Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Det spirar og gror i planterommet

Det er artig å sjå at det er liv i plantane som har stått på «lager» sidan i haust.

Slik ser det ut under plantelyset i slutten av januar Det som står nærast i den store potta er ein kvit Agaphantus som eg kjøpte i fjor. Bakerst i biletet står ein blå av samme sort. På norsk kallast den for Afrikas blå lilje. Nydelig navn på ein nydelig plante! Den kvite fekk eg blomster på i fjor, og eg plukka frø av den etter at eg hadde tatt den inn for hausten. Begge to hadde begynt å spire før eg fekk opp plantelyset, så dei hadde lange mintgrønne skudd, og såg mindre friske ut. Heldigvis har dei kome seg etter at dei fekk «lysbehandling».

Snart på tide å prikle Slik ser det ut i boksen med småplantar. Ikkje lenge før eg må til å prikle eit par av pottene. Dei som er vande med å så skjønnar at det betyr at det snart vert temmelig fullt på planterommet…..  det verkar liksom så lite når du driv på og sår, men jammen vert dei bra plasskrevjande etter kvart….

For dåkke som er intressert i ting og tang til hagen, likar å putle på med ting og tang, eller som berre ønskar seg nokre timar i sosialt samvære, kan det være greit å ta ein kikk på denne linken:  http://eidaportalen.no/news.article.php?sid=178&artid=12514 . Det omhandlar pilflettekurset som eg har skrive om i tidlegare innlegg.  Sjølv kunne eg tenkt meg  mange av dei fletta plantestøttene. Dei er perfekte til klatrarar i potte, og absolutt mykje penare enn det meste eg har sett til no innan plantestøtter!

Reklame

januar 31, 2008 Posted by | Hage | 2 kommentarar

Årets første frø i jorda

Så er førebuingane til våren i hagen i gang. Dei første frøa er i jorda.

  • Delphinium «butterfly»
  • Impatiens Wallerina
  • Antirrhinum maj. pum. «Floral showers»
  • Delphinium «Funeral parlours
  • Delphinium «Green twist»
  • Rudbeckia «Chocolate orange»
  • Nolana paradoxa «Songbird mixture»
  • Nikotiana «lime green»
  • Petunia
  • Coleus blumei «volkano»
  • Stokkrose fersken
  • Nicotiana sanderae «perfume deep purple»

Av ein eller annan merkelig grunn er det heilt umogeleg å laste opp bilete av frøsådden min. Eg har behandla bileta på samme måte som tidlegare, men klarar likevel ikkje laste dei opp…. Ikkje rart ein vert frustrert på denne dataen innimellom. Teoretisk sett skal den gjere det du ber den om, men iblant er det komplett umulig å få den til å lystre. Sikkert eit kjent fenomen i dei fleste familiar….. altså berre eit bevis for at pc’en har vorte eit kjært familiemedlem….

 Noko har eg i alle fall klart å laste opp:

 Morsomt strikkegarn

Dette artige garnet fann eg i ei forretning i Sykkulven i helga. Det heiter Popcorn, og er frå Dalegarn. Votten er strikka med dette garnet, kombinert med svart ullgarn. Eg har nytta Toppull frå Dalegarn, men ein kan sikkert bruke andre typar med godt resultat. Votten skal tovast til rett størrelse. I min iver etter å både strikke og få med meg den spennande handballkampen tirsdag, klarte eg å strikke to høgrevottar. Sånn går det når ein skal få med seg alt…

januar 24, 2008 Posted by | Handarbeid, Såliste 2008 | Kommenter innlegget

Artige små hobbyprosjekt

Det morsomme med små hobbyprosjekt er at ein vert fort ferdig. Mor mi ynskte seg ei lita veske til å ha smykker i når ho skulle ut å reise. Eg leita litt i skuffene mine, og jammen hadde eg liggjande glidelåsar etter gamle prosjekt som aldri vart noko av… Stoff hadde eg også liggjande i massevis….

Lita veske til smykkesaker Slik vart altså resultatet. Akkurat passelig stor til å putte små skattar oppi. Når eg likevel var i siget, laga eg likså godt  to små vesker . Til innside har eg brukt ein bit av ein gammal voksduk. På den måten unngår ein at små deler frå smykkene heng seg fast i trådar i stoffet.  Oppskrifta til desse søte veskene har eg funne i Lise Bergene si bok «Lapper – stort og smått». Tidlegare har eg laga slike vesker i ulike størrelsar, og med ulike former for applikasjonar som dekor.

januar 20, 2008 Posted by | Lappeteknikk | Kommenter innlegget

Kurs i pilfletting

Det lokale hagelaget, Eid Hagelag, har teke på seg å arrangere kurs i pilfletting. Pilfletting verkar for å være ei motesak i hagesamanheng for tida, og når ein ser kor mykje flott ein kan få til så er vel ikkje det så rart.

Det er Silja Hansen frå www.skovstuenpil.no som kjem og held kurs for oss. Det er tre kurs 28.-29.-og 30. mars. Tema for kursa vert småting til hagen som til dømes klatrestativ til plantar og fuglematarar.

Ta ein kikk på linken og sjå om du vert freista til å være med. På denne sida http://www.skovstuenpil.no/kurs.html finn du kontaktopplysningar til kursa på Nordfjordeid.

januar 15, 2008 Posted by | Hage | Kommenter innlegget

Den runde duken er ferdig

Rund duk på kjøkkenbordetKlikk på bildet for større versjon.

Den runde duken som eg har skrive om tidlegare er ferdig i dag. Eg har blitt litt uvenner med den fordi at når eg hadde sydd saman dei 40 kilane, så vart duken «for stor» inn mot sentrum, slik at den bølga seg. Det gav meg to valg: det eine, og kanskje mest fristande akkurat då var å kaste den i søpla.

Heldigvis valde eg alternativ 2, som då var å prøve å ordne den. Eg har sydd inn alle kilane slik at dei er smalare mot midten.  Eg klipte ein runding, og bretta sømrommet mot vranga før eg applikerte den på i midten av duken. Deretter sydde eg sirkelen av kilar på brunt stoff. Eg sydde fast der dei einskilde kilane møter kvarandre, slik at tuppen av kvar kile heng laust utanpå det brune stoffet. Dette gav ein fin tredimensjonal effekt. Bakstykket er av det samme brune stoffet, og det er vrangsydd på. Til slutt quilta eg den brune sirkelen i midten som ein spiral. Kvar kile er quilta frå der den brune sirkelen sluttar og utover mot der kilen sluttar. Eg har ikkje brukt vatt i duken, sidan det brune stoffet ligg i to lag.  Duken er fin å sjå til på avstand, men den egnar seg desverre dårlig til nærstudie.

Sansynlegvis har eg brukt linjalen feil når eg kutta kilane. Eg kan ikkje forstå at det skulle kunne bli så ujamt om eg var unøyaktig med skjæringa. Eg trur heller ikkje eg var særskilt unøyaktig når eg skar. Eg må visst lage ein til for å sjå om eg klarar det betre neste gong…………

januar 13, 2008 Posted by | Lappeteknikk | Kommenter innlegget

Rosa babyteppe

I den siste tida har eg jobba med eit babyteppe til ei søt lita jente eg er tante til. Etter at eg kjøpte meg ny symaskin for nokre år sidan har eg sydd slike tepper til dåpspresangar. I alt har det blitt 8 tepper. Alle teppa er ulike. 

Edit: Her hadde eg eit flott bilete av det rosa teppet, men krøll med bloggen gjer at eit anna bilete kom fram i staden. Beklagar at biletet er vekk, men eg klarar faktisk ikkje å ordne det.

Kun to av teppa er sydd etter samme mønster, og det eine er dette bamseteppet som nettopp er ferdig. Dei to bamseteppa er likevel svært ulike. Mønsteret til teppa har eg funne i boka Applikasjon av Tove Fevang. Det første bamseteppet eg laga var til ein gut, og fargane gjekk difor i blått.  I tillegg vart kanten ytterst (før lukkekanten) sydd saman av kvadrat i ulike fargar, slik det vart gjordt i boka eg fann mønsteret i. Quiltinga vart også gjordt tilnærma likt mønsteret. Det blå teppet har eg desverre ikkje tilgjengeleg bilete av akkurat no, så det får ikkje eg lagt ut.

 

Denne gongen var det ei jente, og difor eit rosa teppe. Eg nytta berre eit stoff i rammen rundt, og eg tykkjer i grunn at det gav eit rolegare preg over teppet. I tillegg har eg quilta med stoppefoten på det lyse stoffet som dannar bakgrunn for bamsane. Eg likar denne måten å quilte på, av di eg tykkjer det framhevar applikasjonane så godt.

Nærbilete av bamse

 Klikk på biletet så ser du betre quiltinga.

 

Eg har også jobba litt vidare med den runde duken, og det nærmar seg flat duk…… Litt av ei utfordring å få til denne, men eg kan ikkje gje opp enno.

Til slutt i dag vil eg takke for alle positive tilbakemeldingar på bloggen min. Det er svært kjekt at dåkke stikk innom her, og eg håpar at dåkke vil fortsette med det ein gong i blant.

 

januar 11, 2008 Posted by | Lappeteknikk | 2 kommentarar

Misslykka 9 graders-prosjekt

Så er alle 40 kilane  som eg har laga ved hjelp av 9 graders linjalen sydd saman. På avstand ser ikkje det så aller verst ut. Problemet er at den er for vid inne i sirkelen i forhold til ytterst i sirkelen. Eg synest eg har vore nøyaktig både under skjæring og samansying. Likevel er ikkje alle kilane like. Skjærekniven min var dårleg, og eg mistenker at det kan ha ført til ujamnheiter i stoffbitane. Dette forklarar likevel ikkje at arbeidet skal være så mykje for vidt inne i sirkelen. Mulig eg har nytta linjalen feil under skjæringa, eg får forske litt vidare på dette.

Nærbilete av elendigheita Slik ser elendigheita ut på nært hald. Det vert eit skikkeleg pirkearbeid å sy kvar enkelt kile smalare, slik at duken kan verte slett og fin. Teknikken var morsom å sy, heilt til eg oppdaga dette…..

Skal tru om eg klarar å redde dette prosjektet? Følg med vidare, så kjem oppfølgaren etterkvart…..

januar 4, 2008 Posted by | Lappeteknikk | Éin kommentar

Shoppingtur til Ålesund

I dag var vi 4 glade damer på tur til Ålesund. Tre av oss er ihuga lappedamer, så vi stoppa på alle quiltebutikkane på veg oppover – 3 i talet.

Eg var på jakt etter stoff for å fullføre eit prosjekt eg har starta på. Det er slett ikkje alltid like enkelt å finne stoff til prosjekt som er påbegynt. Ein nyttar gjerne stoff frå restekassa, gamle og nye stoff om ein annan. Når ein då treng litt ekstra for å fullføre prosjektet kan det være vrient. Eg er ganske nøyen på at det skal vere stoff som passar, og tek ikkje det første og beste som byr seg. I dag fann eg heldigvis det eg trengte, slik at eg kan fullføre prosjektet.

I tillegg til det, fann eg ein del andre stoff og saker som eg måtte ha.

Dagens fangst Slik ser altså dagens fangst ut.

Alt er lagt til vask, slik at dei skal være klare til bruk når eg treng dei. Eg vaskar dei i vaskepose saman med resten av klesvasken. Det fungerer heilt supert.

januar 3, 2008 Posted by | Lappeteknikk | Kommenter innlegget

Toalettveske til dottera mi

For ei tid tilbake lova eg dottera mi at eg skulle sy toalettveske til henne når eg var ferdig med studiane. Eg valde å prøve meg på ei toalettveske i rufseteknikk etter eit mønster i Lise Bergene si bok Lappegaver. Rufseteknikk har eg aldri prøvd før, men det var ein enkel og morsom teknikk som eg kjem til å nytte meg meir av. Værre var det med mønsteret på toalettveska, eg forstod rett og slett ikkje korleis eg skulle sy saman bunnen, så eg måtte improvisere litt. Veska er sydd saman range mot range, slik at sømrommet kjem på framsida. I sømrommet er det klipt hakk med ca 1 cm mellomrom. Til slutt vart veska vaska i maskin, slik at sømrommet  flossa seg opp. Dottera mi var svært nøygd med resultatet, og har allereie teke ho i bruk.

Toalettveske med hjerterAndre sida av toalettveska har ei dongerilomme

Vidare har eg jobba med 9 graders linjalen som eg investerte i tidleg i haust. I Quiltemagasinet nr 1/2007 var det framgangsmåte for ein rund duk . Det var ein sånn «må ha» sak som eg «treng» til det runde kjøkkenbordet mitt. Eg har selvfølgelig klart å skjære nokre av kilane feil veg, så fargane vart ikkje akkurat så regelmessige som eg hadde planlagt. Det fine med lappeteknikk er gjerne at det er berre eg sjølv som ser feila eg har laga…..

Linjalane som nyttast til teknikkenAlle kilene lagt på golvet i rett rekkefølgeKilane på nært hold

Desverre er bileta litt uklåre, eg har litt problemer med å finne gode innstillingar på kameraet.

januar 2, 2008 Posted by | Lappeteknikk | Éin kommentar

Godt nyttår!

diverse-07-006.jpg

I dag er første dag i det nye året. Eit år som eg trur vert både spennande og utfordrande for min del.

Det er første gong eg prøvar meg på blogging, så dette innlegget vert mest av alt ei prøve på om eg får til dette.

Eg er nettop ferdig med vidareutdanning som operasjonssjukepleiar, så i morgon vert min første dag i nytt arbeid. Eg både gledar meg og gruar meg. Den første tida i ny jobb er ofte slitsom, av di det er så mykje nytt som ein skal ha fokuset på. Likevel ser eg fram til å komme i gang no. Ikkje minst ser eg fram til å sleppe å vekependle, slik eg har gjordt siste 1,5 år. Det betyr (håpar eg) at eg får meir tid til å styre på med hobbyane mine.

Det er nettop hobbyane mine eg har tenkt å nytte denne blogen til. På denne måten håpar eg at eg kan komme i dialog med både kjende og ukjende  som styrar på med det samme. På den måten trur eg at vi kan gje kvarandre mykje tips og inspirasjon.

Til deg som stikk innom blogen, så håpar eg at du legg igjen ein kommentar iblant Det ville eg setje stor pris på!

Eg gledar meg til eit nytt hobbyår med mange mogelegheiter!

januar 1, 2008 Posted by | Diverse | 6 kommentarar