Marsmallowskake
Forrige veke smakte eg ei vanvittig god dessertkake. Då eg fortalte om kaka vart eg oppmoda om å legge oppskrifta inn på bloggen. No har eg ikkje fått tak i oppskrifta, så eg har berre prøvd meg fram. Kaka er glutenfri, men diabetikarar bør halde seg langt unna!! Det utvalgte testpanelet var styret i hagelaget som var hjå meg på styremøte i kveld. Alle godkjende kaka, så då tør eg komme med oppskrifta her.
1. Finn fram alle ingrediensane:
Marsmallows, 1 dobbel Dajm, vaniljekrem, 2 pk kremfløyte, appelsingele, Valnøtter, Jacobsens bringebærsylte, 7-8 gelatinplater.
2. Lag gele etter anvisning på pakken
Lat geleen bli godt avkjølt, og ha den i ei 26 cm springform. Om geleen er for tyntflytande, vil den renne ut skøytane på springforma (slik det gjorde hjå meg, og eg kan love at det vert eit #»&%¤&=!! søl!).
3.Medan du ventar på at geleen skal stivne kan du Klippe Marsmallows, eller du kan sjølvsagt bruke ein skarp kniv om du synest det er greiare. Marsmallows er klissete greier, så det er best å utstyre seg med ein rein klut som du kan tørke av saksa eller kniven med.
4. Etter laget med gele skal det være eit lag vaniljekrem. Eg valgte Freia sin, som eg vispa i melk. Du kan selvfølgelig velge den ferdiglaga vaniljekremen, men eg tykkjer faktisk at denne smakar hakket betre.
5. Legg gelatinplatene i kaldt vatn i nokre minutt. Visp kremen. Ta så opp gelatinplatene og klem av vatnet, og løys opp med eit par ss kokande vatn. Dette blandar du så i kremen. Rør inn Marsmallowsbitane i kremen. Eg brukte ikkje sukker i kremen, av di Marsmallows inneheld mengder av sukker.
Legg så halvparten av Marsmallowskremen som eit lag over vaniljekremen.
6. Over dette igjen skal det være eit lag med Jacobsen bringebærsylte. For dei som ikkje får tak i dette eksklusive nisjeproduktet kan det sikkert nyttast bringebærsylte av anna fabrikat. Då kan eg diverre ikkje garantere for resultatet…
Sånn ser det ut med skikkelig sylte i kaka.
7. Legg eit lag med resten av Marsmallowskremen over sylta.
8. Legg Dajmsjokoladen i ein pose og hakk den med ei tresleiv til du har fått passelig små bitar. Hakk opp valnøtter. Dajm og valnøtter dryssast på toppen av kaka.
9. Vær om deg dersom du skal ta bilete av den ferdige kaka, for den er oppeten før du veit ordet av det…..
Hei, kunne tenkt meg en bit av den der:) Kan jeg få smake nestegang vi kommer til Eid?
Svært sannsynleg at denne kaka vert laga fleire gonger, ja..
Du skal ikkje sjå vekk i frå at det kan bli ein smak å få.
Mmmmm, ei påskekake i sikte!
Skal lage kaka di i dag!!! Men eg er no litt spent på korleis det ser ut på frøspirerommet ditt eg…….. litt grønt???