Regionstreffet
Regionstreffet som Nordfjord lappe og quilteklubb arrangerte var virkelig kjekt. Eg reiste selvfølgelig avgarde uten kamera, så eg har desverre ikkje bilete frå dagen å vise fram. Eg tillet meg å vise til eit par bloggar som har fine bilete rå treffet: Haldis sin blogg http://www.haldis-quilteblogg.blogspot.com/, og Strikkemor(o) sin: http://hildebjorg.blogspot.com/ .
Hanne Schneider heldt eit intressant foredrag om Dear Jane si historie. Ho bobla over av iver etter å fortelje oss alt ho kunne om temaet, og det var slett ikkje lite. Det er fascinerande kor mykje som kan komme ut av at ei dame har laga eit teppe langt tilbake i tid. Ikkje minst er det svært fascinerande når folk vert så engasjerte i det dei styrar med som ho var. Det er nesten som eg kunne få lyst å sy meg eit Dear Jane teppe sjølv…….. Neida, berre tulla, men inspirasjon får ein i bøtter og spann av slike dagar!
Hovudgevinstane på lotteriet vårt var 3 tepper som klubbmedlemmane har sydd av blokker frå Dear Jane. Eit av dei var teppet på biletet her. Loddsalet tok verkeleg av, så det vert bra inntekt for klubben. Kjekt at medlemmene får igjen for innsatsen dei har lagt ned for å få til desse teppa.
Kan nokon fortelje meg korleis eg skal linke til f.eks andre bloggar, slik at eg kan skrive navnet til bloggeigaren, og så kan den som vil klikke på navnet og få fram bloggen? (Eh… var det nokon som forstod kva eg meinte her skal tru??)
Kva kan ein nytte mønstra stoff til?
I fleire år har eg hatt liggjande eit stoff med flymønster på. Når ein går i butikken, så hender det rett som det er at ein fell for eit eller anna stoff med flotte mønster på, så kjøper ein det utan tanke for kva det skal nyttast til. Og kva i alle dagar skal eg no med eit slikt stoff?? Det vert liksom litt for spesielt til at ein klarar å nytte det i ein løpar eller liknande. Eg har fleire eksempel på slike kjøp. Blant anna dette fiskestoffet som du kan sjå ein bit av i midten. Fiskestoffet vart det rett nok ein løpar av, men kor i all verden skal ein nytte ei slik fargebombe?
Om eg ikkje er så fornøygd med fargevalget i løparen, så er eg i alle fall fornøygd med quiltinga. Om du dobbeltklikkar på biletet under, vert det større, slik at du kan sjå detaljane betre.
Om du ser godt etter kan du sjå at der er quilta ein fisk på tvers av rutene. I alt er det er quilta fire slike fiskar på duken.
Tilbake til det opprinnelege temaet: flystoffet.
Gutungen er invitert til bursdagsfeiring i morgon, så då fann eg ut at ei lita veske i flystoff må vel være perfekt til ein gut som fyller 11 år. Den er sydd etter samme mønster som dei andre veskene eg har skrive om her tidlegare. Etter ein del år kom endeleg stoffet til nytte, og eg trur nok guten kjem til å verte fornøygd med gåva si.
På søndag arrangerer Nordfjord lappe og quilteklubb ( http://nlq2007.blogspot.com/) Regionstreff på Stårheim. Klikk på linken og les meir om kva som skal gå føre seg. Her blir det også mogelegheiter for dei som ikkje er påmeldte til å komme å sjå på utstillinga vår, og til å ta seg ein kopp kaffi og ein kakebit i kafeen vår.
God helg til alle som stikk innom bloggen!
Bursdagspresang i ein fei
Ei lita økt på hobbyrommet i går vart til denne toalettveska som svigerinda mi skal få i bursdagspresang. Mønsteret til slike vesker har eg funne i Lise Bergene si bok Lapper- stort og smått. Dette er av dei småveskene eg har likt best å lage. Dei er svært enkle å sy, samstundes som dei er gode i bruk. Eg har laga ein del av desse dei siste åra, og dei fleste har i likheit med denne blitt til presangar til vener og kjende.Her er to små vesker som eg har vist på bloggen tidlegare. Dei er laga etter samme mønster, men i ein heilt annan størrelse.
Viss du vart nysgjerrig på kva som låg under toalettveska så er det altså påskeløparen min som du ser nærbilete av her. Det er nokre år sidan eg sydde denne, så eg hugsar ikkje kor mønsteret er henta frå. Truleg er det funne i eit vekeblad, for eg finn det ikkje i nokre av Quiltemagasina eller bøkene eg har. Det er mitt første handquilta arbeid. Haren er sydd på med maskin, med berre litt dekor som handsaum. Dei firkanta blokkene som dannar sjølve duken er derimot handquilta. Det tek sjølvsagt ein del meir tid, men det gjev duken eit heilt anna preg enn om den vert quilta på maskin. Eg hugsar at eg sat på nattevakter på jobben og quilta i rolege stunder.
Til slutt ei bittelita, diskré bursdagshelsing til mannen min som har bursdag i dag. Gratulerer med dagen!
Påskekikk i planterommet
Med dette biletet av Porselensblomsten som blomstrar i kjøkenvindauget mitt ynskjer eg alle som er innom bloggen ei riktig god påske!
I planterommet kosar praktspraglene seg under det gule lyset. Desse plantane er det nok mange som kjenner att frå stovevindauga i barndomsheimen. Tidlegare var dette ein svært vanleg stoveplante. I seinare tid har den vore mindre brukt, før den igjen har fått sin renessanse dei siste åra. Praktspraglene blir no ofte brukt som eittårig hageplante, og gjer seg like godt i beda som i potter og krukker. Dei vakre blada gjer planten dekorativ heile sesongen. Der finnst eit uttal variantar av planten. Bladfargane kan variere frå heilt lyse grøne einsfarga til mørk burgunder. Planten er lett å drive fram frå frø, men mi erfaring er at den er sart i det den skal herdast til utelivet. I fjor døydde ein del av småplantane mine fordi at eg ikkje klarte å gje dei gode nok tilhøve når dei skulle venne seg til utelivet. Derfor er det greit å ha mange eksemplar, slik at eg i alle fall kan klare å behalde eit par-tre eksemplar…….
Fuchsia Mood indigo og Wassernimpfe har klart overvintringa i kjellaren. Begge to skal få eit par-tre veker til på seg, så tenkjer eg at det er på tide å klippe dei ned. Avklippet vil eg prøve å ta stiklingar av. Eg veit ikkje kor lette desse to er å ta avleggjarar av, men det må i alle fall prøvast. Fuchsiaen er jo ein ypparleg vestlandsplante, av di den finn seg i ein del regn og fuktig veir.
Har også lurt meg til ein tur innom hobbyrommet i dag, men det kjem eg attende til i morgon……..
Marsmallowskake
Forrige veke smakte eg ei vanvittig god dessertkake. Då eg fortalte om kaka vart eg oppmoda om å legge oppskrifta inn på bloggen. No har eg ikkje fått tak i oppskrifta, så eg har berre prøvd meg fram. Kaka er glutenfri, men diabetikarar bør halde seg langt unna!! Det utvalgte testpanelet var styret i hagelaget som var hjå meg på styremøte i kveld. Alle godkjende kaka, så då tør eg komme med oppskrifta her.
1. Finn fram alle ingrediensane:
Marsmallows, 1 dobbel Dajm, vaniljekrem, 2 pk kremfløyte, appelsingele, Valnøtter, Jacobsens bringebærsylte, 7-8 gelatinplater.
2. Lag gele etter anvisning på pakken
Lat geleen bli godt avkjølt, og ha den i ei 26 cm springform. Om geleen er for tyntflytande, vil den renne ut skøytane på springforma (slik det gjorde hjå meg, og eg kan love at det vert eit #»&%¤&=!! søl!).
3.Medan du ventar på at geleen skal stivne kan du Klippe Marsmallows, eller du kan sjølvsagt bruke ein skarp kniv om du synest det er greiare. Marsmallows er klissete greier, så det er best å utstyre seg med ein rein klut som du kan tørke av saksa eller kniven med.
4. Etter laget med gele skal det være eit lag vaniljekrem. Eg valgte Freia sin, som eg vispa i melk. Du kan selvfølgelig velge den ferdiglaga vaniljekremen, men eg tykkjer faktisk at denne smakar hakket betre.
5. Legg gelatinplatene i kaldt vatn i nokre minutt. Visp kremen. Ta så opp gelatinplatene og klem av vatnet, og løys opp med eit par ss kokande vatn. Dette blandar du så i kremen. Rør inn Marsmallowsbitane i kremen. Eg brukte ikkje sukker i kremen, av di Marsmallows inneheld mengder av sukker.
Legg så halvparten av Marsmallowskremen som eit lag over vaniljekremen.
6. Over dette igjen skal det være eit lag med Jacobsen bringebærsylte. For dei som ikkje får tak i dette eksklusive nisjeproduktet kan det sikkert nyttast bringebærsylte av anna fabrikat. Då kan eg diverre ikkje garantere for resultatet…
Sånn ser det ut med skikkelig sylte i kaka.
7. Legg eit lag med resten av Marsmallowskremen over sylta.
8. Legg Dajmsjokoladen i ein pose og hakk den med ei tresleiv til du har fått passelig små bitar. Hakk opp valnøtter. Dajm og valnøtter dryssast på toppen av kaka.
9. Vær om deg dersom du skal ta bilete av den ferdige kaka, for den er oppeten før du veit ordet av det…..
Artige tova vottar
Desse vottane er strikka av Popcorn og Toppull. Opprinneleg hadde eg kjøpt garn til å strikke eit par med brune og grå dottar og eit par med rosa og orange dottar. Medan eg sat og såg det norske herrelandslaget spele handball for litt sida, strikka eg vott nr 2 av det rosa paret. Då den fryktelig spennande handballkampen var ferdig, oppdaga eg at eg i min iver etter å følge med på handballkampen hadde klart å strikke vott nr to akkurat lik vott nr 1….. , altså sat eg der med to høgrevottar! Eg orka ikkje å rekke opp att, fordi dottane heng seg opp i maskene. I staden fekk eg tak i nytt garn og strikka eit par venstrevottar i tillegg.
No er alle tre vottepara ferdig tova. Eg putta dei i vaskemaskina med ein kork grønnsåpe i vaskevatnet og sette maskina på finvask 60 grader. Toving i maskin er litt vanskeleg å berekne, men eg er godt fornøygd med resultatet.
Frødykk i HagEgal’s omreisande frøboks
Hageforumet HagEgal www.hagegal.no har for seg mykje rart, for det meste gjeld det hage og plantar, men slett ikkje alltid. I går var det hage det handla om, då låg der ein spennande pakke i postkassa mi. Det var den etterlengta omreisande frøboksen som kom. Den har reist land og strand rundt med posten. Undervegs har alle som har hatt boksen bytta til seg det dei har funne intressant, og selvfølgelig putta nye frø nedi boksen før den vart vidaresendt. I går var det endelig min tur!
Det er ein av medlemmene på forumet som har lagt pakkar med frø i boksen, og sender den rundt til oss andre som har meldt oss på. Boksen vert sendt til alle som står på lista etter tur. Som ein av dei siste på lista, syntest eg ventetida var lang. Eg rigga meg til med frøboks, kaffi, tente lys og google bildesøk på pc’en. Det var mykje meir spennande å åpne denne pakken enn dei vanlege frøpakkane eg har fått når eg har bestilt frø. Der var alt frå heilt enkle, vanlege tagetes til dei mest eksotiske plantar og tred. Eg begrensa meg og plukka ut berre nokre få sortar som eg trur eg kan få til: Purpur grønnkål, ridderspore «the pinks», clematis fusca eller crispa ( håpar på fusca, den såg jo berre rålekker ut på bileta) og clematis potaninii.
Nok ein gong opplever eg at det er umulig å laste opp bileta slik at dåkke andre kan få sjå. Eg forstår rett og slett ikkje kvifor ikkje bileta viser når eg lastar dei opp. Opplastinga har vore gjordt på akkurat same måte som tidlegare bilete eg har publisert. Viss nokon har ei god forklaring på kva som skjer, er eg svært glad for ei tilbakemelding!
Som plaster på såret for manglande bilete frå frøbyttinga mi, legg eg inn dette av den flotte klatrerosa Parkdirektør riggers. Denne er ei av tre roser som mannen min grov opp ved grunnmuren av eit hus som skulle rivast. Vi visste ikkje kva roser det var, men gleda var stor då denne nydelige rose sprang ut i fjor!
I planterommet
Brugmansiaen på biletet over har overvintra i kjellaren. Den gulaktige fargen kjem av at plantelyset dei står under er gult som sola. Det er første gong eg prøvar å overvintre desse, og det er selvfølgelig svært kjekt å sjå at dei vaknar til liv etter vinterdvalen. To av brugmansiane mine ser ut til å ha klart seg. Den eine er litt sein med å spire, men den kjem seg litt for kvar dag som går. Veit ikkje kva farge det er på denne, har selvfølgelig klart å surre vekk navnelappane. Uansett kva for ein farge dei har, så er brugmansiaen ein fantastisk plante! Den har enorme, hengande klokkeforma blomster. Om ein passar på å gje nok vatn og gjødsel gjennom sommaren, vert det massevis av blomster på dei.
Nikotianaen veks også svært godt. Kanskje litt for godt, sidan det er lenge til eg kan plante dei ut. Den på biletet er limegrøn i fargen. Frøa har eg fått av ei som har plukka dei i sin hage. Det er absolutt ikkje noko å seie på spireevna.
I dag har eg prikla Impatiens wallerina (flittiglise) og Delphinium butterfly (ridderspore) i dag. Det er ikkje tvil om at eg kjem til å få plassmangel på planterommet i år også. Eit stort sjølvvatningsbrett er fullt allereie, og eg er ikkje ferdig med priklinga og såinga.
I denne pyramiden er det 50 nyvaska potter. Dei fleste brukte eg opp i dag. Der er minst to småplantar i kvar av dei, og i nokre er der opp til 5, alt etter kor store plantane er. I tillegg så er det mange potter etter forrige prikleøkt. Jepp…ingen tvil om at det vert for mange i år også…..