Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Hagelagstur

 I går  var hagelaget på årets første hagevandring. Etter å ha hatt fantastisk fint veir i fleire veker åpna altså «overgarntneren» alle vasskranene sine i går kveld. Eit hagelag med respekt for seg sjølv let seg selvfølgelig ikkje stoppe, så det var faktisk 16- 17 som møtte opp. Her ser du eit av dei velfylte beda, og biletet viser for det meste primula og tulipanar. Desverre gjer regnveiret til at plantar og strå heng litt med «nebbet»

 Her står verten sjølv og smiler. Tydelig at han har stor glede av hagen sin! Han hadde tydeligvis stor glede av å vise oss den også. Han fortalte villig om plantane sine, og fleire av plantane hadde ei historie bak seg som han fortalte om.

Hagelaget brukar alltid å ha med seg noko lite som takk for at vi fekk komme. Derimot trur eg det er første gongen at verten har hatt ei lita gåve til alle gjestane. Vi fekk kvar sin liten pakke i avispapir, og inni pakken låg det ein liten bit Primula Chungensis og ein bit Primula Japonica.

 Var dette ein Cortusa Mattiola?     Virkelig vakker lønn.

 Lønn i bakgrunnen og Heuchera i forgrunnen. Eg hugsar desverre ikkje namna på dei forskjellige plantane. Heucheraen på biletet her såg heilt annleis ut enn andre Heuchera eg har sett før. Heuchera var tydeligvis ein av mange favorittplantane i hagen. Han hadde utruleg mange forskjellige.

Bileta er klikkbare, for den som ynskjer å studere plantane betre.

God 17. mai til alle som stikk innom!

Advertisements

mai 16, 2008 - Posted by | Hage

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: