Sareptas krukke
Arbeidet med denne haugen ved har visst blitt mitt ansvar. Gubben i huset har funne ut at å lø ved er kvinnfolkarbeid. At veden varmar to gonger er ein underdriven påstand. Først skal den sagast i skogen, så skal den fraktast heim, så skal den kappast til høvelege kubbar, så skal det løast opp, så skal det bærast i hus før fyring, så skal det fyrast…. Eg kan herved telje 6 arbeidsoperasjonar, dvs at veden varmar 6 gonger. Nokre påstår sågar at vedfyring bidreg til drivhuseffekten 😉 .
Denne vedhaugen er som Sareptas krukke. Eg plukkar og plukkar, men kan ikkje sjå at det vert noko mindre ved i haugen. Heldigvis ser eg at stabelen veks i vedskjulet, sjølv om ikkje vedhaugen minkar.
Sånn såg det ut i vedskjulet då eg gav meg for dagen, så noko arbeid har blitt gjordt. Dåkke har heilt sikkert forstått at vedarbeidet slett ikkje er mitt favoritthagearbeid 😉 .
Over til noko litt kjekkare: Dette er svart nyserot på veg opp av jorda. Den har utruleg flott bladverk, og det var det som var grunnen til at eg skaffa meg planten i si tid. Eg har enno ikkje sett den i blomst, så eg er spent på korleis den ser ut.
I bedet attmed vegen står fire flotte klarblå anemoner. Om natta og når det er overskya lukkar blomsten seg, medan den spring heilt ut når det er sol.
Bloggstatistikken min viser at bloggen min har passert 3000 besøkande i dag. Eg tek det som eit teikn på at der er mange av dåkke der ute som finn noko av intresse her, sidan dåkke kjem attende gong etter gong. Takk for besøket, alle saman 🙂 !