Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Herlige stoff i posten

                                    

Sjekk dette lekre fuchsiastoffet! Kom over det på Desiree sine internettsider. Eit par matchande stoff måtte eg jo også ha 🙂 .

 Kjøpte også ein stoffpakke med fem skjønne rosa/brune stoff. Det underste brune stoffet er ein ekstrameter som ein får på kjøpet om ein handlar for over 500 kr. No er alle stoffa komne i vaskemaskina, slik at dei er vaska klare til bruk når regnveiret kjem. Akkurat no er det så fint ute at det er heilt uaktuelt å sitte inne å sy.

Reklame

april 23, 2008 Posted by | Lappeteknikk | 4 kommentarar

Sareptas krukke

 Arbeidet med denne haugen ved har visst blitt mitt ansvar. Gubben i huset har funne ut at å lø ved er kvinnfolkarbeid. At veden varmar to gonger er ein underdriven påstand. Først skal den sagast i skogen, så skal den fraktast heim, så skal den kappast til høvelege kubbar, så skal det løast opp, så skal det bærast i hus før fyring, så skal det fyrast…. Eg kan herved telje 6 arbeidsoperasjonar, dvs at veden varmar 6 gonger. Nokre påstår sågar at vedfyring bidreg til drivhuseffekten 😉 .

Denne vedhaugen er som Sareptas krukke. Eg plukkar og plukkar, men kan ikkje sjå at det vert noko mindre ved i haugen. Heldigvis ser eg at stabelen veks i vedskjulet, sjølv om ikkje vedhaugen minkar.

  Sånn såg det ut i vedskjulet då eg gav meg for dagen, så noko arbeid har blitt gjordt. Dåkke har heilt sikkert forstått at vedarbeidet slett ikkje er mitt favoritthagearbeid 😉 .

 Over til noko litt kjekkare: Dette er svart nyserot på veg opp av jorda. Den har utruleg flott bladverk, og det var det som var grunnen til at eg skaffa meg planten i si tid. Eg har enno ikkje sett den i blomst, så eg er spent på korleis den ser ut.

 I bedet attmed vegen står fire flotte klarblå anemoner. Om natta og når det er overskya lukkar blomsten seg, medan den spring heilt ut når det er sol.

Bloggstatistikken min viser at bloggen min har passert 3000 besøkande i dag. Eg tek det som eit teikn på at der er mange av dåkke der ute som finn noko av intresse her, sidan dåkke kjem attende gong etter gong. Takk for besøket, alle saman 🙂 !

april 21, 2008 Posted by | Hage | 3 kommentarar

Flotte nye hagestøvlar

 

I dag var eg for å handle sko til dottera mi. Då eg skulle betale, stod desse flotte støvlane på ei hylle ved disken og «ropte» på meg og ville vere med heim. Med desse støvlane og den flotte Lisbeth Dahl paraplyen eg fekk av systra mi til jul, er eg no klar for årets hagevandringar, uansett kva veir det vert 🙂 .

Sjølv om det er orden på skotøyet, så håpar eg no at det vert meir behov for solfaktor enn for pene støvlar denne sommaren.

 

 Veiret vore heilt fantastisk dei siste dagane, så no var det på tide å få ut hagemøblane. Det knallrosa møblemanget har kome på sin faste plass ved dukkestua. Bunnpris hadde 10-pakningar med små fiolar. Putta liksågodt alle ti i samme potta. Ingen grunn til å spare på blomsterfloren. Biletet vart desverre disig, truleg fordi sola held på å gå ned i bakgrunnen.

 Har toppa Nikotiana «deep purple». Toppane har stått i vatn i kjøkenvindauget i nokre dagar, og no blomstrar dei så flott. Nydelig farge!

april 18, 2008 Posted by | Hage | 2 kommentarar

Ekstrem forvandling

 Her er eit bilete av mitt kjære strykebord. Det har fulgt meg sidan hausten 1991. Eg kjøpte akkurat dette fordi det hadde så fine, sarte pastellfargar. Dessutan passa det godt til studentlommeboka mi. No har trekket etter kvart vorte so tynnslitt og holete, at strykejernet heng seg opp i det når eg stryk små ting. Dessutan er skumgummien laus, slik at eg har nesten rive det ut fleire gonger fordi at strykejernet har hengt seg fast i det.

I dag var altså dagen komen for ein overhaling av strykebordet. Nytt trekk vart handla inn, og i løpet av to minutt har eg altså fått meg eit flott nytt strykebord igjen 🙂

 Ai,ai,ai, så lekkert det blei! Eg måtte stryke eit par dukar med ein gong! 😉

april 16, 2008 Posted by | Diverse | 2 kommentarar

Kva har eg pusla med i det siste?

 Var ute i hagen og rydda litt i helga. Denne nydelige blåveisen er ein av dei første som stikk hovudet opp og blomstrar på nordsida av huset. Skikkelig søt er den, berre så synd eg ikkje klarar å ta sånne flotte nærsyntbilete som eg ser at nokre gjer. Prøvar så godt eg kan å finne ut kva slags innstillingar på kameraet som er bra til slike bilete, men det er vel ikkje til å stikke under ein stol at fotograf, det vert eg nok aldri 😉 .

  Under ein lønn og ei kryprose dukkar desse søte små opp. Virkelig kjekt å sjå desse no før løvet sprett på det som finst rundt.

Ja, så var det dei stoffa eg hadde leita fram i forrige innlegg….. Det kom inn forslag om at det kunne være ein plastposeholdar. Godt forslag, Tove, men ein av dei få tinga eg faktisk har god orden på her i huset er faktisk plastposane mine, så ein slik holdar treng eg faktisk ikkje 🙂 .

  Her har eg kutta stoffa i midtstykket i 3 cm remser og sydd saman. Så er remsene igjen kutta i 3 cm remser på tvers og sydd saman med ei rute forskyvning. På begge sider er der sydd på brunt linstoff, som er quilta med ca ein symaskinfots mellomrom.

  Dette er stykket sett frå ranga. Oppå der ligg ei lita veske eg sydde. Det er ein ekstradetalj i forhold til mønsteret eg nytta.

  Som nokre sikkert allereie har gjetta, så vart dette til slutt ei lita veske.  Dattera mi trudde eg skulle sy meg ei ny til arbeidsbruk, for den eg har var visst aldeles ut av mote….. Denne er nok alt for liten til slik bruk. Eg skal jo ha med meg så mykje rart når eg skal nokon plass, får ikkje plass til matpakka eingong oppi her. Det vert nok ei selskapsveske, tenker eg. Dattera mi meinte eg burde sy meg eit antrekk som passar veska….. Ja, ja, det vil no tida vise….

Mønsteret til veska har eg kjøpt frå Mias Quiltbod i Sverige. Det var grundige forklaringar og bilete til teksten i mønsteret, så dette egnar seg også for mindre erfarne syarar.

april 14, 2008 Posted by | Hage, Lappeteknikk | 3 kommentarar

Nye puter til godstolen

Dagen i dag starta med kald vind og sludd. Utover dagen kom veiret seg betraktelig, og sola kom fram etter kvart, men då var det for seint, for då hadde symaskina grepe fatt i meg 😉

Dagens prosjekt var å gjere ferdig eit par putetrekk som har lagt halvferdige på hobbyrommet ei tid. I utgangspunktet skulle det verte ein løpar, men den vart for stor, så då vart det to puter i staden. Desverre har eg ingen innerputer som passar akkurat no, så den eine har fått låne ei altfor lita innerpute til ære for fotografen. Skikkelig søte vart dei, om eg skal få seie det sjølv. Dei passar desverre svært dårleg i den stygge sofaen min, så dei skal få bu i denne stolen, trur eg.

  Før lukkekanten er det sydd på ein søt liten blondekant. Dersom du dobbeltklikkar på biletet under, ser du den betre.

 Til slutt hadde eg litt tid til overs, så eg leita fram stoff og starta på eit nytt prosjekt. Nokre av stoffa har eg nytta i putetrekka, og sidan dei var så flotte, fortsette eg likså godt med dei.

Kva dette skal bli?  Nei du får no jammen smøre deg med tålmodigheit ei stund til. Kjem tilbake med fleire bilete etter kvart. I følge dottera mi var det i alle fall på tide med ein ny sånn……

april 10, 2008 Posted by | Lappeteknikk | 5 kommentarar

Planterommet fyllast opp

 Som dåkke ser, så er det rimelig fullt i ein del av pottene på planterommet. Det er altså behov for prikling. I dag og i går har eg nytta ledige timar til å prikle småplantane og toppe dei. Sjølvvatningsbrettet var smekkfullt, så det var påkrevd med meir plass også. Dermed måtte eg til å ommøblere litt for å få plass til begge bretta. No er der plass til eit tredje brett når det vert behov for det. (Merk: når det blir behov, ikkje viss…..)

 Dette biletet vart definitivt teke i går når eg nett hadde starta jobben med å prikle, for det var så reint og ryddig rundt pottene. Når ein har drive på med dette ei stund, ligg der jord rundt om over alt. Plantane i pottene er Løvemunn. Legg merke til den grøne dungen ved sidan av pottene (om du dobbeltklikkar på biletet vert det større). Det er det som eg har toppa av plantane for at dei skal verte frodigare i veksten. Det er rimelig trasig å drive med topping, det verkar så brutalt å fjærne så mykje av planten.  Berre sjå kor pinglete plantane i pottene er etterpå. Trøsta er jo at det vert frodige, flotte plantar av det. Dessuten vert det romslegare på plantebrettet ei lita stund framover.

 Sånn ser det ut på planterommet no med to brett ved sidan av kvarandre. Ikkje mykje ledig plass på det nye brettet lenger, ser eg. Spørs om ikkje brett nr 3 bør leitast fram jo før jo heller. Der er nok av plantar som ventar på å verte prikla enno. Dessutan har eg sådd meir i dag…..

Dagens sådd er blå kantlobelia, rosa hengelobelia og eit par små potter basilikum.

 

april 6, 2008 Posted by | Hage | Kommenter innlegget

Den japanske toalettveska er ferdig

Rund veske i japansk bokDenne veska såg eg i ei japansk bok som lappeklubben vår har kjøpt inn til biblioteket vårt. Den var jo berre sååå søt, så den måtte prøvast. Eg må desverre innrømme at der er «enkelte» hol i japanskkunskapane mine. Difor har eg måtta gjette meg til ein del når det gjeld klipping og utføringa generelt.

Handsaum frå den japanske boka Massevis av små stoffbitar er sydd rundt små ferdigkjøpte 6-kanta pappbitar før desse igjen har blitt sydd saman for hand. Fyrstikkeska indikerer størrelsen på bitane. Litt av eit puslearbeid, men fint å ha i fanget når ein ser tv. Når alle 6-kantane var sydd saman, måtte papirmalane selvfølgelig plukkast ut, så la eg på vatt og bakstykke.  Deretter er det handquilta rundt inni alle sekskantane. Blomsten på loket er også sett saman av stoffbitar som er sydde rundt Pappmalar, og til slutt sydd for hand på eit maskinquilta underlag.

Før reinskjæring Dette er bitane eg starta dagen med i dag. Rundingen er papirbiten eg har brukt som mal til å klippe bunn og topp på veska. Det vart litt fikling før eg fekk saman alle delane. Det er ikkje akkurat enkelt å lage runde vesker, som attpåtil er runde når dei er ferdige. Å sy på glidelåsen var ikkje heilt enkelt, og det kunne nok blitt penare, men det får bli ein annan gong. Ikkje alt kan bli heilt perfekt med ein gong. Innsetjing av glidelåsar har aldri vore mi sterke side, desverre.

Den runde japanske veska Slik vart altså veska mi til slutt. Eg trur definitivt at av alle dei tinga eg har laga, er nok dette  det eg har brukt mest tid på i forhold til størrelsen det har. Jepp, eg trur eg er fornøygd med resultatet!

Til slutt i dag må eg berre takke Ronille som har vore så snill å hjelpe meg å linke på denne måten. Eg har vore innom bloggen hennar med jamne mellomrom, og sidan ho også nyttar wordpress, tok eg kontakt og spurde etter råd. Tusen takk for hjelpa 🙂 .

april 4, 2008 Posted by | Lappeteknikk | 4 kommentarar

Ein liten kikk i vårhagen

Det er første dagen i april, og då må vi vel snart kunne erklære at våren er her, enten den vil eller ikkje…..  I dag er det pent veir og sola har faktisk vore framme, om enn litt kjølig vind. Det passa fint med ei lita fotorunde i hagen. Det er kjekt å sjå kva som vågar seg opp over jordskorpa.

Planter i potte på trappa 

Det første stykke hagearbeid vart gjordt, nemlig å plante desse i potte på trappa. Eigentleg skulle dei setjast der før påske, men då vart det så kaldt og så mykje snø, at eg lot dei stå i kjellaren så lenge. No kjende eg derimot at det var absolutt på tide å leite fram litt vårfornemmelsar, så då var det berre å leite dei fram att.

Påskesnø Det er ikkje så lenge sidan dette biletet vart teke gjennom vindauget i stova. Nydelig fin påskesnø var det som kom, akkurat i rett tid til påske, for ein gongs skuld. I dag derimot er det berre små flekkar att av snøen, og rundtom i hagen strekkjer krokusane seg opp i plenen og innimellom i beda.

Små krokusar under rosebuskene Her til dømes kjem dei små løkplantane opp mellom ei bladlaus lønn og ei rosebusk. Det tek litt tid før det vert særleg med blad på desse buskene, så då er det kjekt at det kjem opp noko som lyser opp litt tidleg i sesongen også. Når krokusane her er ferdige å blomstre, skal det etter planen blomstre påskeliljer på same staden. Om ikkje eg hugsar heilt feil, så skal der være små tulipanar der også. Har sett løkane «etasjevis» slik at det skal verte litt å sjå på heile våren, heilt til bladverket frå buskene rundt dekkjer dei visnande løkplantane. Om det fungerer etter planen gjenstår å sjå….

Kuleprimula stikk så vidt opp over jorda Ein liten favoritt om våren har blitt kuleprimulaen. Den er fin heilt frå den stikk nasen over jordskorpa. Berre sjå på biletet! Etter kvart som ein kjem lenger ut på våren kjem der opp ein lang stilk med den flotte kula med blomsten på toppen.

april 1, 2008 Posted by | Hage | 3 kommentarar