Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Godt nyttår!

diverse-07-006.jpg

I dag er første dag i det nye året. Eit år som eg trur vert både spennande og utfordrande for min del.

Det er første gong eg prøvar meg på blogging, så dette innlegget vert mest av alt ei prøve på om eg får til dette.

Eg er nettop ferdig med vidareutdanning som operasjonssjukepleiar, så i morgon vert min første dag i nytt arbeid. Eg både gledar meg og gruar meg. Den første tida i ny jobb er ofte slitsom, av di det er så mykje nytt som ein skal ha fokuset på. Likevel ser eg fram til å komme i gang no. Ikkje minst ser eg fram til å sleppe å vekependle, slik eg har gjordt siste 1,5 år. Det betyr (håpar eg) at eg får meir tid til å styre på med hobbyane mine.

Det er nettop hobbyane mine eg har tenkt å nytte denne blogen til. På denne måten håpar eg at eg kan komme i dialog med både kjende og ukjende  som styrar på med det samme. På den måten trur eg at vi kan gje kvarandre mykje tips og inspirasjon.

Til deg som stikk innom blogen, så håpar eg at du legg igjen ein kommentar iblant Det ville eg setje stor pris på!

Eg gledar meg til eit nytt hobbyår med mange mogelegheiter!

Advertisements

januar 1, 2008 - Posted by | Diverse

6 kommentarar »

  1. Ja blogg er tingen, og det er koselig også.
    Får kanskje prøve meg eg og. Trur vi får en koselig tur til Ålebyen idag. ¤ damer på handlerunde, lurer litt på om eg må ha med hengar….
    Stor bloggklem

    Kommentar av Inger-Lise | januar 3, 2008 | Svar

  2. Flott pepperkakehus, synd at det er forbuden mat til meg.Du har vel hatt hjelp til dette?
    Bj.

    Kommentar av Bjørn | januar 4, 2008 | Svar

  3. Pepperkakehuset var eigenprodusert til jula 2006. Ungane ville gjerne hjelpe, men karamellen er litt for varm til at dei fekk lov til det.

    Kommentar av eling | januar 4, 2008 | Svar

  4. Det var litt av eit pepperkakehus! Når eg no først er inne på temaet, kan eg røpe at dei hadde fine hus på Rema 1000 før jul… Som vi skal knuse og ete i dag siden vi får middagsgjester. Tru om eg hadde greidd å legge ut bilde av huset.

    Kommentar av Heidi | januar 6, 2008 | Svar

  5. flinke du!!

    Ja her blir det gøy å følge med. det er jo direkte inspirerande.
    du kjem vel etterkvart inn med meir hagestoff? då kan eg jo få litt inspirasjon på den fronten me.. 🙂

    Kommentar av tove | januar 10, 2008 | Svar

  6. Hagestoffet kjem….må berre ha meg nokre fridagar først. Det vart hektisk å starte i arbeidslivet igjen..

    Note to self: må finne ut korleis eg får til å skrive smilyar i bloggen

    Kommentar av eling | januar 11, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: