dei fleste eg kjenner i bransjen har opptil fleire stk av til ein kvar tid.

Eg har meldt meg på med to prosjekt.

Det eine er denne løparen som eg starta på i fjor i romjula, fordi eg trengte noko å legge på den lange skjenken min når juleløparen skulle pakkast vekk. Den er sett saman av lyse stoff, og mange av dei er småbitar frå restekassa.

Sånn vart det ferdige resultatet. Heilt enkel og grei løpar utan særleg dekor. Denne skjenken er vanlegvis overfylt av plantar, og det eg trengte var difor ein nøytral løpar.

Også lukkekantane er sett saman av passande restestoff. Løparen er quilta “in the ditch”, altså i “grøfta” mellom lappane.

Prosjekt nr 2 er ei handleveske som var tema på eit medlemsmøte i NLQ, for lenge, lenge sidan.

Slik vart det altså liggjande, delvis klipt og sydd, og eigentleg nesten ferdig….

Yttersida har form som eit hjerte.

Inni hjertet finn ein altså handleveska

Vår ein brettar ut veska blir den slik.

januar 25, 2011 Posted by | Lappeteknikk, Løpar/duk, Søm, vesker | Éin kommentar

Lille Rosin kalender 2011 er i gang

Som fleire sikkert har sett, så har eg hengt med på Lille Rosin sin kalender i 2010 på Hobbyboden. I år er ho i gang igjen, og eg gledar meg til alle dei spennande oppgåvene ho har til oss gjennom året. Denne gongen har ho også lagt oppgåvene i bloggen sin, slik at også dei som ikkje er på Hobbyboden kan delta.

I januar var der opptil fleire oppgåver eg kunne tenkje meg å gjere, men eg får sjå kva tida mi strekk til. I første omgang er det strikketøymappa/toalettveska eg har kasta meg over. Link til den finn du på denne nettbutikken.

Når eg først var i siget, vart det tre ulike toalettmapper/strikketøymapper.

 

Denne er litt anonym i forhold til dei to andre. Den er ei gåve til ei særdeles blomsterglad veninde.  Stoffet er påtrykt latinske blomsternavn, noko denne veninda er ekspert på å hugse.

januar 9, 2011 Posted by | Lappeteknikk, Lille Rosin kalender 2011, Søm | Kommenter innlegget

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.