Frødykk i HagEgal’s omreisande frøboks
Hageforumet HagEgal www.hagegal.no har for seg mykje rart, for det meste gjeld det hage og plantar, men slett ikkje alltid. I går var det hage det handla om, då låg der ein spennande pakke i postkassa mi. Det var den etterlengta omreisande frøboksen som kom. Den har reist land og strand rundt med posten. Undervegs har alle som har hatt boksen bytta til seg det dei har funne intressant, og selvfølgelig putta nye frø nedi boksen før den vart vidaresendt. I går var det endelig min tur!
Det er ein av medlemmene på forumet som har lagt pakkar med frø i boksen, og sender den rundt til oss andre som har meldt oss på. Boksen vert sendt til alle som står på lista etter tur. Som ein av dei siste på lista, syntest eg ventetida var lang. Eg rigga meg til med frøboks, kaffi, tente lys og google bildesøk på pc’en. Det var mykje meir spennande å åpne denne pakken enn dei vanlege frøpakkane eg har fått når eg har bestilt frø. Der var alt frå heilt enkle, vanlege tagetes til dei mest eksotiske plantar og tred. Eg begrensa meg og plukka ut berre nokre få sortar som eg trur eg kan få til: Purpur grønnkål, ridderspore «the pinks», clematis fusca eller crispa ( håpar på fusca, den såg jo berre rålekker ut på bileta) og clematis potaninii.
Nok ein gong opplever eg at det er umulig å laste opp bileta slik at dåkke andre kan få sjå. Eg forstår rett og slett ikkje kvifor ikkje bileta viser når eg lastar dei opp. Opplastinga har vore gjordt på akkurat same måte som tidlegare bilete eg har publisert. Viss nokon har ei god forklaring på kva som skjer, er eg svært glad for ei tilbakemelding!
Som plaster på såret for manglande bilete frå frøbyttinga mi, legg eg inn dette av den flotte klatrerosa Parkdirektør riggers. Denne er ei av tre roser som mannen min grov opp ved grunnmuren av eit hus som skulle rivast. Vi visste ikkje kva roser det var, men gleda var stor då denne nydelige rose sprang ut i fjor!