Sommaravslutning i Jektehola
I dag har lappeklubben hatt si årlege sommaravslutning i Jektehola som ligg ved den gamle eksersisplassen Malakoff. Det var fantastisk veir, så vi kunne virkelig kose oss i dag.
Det vart grilling av pølser og karbonader i ein av dei store grillane i området.
Vi hengde klessnorer i treda, slik at dei som kom kunne ha med seg eigenproduserte saker til utstilling. Med elva i bakgrunnen og teppa vaiande i det vesle som var av vindpust vart det ei koseleg stemning i Jektehola i dag.
Denne skjønne veska klarte eg ikkje å motstå. Ingun hadde som vanleg med stoff og utstyr frå butikken sin, så eg fekk kjøpt nokre av stoffa. Resten får eg plukke frå mine eigne stoffkasser. Då kan eg berre glede meg til veiret vert såpass dårleg at eg kan forsvare å sitje inne ved symaskina igjen…