Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

I planterommet

 prikling-002.jpg

Brugmansiaen på biletet over har overvintra i kjellaren. Den gulaktige fargen kjem av at plantelyset dei står under er gult som sola.  Det er første gong eg prøvar å overvintre desse, og det er selvfølgelig svært kjekt å sjå at dei vaknar til liv etter vinterdvalen. To av brugmansiane mine ser ut til å ha klart seg. Den eine er litt sein med å spire, men den kjem seg litt for kvar dag som går. Veit ikkje kva farge det er på denne, har selvfølgelig klart å surre vekk navnelappane. Uansett kva for ein farge dei har, så er brugmansiaen ein fantastisk plante! Den har enorme, hengande klokkeforma blomster. Om ein passar på å gje nok vatn og gjødsel gjennom sommaren, vert det massevis av blomster på dei.

prikling-003.jpg Nikotianaen veks også svært godt. Kanskje litt for godt, sidan det er lenge til eg kan plante dei ut. Den på biletet er limegrøn i fargen. Frøa har eg fått av ei som har plukka dei i sin hage. Det er absolutt ikkje noko å seie på spireevna.

I dag har eg prikla Impatiens wallerina (flittiglise) og Delphinium butterfly (ridderspore) i dag. Det er ikkje tvil om at eg kjem til å få plassmangel på planterommet i år også. Eit stort sjølvvatningsbrett er fullt allereie, og eg er ikkje ferdig med priklinga og såinga.

prikling-001.jpg I denne pyramiden er det 50 nyvaska potter. Dei fleste brukte eg opp i dag. Der er minst to småplantar i kvar av dei, og i nokre er der opp til 5, alt etter kor store plantane er. I tillegg så er det mange potter etter forrige prikleøkt. Jepp…ingen tvil om at det vert for mange i år også…..

Reklame

mars 3, 2008 - Posted by | Hage

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: