Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Lommetøflar

For eit par veker sidan fortalde systra mi at ho hadde strikka noko ho kalla lommetøflar. Eg forstod ikkje heilt kva ho snakka om,  sjølv om ho etter beste evne prøvde å forklare meg. Ho ba meg finne det på internett, der ville eg heilt sikkert finne oppskrifta på tøflane, for det var visstnok dette «alle» strikka for tida…..  Alle, unntatt meg???  Nei, denslags går berre ikkje! 

Eit kjapt søk viste meg at det faktisk er slik at «alle» strikka lommetøflar for tida.

Lommetøflar

Oppskrift:
Eg har brukt Mor Åse garn og pinnar nr. 4.
Legg opp 5 masker, strikk 6 pinner rettstrikk fram og tilbake.
Deretter aukar du  med 1 maske i starten av kvar omgang til det er 22 masker på pinnen.
På neste pinne aukar du til det dobbelte, altså tilsaman 44 masker på pinnen.
Vidare strikkast 15 cm vrangbord med 2rett og 2vrang.
Så strikkar du 2 og 2 masker saman slik at du får 22 masker att på pinnen. Fortsett så å felle 1 maske i starten av kvar pinne  til du har att 5 masker.
Strikk 6 pinner og fell til slutt av.

Sy saman dei to kortaste endane og sidekantane på vrangborda, og vips, så har du ein artig liten tøffel. Om du ikkje har anna å finne på, så har du nok strikka eit par slike på ein god føremiddag. Ved å variere litt på størrelsen på pinnane, kan du variere på størrelsen på tøflane. Dei er svært tøyelige, men desse vil eg påstå passar til  ca str 38-40. I andre bloggar har eg sett at ein har pynta oppå bandet som går over rista med søte små kuler eller blomster i kontrastfargar. Det ser skikkelig fint ut. Eg har valgt å ikkje pynte dei, av di dei då kan nyttast nedi støvlar.

Lommetøflar 2 Slik ser dei altså ut når dei er ferdige. Liknar i grunn ikkje så mykje på eit fottøy.

Det beste med heile prosjektet er at no har faktisk eg også strikka lommetøflar…. eg er altså igjen ein av «alle»…….

Reklame

februar 29, 2008 Posted by | Handarbeid | 3 kommentarar

Oppussing på gang

For at dåkke som stikk innom her med jevne mellomrom ikkje skal tru at eg har gått i dvale, skal eg vise dåkke kva eg styrar med, sjølv om det ikkje har med hage eller lappeteknikk å gjere.

Huset vi bur i er haugammalt (60 år), og har difor godt av renovering etter kvart. Akkurat no er det eit av bada som skal til pers. Eg har lova å rive, viss gubben snekrar opp att. Eg nærmar meg slutten på rivningsprosjektet.

Badet før riving Slik såg badet ut før eg starta på prosjektet.

Badet etter riving Bilde tatt på samme stad i dag.

Då huset vart bygd var dette rommet antageligvis eit soverom. I ettertid har det blitt gjordt om til bad. Det er kanskje difor det har vorte nytta ein noko kreativ metode for å få kloakkrøra fram til der slukane skulle være. Nærbilde av kloakkrør gjennom bærebjelke. Kanskje ikkje så rart det er svikt i golvet når vi går.

Eit anna fenomen her i huset er at det er så mykje Leire i golvet over alt. Eg er litt usikker på kva tanken med å fylle opp med leire var. Ein tanke er at dei kanskje måtte kvitte seg med all leiren dei grov opp når huset skulle byggjast. Det vart sikkert eit avfallsproblem som måtte løysast på fornuftig vis. Spørsmålet er om det var fornuftig. Kva nytte gjer dei i golva mine? Held dei på varmen? (kjennest ikkje slik ut), eller verkar dei brannhemmande mellom etasjane? (har ikkje tenkt å sjekke…..).

Der er fortsatt ein del att av golvet å rive, og nokre hundre kilo leire å bære før snekkaren slepp til….

februar 21, 2008 Posted by | Diverse | 5 kommentarar

Lappedugnad

Søndag var eg på lappedugnad med lappeklubben. Medlemmane har i løpet av det siste året sydd blokker til eit Dear Jane teppe. Klubben har valgt å lage kvar blokk litt større enn orginalen, og heller lage fleire tepper av blokkene. No har teppa begynt å ta form. Det er utruleg kjekt å sjå kor flotte teppa vert. Ikkje minst, så er det kjekt med slike dugnader, det er både kreativt og sosialt.

Ingunn si quiltemaskin Det største teppet vert spent opp i eit quiltestativ. Eg hadde aldri sett eit slikt stativ før, så det var kjekt å sjå korleis dette fungerer i praksis.

Teppet i qiltemaskina I løpet av nokre timar søndags formiddag vart eit stort teppe ferdig quilta.

Lite dear jane teppe ferdig Eit av de små teppa vart heilt ferdig.

Ellers har eg jobba litt med den runde veska frå den japanske boka. Det er allereie venteliste på å låne boka, så skal eg få prøvd meg på noko av det som er i den, er det berre å henge i.

Handsaum frå den japanske boka Foreløpig ser det slik ut. Fyrstikkeska viser kor smått det er. Kvar blome er sett saman av sju sekskantar. Eg har kjøpt ferdige sekskantar i papir og tråkla stoffet fast rundt dei. Bittesmå bitar, og jammen tek det si tid å sy dei saman! Det vert nok ingen storproduksjon av slike vesker for min del.

februar 12, 2008 Posted by | Lappeteknikk | Kommenter innlegget

Tyvek og angelina

For ei tid tilbake var eg på kurs i regi av lappeklubben. Vi skulle nytte tyvek og angelina, to ting som var heilt framande og nye for meg. Biletet under viser biletet eg laga på kurset. Det har vorte liggande nesten ferdig ei stund, men i kveld tok eg meg saman og fullførte det. Det er ei viss fare for å pådra seg store haugar med UFO’ar, fordi at det alltid dukkar opp nye og spanande prosjekt som ein har lyst å ta til på før ein har somla seg til å gjere ferdig det ein held på med. For dei uinvidde kan eg fortelle at ein UFO er eit UFerdig Objekt 🙂 .

Tyvek og angelina

Tyvek er eit petrokjemisk stoff som toler ein del slitasje og vatn. Når det vert utsett for varme vil det krympe og boble. Til å lage hjerta, måla vi på tyek med diverse fargar med skimmer i. Etter at målinga var tørka vart det brukt varmluftspistol på baksida av tyveken, slik at den bobla seg. Hjerta vart klipt ut etterpå.

Angelina er nokre tynne fibrar som reagerer med varme, og når vi stryk tynne lag av desse fibrane klebar dei seg saman med kvarandre. Dei klebar kun til seg sjølv, slik at det ikkje er noko fare for at det skal henge seg fast i dei andre tekstilane ein jobbar med. Eg kombinerte rosa og gule angelinafiber. Det er angelinaen du ser bak hjerta. For at den skal henge på plass, frihandsquilta eg med hjerter.

Til slutt vart biletet pynta med diverse perler.

februar 7, 2008 Posted by | Lappeteknikk | 3 kommentarar

Mobilveske og andre fristelsar

I går var det lappeklubb. Prosjektet denne gongen var ei veske til mobiltelefonen. Ei av medlemmene har laga modellen, og viste oss andre korleis det skulle gjerast.

Mobilveske Slik vart mi sjåandes ut. Den har ei hendig snor med ein metallring i eine enden, og ein karabinkrok i andre enden, slik at den kan hektast fast rundt til dømes handtaket på veska. Ideen er at den skal henge på innsida av veska, slik at den er enkel å fiske opp når den ringer. Genialt eigentleg, for det er ganske typisk meg å ikkje finne telefonen imellom alt rotet i veska før den har slutta å ringe.

Klubben vår har eit rikhaldig bibliotek med lappe-og quiltebøker. Ei av dei nyaste fekk eg låne denne gongen. Biletet under viser boka, desverre umulig for meg å finne ut kva forfattaren heiter, då alt står med japanske teikn. Også inne i boka står det på japansk, så det kan nok by på litt problem å forstå mønstera. Det blir nok prøving og feiling.

Japansk lappebok       Rund veske i japansk bok 

Eit eksempel på alt det lekre ein kan lage kan være den runde veska.  Blomstrane rundt kanten er sydd saman av stoffbitar sydd rundt åttekantar, og loket er sydd saman av stoff sydd rundt kiler til eit blomstermotiv. Sikkert mykje pirk, men det hadde vore artig å prøve. Skal studere boka litt nærare, så dåkke skal ikkje sjå vekk i frå at det snart dukkar opp eit prosjekt med inspirasjon herifrå.

Alle bileta er klikkbare.

februar 6, 2008 Posted by | Lappeteknikk | Kommenter innlegget