Oppussing på gang
For at dåkke som stikk innom her med jevne mellomrom ikkje skal tru at eg har gått i dvale, skal eg vise dåkke kva eg styrar med, sjølv om det ikkje har med hage eller lappeteknikk å gjere.
Huset vi bur i er haugammalt (60 år), og har difor godt av renovering etter kvart. Akkurat no er det eit av bada som skal til pers. Eg har lova å rive, viss gubben snekrar opp att. Eg nærmar meg slutten på rivningsprosjektet.
Slik såg badet ut før eg starta på prosjektet.
Bilde tatt på samme stad i dag.
Då huset vart bygd var dette rommet antageligvis eit soverom. I ettertid har det blitt gjordt om til bad. Det er kanskje difor det har vorte nytta ein noko kreativ metode for å få kloakkrøra fram til der slukane skulle være. Nærbilde av kloakkrør gjennom bærebjelke. Kanskje ikkje så rart det er svikt i golvet når vi går.
Eit anna fenomen her i huset er at det er så mykje Leire i golvet over alt. Eg er litt usikker på kva tanken med å fylle opp med leire var. Ein tanke er at dei kanskje måtte kvitte seg med all leiren dei grov opp når huset skulle byggjast. Det vart sikkert eit avfallsproblem som måtte løysast på fornuftig vis. Spørsmålet er om det var fornuftig. Kva nytte gjer dei i golva mine? Held dei på varmen? (kjennest ikkje slik ut), eller verkar dei brannhemmande mellom etasjane? (har ikkje tenkt å sjekke…..).
Der er fortsatt ein del att av golvet å rive, og nokre hundre kilo leire å bære før snekkaren slepp til….
Merkelig med den leira hos deg,…. kanskje dei hadde tenkt å lage klinkerflis men gløymde å brenne den… Skal bli kjekt å følge med på prosjektet ditt, eg likar så godt å sjå kor kreative folk er ang oppussing og val av fargar og materiale.
Har ikkje kommentert her før, så no må eg sjå kor ditt system virkar!
Leira er nok ikkje noko unikt fenomen i vårt hus. Har høyrt om mange andre som har leire i golv/tak, så det var nok ganske vanleg ei tid. Desverre noko dr… å fjerne når behovet for det dukkar opp.
Det kjem nok meir bilete etter kvart som arbeidet skrid fram, har funne mange fine interiørlinkar i bloggen din, så eg har massevis av inspirasjon…
Hei Elin, Leira var nok til isolasjon og lyddemping mellom etasjene. Du må ikke kaste den. Har stor verdi for pottemakerne, det er bare å blande inn litt vann og sette i gang med forming.
Bjørn.
[…] Viss du lurar på korleis badet såg ut før vi starta på prosjektet, kan du lese her […]
Tilbakeping av Begivenhetsrik helg « Eling’s hobbyblogg | juni 15, 2008 |