Regnet tvingar meg til å ta sommaren inn
Akkurat no er det så mykje fine blomster i hagen. Desverre regnar det så mykje at det ikkje er morsomt å gå ut for å sjå på dei. Ein liten tur ut blir det likevel, såpass at eg får plukka med meg inn ein bukett til pynt. Her er det blå og kvit akeleie (aquilegia caerulea) saman med geranium, allium og raudblomstrande alunrot (heuchera).
Den søte vasen kjøpte eg brukt i fjor sommar. Seljaren kunne fortelje at den var frå Egersund fajanse, og at den visstnok er eit samleobjekt. Greit å vite for den som bryr seg om det. Eg syntest berre vasen var søt, eg. Akkurat passelig til å setje sommarbukettar i er den også.
I helga plukka eg inn ein større bukett. I dag er den litt daff, men den var fin nok til å fotograferast likevel. Her er det skogskjegg, blå ridderspore (delphinium), løytnanshjerter (dicentra spectabilis) både kvite og rosa, lys rosa stjerneskjerm (astrantia major alba) og ein clematis mac. blue bird.
Vesker med vindauge
Eg er invitert i bursdag til ei veninde, og dattera mi til to av sine veninder. Tomhent kan ein jo ikkje komme, så eg sette meg på syrommet i eit par timar i dag. Dagens prosjekt vart AnnaKa sine posar med vindauge i. Dei to bakerste med hjerter er nesten like, det er dei dattera mi skal få gje vekk. Den fremste med kakemotiv skal veninda mi få. Eg trur nok innhaldet kjem til å bli bytta ut i løpet av morgondagen. Egga og telysa er mest for å vise at posane faktisk kan brukast til noko. Posane skal lukkast med ei slags klype, men det må handlast i morgon. Enn så lenge duger kleklyper til formålet.
Den bakerste posen er tom, så der kan ein sjå stoffet som er brukt inni begge hjerteposane. Dette stoffet er frå då eg var lita. Det var mor mi som sydde til meg og systra mi. Er usikker på kva ho laga av dette stoffet, men eg synest i alle fall det er kjekt at eg kan bruke restane no 🙂 .
Eg tek med nokre bilete frå hagen i dag også.
Hosta og akeleie. Dei kledde i grunn kvarandre. Akeleien er omlag ein halv meter høg, men vinden har rive den overende og rett i fanget på denne hostaen.
Ikkje alle er like kvikke i regnveiret vi har for tida. Denne valmuen trur eg har kome som frø med vinden. Den er eigentleg for sær i fargen til at eg likar å ha den i hagen, men når den kollapsa rett ved Heuchera «Rachel», så ser eg at dei to faktisk er fine i lag.
Vennskapslappane for juni er sendt
I forrige veke kom det nokre dagar med mindre pent veir. Det passa supert, for då kunne eg sitje inne og sy med god samvittigheit. Det første eg kasta meg over då var dei to lappane eg skulle sy til vennskapsteppet denne månaden.
Denne har eg sendt til Mormor, som ynskte seg lappar i turkise og bruntonar. Sidan eg er litt i stiching modus for tida, fekk begge lappane ei midtblokk med eit lite kattestichery.
Lillesnuppa ynskte seg lappar i fargane brunt opp mot lyst.
Trekantane på kvar side av sticherylappen er laga av kvadrat som er bretta 4 gonger, og sydd diagonalt på lappen før bakstykkestoffet er sydd på. Det vart ein tøff tredimensjonal effekt. Teknikken er ny for meg, men eg syntest den var såpass artig at slike trekantar kan det godt hende eg kjem til å nytte som effekt på både det eine og det andre prosjektet heretter.
Begivenhetsrik helg
Denne helga har eg vore på veskekurs med Andre Wallenborg. Eg trur faktisk dette er det beste kurset eg har vore på når deg gjeld søm. Vi fekk sy ei veske laurdag og ei søndag. Veskene er kanskje ikkje akkurat det mest fancy ein kunne lage når ein har ein slik kurshaldar. Begge veskene inneheld ein del gode teknikkar, som er bakgrunnen for at akkurat desse to modellane er blitt brukt til kurset.
Kursleiaren gjekk gjennom kvart steg i prosessen steg for steg. Skikkelig teskei-læring :). Dei teknikkane eg trur eg kjem til å ha mest nytte av er måten han sydde glidelås på, måten han lagde gode botnar i veskene, hankar, måten han tenkjer form på….ja i grunn det meste….
Slik ser altså ei av Andre Wallenberg sine vesker ut.
Slik vart mine vesker. Den prikkete er ei konvoluttveske. Ikkje noko eg brukar særleg ofte. Eg festa difor ein liten festeanordning i eine sida, slik at eg lett kan feste den på innsida av ei anna veske. Eg fann nemlig ut at den hadde perfekt størrelse til å putte pass oppi når ein skal på tur. Heretter får altså familiens pass reise på tur ganske så standsmessig.
Medan mor i huset har kosa seg på veskekurs, har far i huset streva på for å få badet på loftet ferdig. No er det snart klart. Det er vel berre rørleggaren vi ventar på. Usikker på om det vert no, eller om det vert seinare i sommar, då vi likevel treng rørleggar til utearbeid.
Sånn ser det ut sett frå gangen. Gardina er berre eit tøystykke som er teipa fast. Liftgardinsett er bestilt, så det kjem seinare.
Dette er motsett vegg. Møblar og tilbehør er frå Ikea. Spegelen såg eg i Ikeakatalogen, men fekk selvfølgelig ikkje tak i den eller lampettane i Åsane. Då er eg så heldig at eg i periodar jobbar i lag med ei svensk dame som bur i nærleiken av eit svensk Ikeavarehus. Ho handla spegelen og lampettane for meg der. Virkelig kjekt gjordt av henne!
Vegghengt toalett har vore ein draum i alle åra eg har budd her, og ikkje minst ein skikkeleg dusj. Omsider er begge deler på plass
Ein annan kjekk detalj som er på plass er den innebygde skittentøysjakta som går rett ned til vaskerommet 🙂 .
Viss du lurar på korleis badet såg ut før vi starta på prosjektet, kan du lese her
Sonen i huset gledar seg sånn til at vi skal starte påbygging av huset, slik at han kan få seg nytt rom. Det er mulig det går litt for tregt framover, for han har sett i gang med å førebu området for gravemaskinene som etter planen kjem til jonsok. Ikkje farleg å ha prosjekt på gang når ein har så ivrige hjelparar 🙂 .
Bilder tatt i hagen i dag
Allium Purple Sensation i heftig favntak med med Vrihassel og clematis Kardinal Wysynsky. EIn liten bit av Løytnanshjerte vil også være med på biletet. Desverre var det berre ein av Alliumane som har kome opp av jorda, så det ser ut som den ikkje klarar seg så godt der dei står. I fjor trur eg at der var tre kuler som blomstra.
Clematis Ernest Markham. Denne kjøpte eg i vår, så det er ekstra kjekt å sjå den i blomst. Den veks oppover stammen til ein Rosehagtorn. Foreløpig er den berre ca 50 cm høg, men eg kan tenke meg at det vert tøft når den veks opp i kruna og blomstrar der oppe.
Skulle gjerne vist fleire bilete, men har hatt problem med opplastinga i dag.
Mai og juniblokk til vennskapsteppet
Dette er maiblokka frå Celina. Den er fletta i nokre aldeles nydeige silkeband.
Denne blokka er frå Linole. Den observante lesar vil kanskje lure på om eg har fått to blokker av henne, men den blå blokka eg fekk i mai var feilsendt, og skulle altså ikkje til meg. Eg stussa jo litt på at eg fekk ein blå lapp, men den var jo så søt at det falt meg ikkje inn å klage. Når feilen vart oppdaga, så er eg likevel glad eg har fått den rette blokka, den vil passe så mykje betre inn i teppet mitt. Sjå på den blå lappen eg fekk først. Den er sydd på akkurat samme måte, men ved at det er brukt andre fargar, så blir blokkene heilt ulike.
Sommaravslutning i Jektehola
I dag har lappeklubben hatt si årlege sommaravslutning i Jektehola som ligg ved den gamle eksersisplassen Malakoff. Det var fantastisk veir, så vi kunne virkelig kose oss i dag.
Det vart grilling av pølser og karbonader i ein av dei store grillane i området.
Vi hengde klessnorer i treda, slik at dei som kom kunne ha med seg eigenproduserte saker til utstilling. Med elva i bakgrunnen og teppa vaiande i det vesle som var av vindpust vart det ei koseleg stemning i Jektehola i dag.
Denne skjønne veska klarte eg ikkje å motstå. Ingun hadde som vanleg med stoff og utstyr frå butikken sin, så eg fekk kjøpt nokre av stoffa. Resten får eg plukke frå mine eigne stoffkasser. Då kan eg berre glede meg til veiret vert såpass dårleg at eg kan forsvare å sitje inne ved symaskina igjen…