Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Lommetøflar

For eit par veker sidan fortalde systra mi at ho hadde strikka noko ho kalla lommetøflar. Eg forstod ikkje heilt kva ho snakka om,  sjølv om ho etter beste evne prøvde å forklare meg. Ho ba meg finne det på internett, der ville eg heilt sikkert finne oppskrifta på tøflane, for det var visstnok dette «alle» strikka for tida…..  Alle, unntatt meg???  Nei, denslags går berre ikkje! 

Eit kjapt søk viste meg at det faktisk er slik at «alle» strikka lommetøflar for tida.

Lommetøflar

Oppskrift:
Eg har brukt Mor Åse garn og pinnar nr. 4.
Legg opp 5 masker, strikk 6 pinner rettstrikk fram og tilbake.
Deretter aukar du  med 1 maske i starten av kvar omgang til det er 22 masker på pinnen.
På neste pinne aukar du til det dobbelte, altså tilsaman 44 masker på pinnen.
Vidare strikkast 15 cm vrangbord med 2rett og 2vrang.
Så strikkar du 2 og 2 masker saman slik at du får 22 masker att på pinnen. Fortsett så å felle 1 maske i starten av kvar pinne  til du har att 5 masker.
Strikk 6 pinner og fell til slutt av.

Sy saman dei to kortaste endane og sidekantane på vrangborda, og vips, så har du ein artig liten tøffel. Om du ikkje har anna å finne på, så har du nok strikka eit par slike på ein god føremiddag. Ved å variere litt på størrelsen på pinnane, kan du variere på størrelsen på tøflane. Dei er svært tøyelige, men desse vil eg påstå passar til  ca str 38-40. I andre bloggar har eg sett at ein har pynta oppå bandet som går over rista med søte små kuler eller blomster i kontrastfargar. Det ser skikkelig fint ut. Eg har valgt å ikkje pynte dei, av di dei då kan nyttast nedi støvlar.

Lommetøflar 2 Slik ser dei altså ut når dei er ferdige. Liknar i grunn ikkje så mykje på eit fottøy.

Det beste med heile prosjektet er at no har faktisk eg også strikka lommetøflar…. eg er altså igjen ein av «alle»…….

Advertisements

februar 29, 2008 - Posted by | Handarbeid

3 kommentarar »

  1. nei, så fine. det er jo akkurat same fargen som eg strikka til Henni… ho brukar dei også i sko. eg skulle jo strikke eit par til i ein litt klar rosa farge, men der fekk eg til slutt berre ein tøffel. du må ikkje tru TJ (2,5 år)slutta å klippe garn den kvelden eg snakka med deg. neida, neste dag tok han seg nok ein gong den kunstneriske friheita å klippe opp resten. eg får sjå på det som motorisk trening…

    Kommentar av tove | mars 1, 2008 | Svar

  2. Eg veit eg ikkje burde le, men den guten gjer visst aldri opp……
    Om ikkje anna, så er det fint at han viser intresse for handtverk.

    Kommentar av eling | mars 1, 2008 | Svar

  3. Det ser ut som fine tøflar. Etter kvart så har eg då forstått korfor dei heiter lommetøffel. Og du, her er ei som ikkje har strikka, enda….

    Kommentar av Tiril sol | mars 3, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: