Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Vennskapsteppe mai

Hobbyboden kan ein melde seg på og sy vennskapstepper. På kvart teppe er det 9 deltakarar. Ein syr to lappar kvar månad, og får tilbake to lappar av to andre deltakarar kvar månad. Når eg så har fått ein lapp av alle dei andre deltakarane, syr eg ein lapp til meg sjølv, og syr teppet saman slik eg sjølv ynskjer det. Sylaget er sett saman av deltakarar etterkvart som påmeldingar har dukka opp, og eg kjenner ingen av dei frå før.

 Denne blokka sydde eg til Limola, som ynskte seg blokker i gladfarger. Gladfarger kan være så mangt, men desse fargane er i alle fall spreke og glade. Blomstrane og frosken som er applikert fast på blokka er klipt ut frå det samme stoffet som den midterste blokka er skåre ut frå.

 RitaR ynskte seg blokker som var lyse mot beige i fargane, og ho hadde valgt hjerter som tema. Her er kvar av blomstrane sett saman av 4 hjerter. Blomstrane, blada og potta er applikert på, medan stenglane er sydd for hand.

Eg har ikkje fått nokon av mine blokker for mai, men skal selvfølgelig legge dei ut etter kvart som dei dukkar opp. Har du lyst å sjå fleire slike prosjekt, så finst der ein eigen Vennskapsblogg.

Advertisements

mai 21, 2008 - Posted by | Lappeteknikk, Vennskapsteppe

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: