Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Bilder frå siste maidagen

 Dette bedet er hageprosjektet eg har jobba med  i år, og delvis i fjor. Steinen har eg henta frå veikantar rundt om i kommunen. Eg har selvfølgelig ikkje plukka stein som har hatt nokon funksjon der eg har funne dei, dei fleste er steinar som har rast ned frå bratte skrentar i løpet av vinterhalvåret. Den lange steinen i framgrunnen er den gamle grensesteinen til tomta her. Den vart gravd opp då vi fekk laga ein gråsteinsmur langs heile tomtegrensa mot sør.

Foreløpig er det mykje mørk jord, men etter kvart som det veks seg til, skal det nok verte farge her. Det er ikkje ferdig planta. Må jo ha litt plass til nyervervelsar utover sommaren.  Kjem tilbake med nye bilete når det har vokst seg litt til utover sommaren.

 Ein fantastisk valmuesøster. Den er ganske så klar, lys blå. Eg trur der skal finnast mørkare variantar av denne også.

 Lewisia i all sin prakt. Trudde ikkje denne skulle like seg her, sidan eg har ein del leire i jorda mi. Denne og ein til står faktisk i dette bedet på tredje året no. Dei blomstrar like fantastisk år etter år.

 Primula chungensis

 Enno ein primula, men denne har eg ikkje navn på.

Advertisements

mai 31, 2008 - Posted by | Hage

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: