Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Tyvek og angelina

For ei tid tilbake var eg på kurs i regi av lappeklubben. Vi skulle nytte tyvek og angelina, to ting som var heilt framande og nye for meg. Biletet under viser biletet eg laga på kurset. Det har vorte liggande nesten ferdig ei stund, men i kveld tok eg meg saman og fullførte det. Det er ei viss fare for å pådra seg store haugar med UFO’ar, fordi at det alltid dukkar opp nye og spanande prosjekt som ein har lyst å ta til på før ein har somla seg til å gjere ferdig det ein held på med. For dei uinvidde kan eg fortelle at ein UFO er eit UFerdig Objekt 🙂 .

Tyvek og angelina

Tyvek er eit petrokjemisk stoff som toler ein del slitasje og vatn. Når det vert utsett for varme vil det krympe og boble. Til å lage hjerta, måla vi på tyek med diverse fargar med skimmer i. Etter at målinga var tørka vart det brukt varmluftspistol på baksida av tyveken, slik at den bobla seg. Hjerta vart klipt ut etterpå.

Angelina er nokre tynne fibrar som reagerer med varme, og når vi stryk tynne lag av desse fibrane klebar dei seg saman med kvarandre. Dei klebar kun til seg sjølv, slik at det ikkje er noko fare for at det skal henge seg fast i dei andre tekstilane ein jobbar med. Eg kombinerte rosa og gule angelinafiber. Det er angelinaen du ser bak hjerta. For at den skal henge på plass, frihandsquilta eg med hjerter.

Til slutt vart biletet pynta med diverse perler.

Advertisements

februar 7, 2008 - Posted by | Lappeteknikk

3 kommentarar »

  1. Hei! Fant deg hos Julianns tid, og jeg forstår at dere er med i samme klubb! Så mye fint dere lager, jeg er ikke noe flink med håndarbeide men pröver litt ibland likevel 😉 Sikkert fint å gå i sammen og treffes, da kan man jo inspirere hverandre og läre av hverandre!

    Ha en finfin uke!

    //Gry (har lukket blogg hvis du lurer på hvorfor det ikke går å komme in på min…)

    Kommentar av Gry | februar 11, 2008 | Svar

  2. Det er kjempebra å være med i lappeklubben! Problemet er kanskje at ein får så mykje inspirasjon av dei andre at ein ikkje får tid å prøve seg på alt ein har lyst til.

    Det er forresten ikkje så viktig å være veldig flink med handarbeid, det viktigaste er at ein har det kjekt med det ein styrar med! Ein må ikkje miste motet om ein synest ein ikkje får det til.

    Kjekt at du kikkar innom!:)

    Kommentar av eling | februar 11, 2008 | Svar

  3. Hei
    Velkommen som bloggar. Kjekt at fleire i klubben hiv seg på bloggebølga:-)

    Kommentar av Tiril sol | februar 12, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: