Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Rosa babyteppe

I den siste tida har eg jobba med eit babyteppe til ei søt lita jente eg er tante til. Etter at eg kjøpte meg ny symaskin for nokre år sidan har eg sydd slike tepper til dåpspresangar. I alt har det blitt 8 tepper. Alle teppa er ulike. 

Edit: Her hadde eg eit flott bilete av det rosa teppet, men krøll med bloggen gjer at eit anna bilete kom fram i staden. Beklagar at biletet er vekk, men eg klarar faktisk ikkje å ordne det.

Kun to av teppa er sydd etter samme mønster, og det eine er dette bamseteppet som nettopp er ferdig. Dei to bamseteppa er likevel svært ulike. Mønsteret til teppa har eg funne i boka Applikasjon av Tove Fevang. Det første bamseteppet eg laga var til ein gut, og fargane gjekk difor i blått.  I tillegg vart kanten ytterst (før lukkekanten) sydd saman av kvadrat i ulike fargar, slik det vart gjordt i boka eg fann mønsteret i. Quiltinga vart også gjordt tilnærma likt mønsteret. Det blå teppet har eg desverre ikkje tilgjengeleg bilete av akkurat no, så det får ikkje eg lagt ut.

 

Denne gongen var det ei jente, og difor eit rosa teppe. Eg nytta berre eit stoff i rammen rundt, og eg tykkjer i grunn at det gav eit rolegare preg over teppet. I tillegg har eg quilta med stoppefoten på det lyse stoffet som dannar bakgrunn for bamsane. Eg likar denne måten å quilte på, av di eg tykkjer det framhevar applikasjonane så godt.

Nærbilete av bamse

 Klikk på biletet så ser du betre quiltinga.

 

Eg har også jobba litt vidare med den runde duken, og det nærmar seg flat duk…… Litt av ei utfordring å få til denne, men eg kan ikkje gje opp enno.

Til slutt i dag vil eg takke for alle positive tilbakemeldingar på bloggen min. Det er svært kjekt at dåkke stikk innom her, og eg håpar at dåkke vil fortsette med det ein gong i blant.

 

Advertisements

januar 11, 2008 - Posted by | Lappeteknikk

2 kommentarar »

  1. eg sat her i går og lurte på om du hadde eit teppeprosjekt gåande til denne dåpen og. og jammen det…. du er flink å variere tema på teppa dine, veldig bra!
    kanskje du vil ha bilete av Tj sitt teppe til sida di?

    Kommentar av tove | januar 12, 2008 | Svar

  2. Må jo variere litt, ikkje kjekt om alle får like tepper. Eg har nok bilete av Tj sitt teppe ein stad, skal sjå om eg finn det.

    Kommentar av eling | januar 12, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: