Kva kan ein nytte mønstra stoff til?
I fleire år har eg hatt liggjande eit stoff med flymønster på. Når ein går i butikken, så hender det rett som det er at ein fell for eit eller anna stoff med flotte mønster på, så kjøper ein det utan tanke for kva det skal nyttast til. Og kva i alle dagar skal eg no med eit slikt stoff?? Det vert liksom litt for spesielt til at ein klarar å nytte det i ein løpar eller liknande. Eg har fleire eksempel på slike kjøp. Blant anna dette fiskestoffet som du kan sjå ein bit av i midten. Fiskestoffet vart det rett nok ein løpar av, men kor i all verden skal ein nytte ei slik fargebombe?
Om eg ikkje er så fornøygd med fargevalget i løparen, så er eg i alle fall fornøygd med quiltinga. Om du dobbeltklikkar på biletet under, vert det større, slik at du kan sjå detaljane betre.
Om du ser godt etter kan du sjå at der er quilta ein fisk på tvers av rutene. I alt er det er quilta fire slike fiskar på duken.
Tilbake til det opprinnelege temaet: flystoffet.
Gutungen er invitert til bursdagsfeiring i morgon, så då fann eg ut at ei lita veske i flystoff må vel være perfekt til ein gut som fyller 11 år. Den er sydd etter samme mønster som dei andre veskene eg har skrive om her tidlegare. Etter ein del år kom endeleg stoffet til nytte, og eg trur nok guten kjem til å verte fornøygd med gåva si.
På søndag arrangerer Nordfjord lappe og quilteklubb ( http://nlq2007.blogspot.com/) Regionstreff på Stårheim. Klikk på linken og les meir om kva som skal gå føre seg. Her blir det også mogelegheiter for dei som ikkje er påmeldte til å komme å sjå på utstillinga vår, og til å ta seg ein kopp kaffi og ein kakebit i kafeen vår.
God helg til alle som stikk innom bloggen!
Sjå der ja, kjempe bra jobba 🙂 Bærre spør om du lurer på noke!
Det har ikkje vore problem når eg skal linke til bilete. Det er når eg skal linke til andre internettsider eg ikkje har fått til å linke skikkelig. Men berre sjå innlegg frå i dag, så skal du få sjå at eg har fått det til med god hjelp frå deg 🙂