Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Teppe i rufseteknikk og Polkadot girls

Dette sengeteppet i rufseteknikk har eg laga til niesa mi som konfirmerte seg i går. Det vart ein flott dag med ein flott konfirmant, mange gjester og nydelig mat.

Teppet er sydd av gamle dongeribukser og dongeriskjorter. Også konfirmanten har slitt ut eit par av buksene som er brukt i teppet. Hjerta er applikerte på etter inspirasjon frå «mended-hearts»-teknikken. Sømmane rundt og i hjerta er forskjellige sortar av broderisømmar som finst på symaskina. Det er ikkje ofte eg nyttar broderisømmane, men her var det kjekt å variere med litt hjerter og stjerner innimellom vanlig tett sikksakk.

 Eg har drista meg til å melde meg på månedens blokk på quilteliv.no. Det kom i posten på fredag. Det var skikkelig flott laga til i små posar med stoff og sytråd. Bildet er av forsida på mappa det låg i. Stoffbitane må kuttast og syast saman før eg kan begynde med broderinga. Dette blir eit spennande prosjekt, sidan stichery er ganske nytt for meg. Har berre prøvd i små dosar tidlegare.

 Medan eg venta på at Polkadot girls skulle komme i posten, kjøpte eg difor eit lite stichery som eg kunne øve meg på. Eg er ikkje heilt fornøygd med fargevalget. Broderinga gjekk greit, så no gledar eg meg til å ta fatt på Polkadot.

Reklame

mai 5, 2008 - Posted by | Lappeteknikk, Polka Dot Girls, Søm

Éin kommentar »

  1. Heisann. Er litt seint ute med å ønske deg God Helg- og Pinse. Men dei siste dagane har vore så fine at eg har stort sett vore ute og lite ved datan 🙂 Men i dag er det grått og regn, så da passer det bra med ei bloggbesøkrunde.
    Klem fra Ronille

    Kommentar av Ronille | mai 11, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: