Bilder frå siste maidagen
Dette bedet er hageprosjektet eg har jobba med i år, og delvis i fjor. Steinen har eg henta frå veikantar rundt om i kommunen. Eg har selvfølgelig ikkje plukka stein som har hatt nokon funksjon der eg har funne dei, dei fleste er steinar som har rast ned frå bratte skrentar i løpet av vinterhalvåret. Den lange steinen i framgrunnen er den gamle grensesteinen til tomta her. Den vart gravd opp då vi fekk laga ein gråsteinsmur langs heile tomtegrensa mot sør.
Foreløpig er det mykje mørk jord, men etter kvart som det veks seg til, skal det nok verte farge her. Det er ikkje ferdig planta. Må jo ha litt plass til nyervervelsar utover sommaren. Kjem tilbake med nye bilete når det har vokst seg litt til utover sommaren.
Ein fantastisk valmuesøster. Den er ganske så klar, lys blå. Eg trur der skal finnast mørkare variantar av denne også.
Lewisia i all sin prakt. Trudde ikkje denne skulle like seg her, sidan eg har ein del leire i jorda mi. Denne og ein til står faktisk i dette bedet på tredje året no. Dei blomstrar like fantastisk år etter år.
Den andre maiblokka er komen
Denne flotte lappen kom frå Linole I går. Spennande å sjå kor ulike lappane er 🙂
No er mai straks over, og eg kan begynde å vente på junilappane. Jammen går tida fort når ein har det kjekt!
10 personar som gjer dagen min betre
Sjå for ei kjekk overrasking eg fekk av Ronille 🙂
«Ville hedre noen fordi de lyser opp hverdagen min, jeg lagde dette og send gjerne videre!! KLEM
Denne blomsten med disse ordene gir jeg til mine 10 som gjør dagen min bedre!!”
Det er vanskeleg å velge 10 å gje den vidare til. Ideen er kanskje at eg gje den til bloggarar, men eg har eit par som ikkje bloggar som likevel fortjener ein blomst.
Den første går til Tove, systra mi og den andre går til Ann Kristin, veninda mi. Dåkke skulle gjerne fått ein heil bukett 😉
Så var det bloggarane sin tur. I uprioritert rekkefølge gir eg blomsten vidare til: Annie, Elisabeth, Frk Hagesnupp, Haldis, Juliann, Lappetausa, Strikkemor(o). Alle desse har fine og intressante bloggar som eg besøkjer ofte. Eg må få lov å sende ein i retur til Ronille. Ho har ein flott blogg som eg ofte er innom, og ho tok seg tid til å hjelpe meg med bloggen heilt i starten, sjølv om ho ikkje kjenner meg 🙂
Første del av Polka dot girls er ferdig
I starten av mai begynte eg på månedsblokka Polka dot girls.
Det første eg måtte gjere var å skjære opp stoffa og sy saman blokkene i denne første delen. Deretter overførte eg teikningane til dei lyse blokkene. På baksida har eg tråkla fast vatt. Så var det berre å begynde syarbeidet. Det er i grunn eit pirkearbeid, men eg kosar meg medan eg held på.
Sånn ser den ferdige blokka ut.

Over ser du nærbilete av eit par av broderia.
Duken er i ein heilt annan fargeskala enn biletet nettbutikken reklamerer med, så eg vart litt skuffa med det same. Likevel det blir ein kjempefin duk, så eg gledar meg allereie til neste blokk som kjem i starten av juni.
Min første vennskapsblokk
I dag kom altså min første vennskapsblokk i posten. Den var frå Ariadne. Kjempeflott blokk i akkurat dei «rette» fargane. No blir det virkelig spennande å sjå korleis dei andre blokkane vert etter kvart 🙂
Vennskapsteppe mai
På Hobbyboden kan ein melde seg på og sy vennskapstepper. På kvart teppe er det 9 deltakarar. Ein syr to lappar kvar månad, og får tilbake to lappar av to andre deltakarar kvar månad. Når eg så har fått ein lapp av alle dei andre deltakarane, syr eg ein lapp til meg sjølv, og syr teppet saman slik eg sjølv ynskjer det. Sylaget er sett saman av deltakarar etterkvart som påmeldingar har dukka opp, og eg kjenner ingen av dei frå før.
Denne blokka sydde eg til Limola, som ynskte seg blokker i gladfarger. Gladfarger kan være så mangt, men desse fargane er i alle fall spreke og glade. Blomstrane og frosken som er applikert fast på blokka er klipt ut frå det samme stoffet som den midterste blokka er skåre ut frå.
RitaR ynskte seg blokker som var lyse mot beige i fargane, og ho hadde valgt hjerter som tema. Her er kvar av blomstrane sett saman av 4 hjerter. Blomstrane, blada og potta er applikert på, medan stenglane er sydd for hand.
Eg har ikkje fått nokon av mine blokker for mai, men skal selvfølgelig legge dei ut etter kvart som dei dukkar opp. Har du lyst å sjå fleire slike prosjekt, så finst der ein eigen Vennskapsblogg.
Hagelagstur
I går var hagelaget på årets første hagevandring. Etter å ha hatt fantastisk fint veir i fleire veker åpna altså «overgarntneren» alle vasskranene sine i går kveld. Eit hagelag med respekt for seg sjølv let seg selvfølgelig ikkje stoppe, så det var faktisk 16- 17 som møtte opp. Her ser du eit av dei velfylte beda, og biletet viser for det meste primula og tulipanar. Desverre gjer regnveiret til at plantar og strå heng litt med «nebbet»
Her står verten sjølv og smiler. Tydelig at han har stor glede av hagen sin! Han hadde tydeligvis stor glede av å vise oss den også. Han fortalte villig om plantane sine, og fleire av plantane hadde ei historie bak seg som han fortalte om.
Hagelaget brukar alltid å ha med seg noko lite som takk for at vi fekk komme. Derimot trur eg det er første gongen at verten har hatt ei lita gåve til alle gjestane. Vi fekk kvar sin liten pakke i avispapir, og inni pakken låg det ein liten bit Primula Chungensis og ein bit Primula Japonica.
Var dette ein Cortusa Mattiola?
Virkelig vakker lønn.
Lønn i bakgrunnen og Heuchera i forgrunnen. Eg hugsar desverre ikkje namna på dei forskjellige plantane. Heucheraen på biletet her såg heilt annleis ut enn andre Heuchera eg har sett før. Heuchera var tydeligvis ein av mange favorittplantane i hagen. Han hadde utruleg mange forskjellige.
Bileta er klikkbare, for den som ynskjer å studere plantane betre.
God 17. mai til alle som stikk innom!
Nye potter på altanen.
Har lenge tenkt på å kjøpe nye blomsterpotter til altanen. Desse fann eg på Nille. Dei er laga av eit eller anna plastmateriale, så dei var svært lette, noko som er ein stor fordel når dei skal bærast opp og ned frå altanen. Eg kjøpte 5 stykk. I dei to største har eg planta engletrompet som har overvintra i kjellaren. Under engletrompetane er der flittigliser som eg sjølv har sådd. I dei andre pottene er det både eigenproduserte og kjøpte sommarblomster. Dei kraftig raudbrune er coleus som eg har sådd sjølv. Ein virkelig flott kontrastplante!
Denne petuniaen blomstra i dag. Riktig søt med dei kvite flekkane på tuppen av kvart kronblad.
Denne primulaen sådde eg i fjor vinter. Først trudde eg at ingen av primulaene ville spire, men til slutt kom det nokre ynkelige små plantar i potta. Dei vart ståande ganske så kummerlig i potta til langt utpå hausten. Då fekk dei kvar si potte, og vart putta i eit lite ventebed eg har laga meg i ein pallekarm. Der vart dei vel helst ignorert, heilt til denne søte dukka opp. Det må være ein av dei flottaste primulaene eg har sett! Trur det var ei frøblanding eg brukte, så eg har desverre ikkje noko navn på den. Desverre har eg for dårlig kamera til at eg klarar å ta skikkelig nærbilete av den. Biletet er klikkbart for større utgåve.
Teppe i rufseteknikk og Polkadot girls
Dette sengeteppet i rufseteknikk har eg laga til niesa mi som konfirmerte seg i går. Det vart ein flott dag med ein flott konfirmant, mange gjester og nydelig mat.
Teppet er sydd av gamle dongeribukser og dongeriskjorter. Også konfirmanten har slitt ut eit par av buksene som er brukt i teppet. Hjerta er applikerte på etter inspirasjon frå «mended-hearts»-teknikken. Sømmane rundt og i hjerta er forskjellige sortar av broderisømmar som finst på symaskina. Det er ikkje ofte eg nyttar broderisømmane, men her var det kjekt å variere med litt hjerter og stjerner innimellom vanlig tett sikksakk.
Eg har drista meg til å melde meg på månedens blokk på quilteliv.no. Det kom i posten på fredag. Det var skikkelig flott laga til i små posar med stoff og sytråd. Bildet er av forsida på mappa det låg i. Stoffbitane må kuttast og syast saman før eg kan begynde med broderinga. Dette blir eit spennande prosjekt, sidan stichery er ganske nytt for meg. Har berre prøvd i små dosar tidlegare.
Medan eg venta på at Polkadot girls skulle komme i posten, kjøpte eg difor eit lite stichery som eg kunne øve meg på. Eg er ikkje heilt fornøygd med fargevalget. Broderinga gjekk greit, så no gledar eg meg til å ta fatt på Polkadot.
Vedstabelen min er vekk
Sånn ser det ut når 9,5 mål ved ligg der den skal 🙂 .
Forferdelig mykje arbeid med den veden, men med deilig veir i omlag ei veke, så har det for så vidt gått greit å finne motivasjon til å gå ut og stable. I dag fekk eg god hjelp av ungane + ei nabojente, då går arbeidet mykje lettare.
Denne søte, namnlause narcissen blomstrar for fullt akkurat no. Dei vanlige gule narcissane har blomstra lenge, så dette er nok ein seinare sort. Tok fleire bilete i dag, men har desverre problemer med opplastinga, så eg får ikkje vist det til dåkke 😦 .