Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Bursdagspresang i ein fei

Blå toalettveske Ei lita økt på hobbyrommet i går vart til denne toalettveska som svigerinda mi skal få i bursdagspresang. Mønsteret til slike vesker har eg funne i Lise Bergene si bok Lapper- stort og smått. Dette er av dei småveskene eg har likt best å lage. Dei er svært enkle å sy, samstundes som dei er gode i bruk. Eg har laga ein del av desse dei siste åra, og dei fleste har i likheit med denne blitt til presangar til vener og kjende.Her er to små vesker som eg har vist på bloggen tidlegare. Dei er laga etter samme mønster, men i ein heilt annan størrelse.

Påskeharen Viss du vart nysgjerrig på kva som låg under toalettveska så er det altså påskeløparen min som du ser nærbilete av her. Det er nokre år sidan eg sydde denne, så eg hugsar ikkje kor mønsteret er henta frå. Truleg er det funne i eit vekeblad, for eg finn det ikkje i nokre av Quiltemagasina eller bøkene eg har. Det er mitt første handquilta arbeid.  Haren er sydd på med maskin, med berre litt dekor som handsaum. Dei firkanta blokkene som dannar sjølve duken er derimot handquilta. Det tek sjølvsagt ein del meir tid, men det gjev duken eit heilt anna preg enn om den vert quilta på maskin. Eg hugsar at eg sat på nattevakter på jobben og quilta i rolege stunder.

Til slutt ei bittelita, diskré bursdagshelsing til mannen min som har bursdag i dag. Gratulerer med dagen!

Reklame

mars 23, 2008 - Posted by | Lappeteknikk

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: