Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Påskekikk i planterommet

Hoja

Med dette biletet av Porselensblomsten som blomstrar i kjøkenvindauget mitt ynskjer eg alle som er innom bloggen ei riktig god påske! 

Praktspraglene kosar seg under plantelyset I planterommet kosar praktspraglene seg under det gule lyset.  Desse plantane er det nok mange som kjenner att frå stovevindauga i barndomsheimen. Tidlegare var dette ein svært vanleg stoveplante. I seinare tid har den vore mindre brukt, før den igjen har fått sin renessanse dei siste åra. Praktspraglene blir no ofte brukt som eittårig hageplante, og gjer seg like godt i beda som i potter og krukker. Dei vakre blada gjer planten dekorativ heile sesongen. Der finnst eit uttal variantar av planten. Bladfargane kan variere frå heilt lyse grøne einsfarga til mørk burgunder. Planten er lett å drive fram frå frø, men mi erfaring er at den er sart i det den skal herdast til utelivet. I fjor døydde ein del av småplantane mine fordi at eg ikkje klarte å gje dei gode nok tilhøve når dei skulle venne seg til utelivet.  Derfor er det greit å ha mange eksemplar, slik at eg  i alle fall kan klare å behalde eit par-tre eksemplar…….

Mood indigo og Wassernimpfe Fuchsia Mood indigo og Wassernimpfe har klart overvintringa i kjellaren. Begge to skal få eit par-tre veker til på seg, så tenkjer eg at det er på tide å klippe dei ned. Avklippet vil eg prøve å ta stiklingar av. Eg veit ikkje kor lette desse to er å ta avleggjarar av, men det må i alle  fall prøvast. Fuchsiaen er jo ein ypparleg vestlandsplante, av di den finn seg i ein del regn og fuktig veir.

Har også lurt meg til ein tur innom hobbyrommet i dag, men det kjem eg attende til i morgon……..

Advertisements

mars 22, 2008 - Posted by | Hage

Éin kommentar »

  1. Hei Elin,

    Fine blomster:) Kjekt å sjå kva du klarer å trylle fram.

    Kommentar av Roy | mars 26, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: