Påskekikk i planterommet
Med dette biletet av Porselensblomsten som blomstrar i kjøkenvindauget mitt ynskjer eg alle som er innom bloggen ei riktig god påske!
I planterommet kosar praktspraglene seg under det gule lyset. Desse plantane er det nok mange som kjenner att frå stovevindauga i barndomsheimen. Tidlegare var dette ein svært vanleg stoveplante. I seinare tid har den vore mindre brukt, før den igjen har fått sin renessanse dei siste åra. Praktspraglene blir no ofte brukt som eittårig hageplante, og gjer seg like godt i beda som i potter og krukker. Dei vakre blada gjer planten dekorativ heile sesongen. Der finnst eit uttal variantar av planten. Bladfargane kan variere frå heilt lyse grøne einsfarga til mørk burgunder. Planten er lett å drive fram frå frø, men mi erfaring er at den er sart i det den skal herdast til utelivet. I fjor døydde ein del av småplantane mine fordi at eg ikkje klarte å gje dei gode nok tilhøve når dei skulle venne seg til utelivet. Derfor er det greit å ha mange eksemplar, slik at eg i alle fall kan klare å behalde eit par-tre eksemplar…….
Fuchsia Mood indigo og Wassernimpfe har klart overvintringa i kjellaren. Begge to skal få eit par-tre veker til på seg, så tenkjer eg at det er på tide å klippe dei ned. Avklippet vil eg prøve å ta stiklingar av. Eg veit ikkje kor lette desse to er å ta avleggjarar av, men det må i alle fall prøvast. Fuchsiaen er jo ein ypparleg vestlandsplante, av di den finn seg i ein del regn og fuktig veir.
Har også lurt meg til ein tur innom hobbyrommet i dag, men det kjem eg attende til i morgon……..