Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Begivenhetsrik helg

Denne helga har eg vore på veskekurs med Andre Wallenborg. Eg trur faktisk dette er det beste kurset eg har vore på når deg gjeld søm. Vi fekk sy ei veske laurdag og ei søndag. Veskene er kanskje ikkje akkurat det mest fancy ein kunne lage når ein har ein slik kurshaldar. Begge veskene inneheld ein del gode teknikkar, som er bakgrunnen for at akkurat desse to modellane er blitt brukt til kurset.

 Kursleiaren gjekk gjennom kvart steg i prosessen steg for steg. Skikkelig teskei-læring :). Dei teknikkane eg trur eg kjem til å ha mest nytte av er måten han sydde glidelås på, måten han lagde gode botnar i veskene, hankar, måten han tenkjer form på….ja i grunn det meste….

 Slik ser altså ei av Andre Wallenberg sine vesker ut.

 Slik vart mine vesker. Den prikkete er ei konvoluttveske. Ikkje noko eg brukar særleg ofte. Eg festa difor ein liten festeanordning i eine sida, slik at eg lett kan feste den på innsida av ei anna veske. Eg fann nemlig ut at den hadde perfekt størrelse til å putte pass oppi når ein skal på tur. Heretter får altså familiens pass reise på tur ganske så standsmessig.

Medan mor i huset har kosa seg på veskekurs, har far i huset streva på for å få badet på loftet ferdig. No er det snart klart. Det er vel berre rørleggaren vi ventar på. Usikker på om det vert no, eller om det vert seinare i sommar, då vi likevel treng rørleggar til utearbeid.

 Sånn ser det ut sett frå gangen. Gardina er berre eit tøystykke som er teipa fast. Liftgardinsett er bestilt, så det kjem seinare.

 Dette er motsett vegg. Møblar og tilbehør er frå Ikea. Spegelen såg eg i Ikeakatalogen, men fekk selvfølgelig ikkje tak i den eller lampettane i Åsane. Då er eg så heldig at eg i periodar jobbar i lag med ei svensk dame som bur i nærleiken av eit svensk Ikeavarehus. Ho handla spegelen og lampettane for meg der. Virkelig kjekt gjordt av henne!

 Vegghengt toalett har vore ein draum i alle åra eg har budd her, og ikkje minst ein skikkeleg dusj. Omsider er begge deler på plass

 Ein annan kjekk detalj som er på plass er den innebygde skittentøysjakta som går rett ned til vaskerommet 🙂 .

Viss du lurar på korleis badet såg ut før vi starta på prosjektet, kan du lese her

 Sonen i huset gledar seg sånn til at vi skal starte påbygging av huset, slik at han kan få seg nytt rom. Det er mulig det går litt for tregt framover, for han har sett i gang med å førebu området for gravemaskinene som etter planen kjem til jonsok. Ikkje farleg å ha prosjekt på gang når ein har så ivrige hjelparar 🙂 .

 

Reklame

juni 15, 2008 - Posted by | Hage, Interiør/oppussing, Lappeteknikk

4 kommentarar »

  1. ditta vart utrulig fint!!!
    gledar meg til sjå i røynda!!

    Kommentar av tove | juni 16, 2008 | Svar

  2. Som sagt har ikkje rørleggaren vore her enno, men du må gjerne komme og prøvesitte den fine doen min 😉

    Kommentar av eling | juni 17, 2008 | Svar

  3. hei hei,ja tenk at æ satt mæ ned å skriv nån ord her da. Og først å fremst vil æ INDERLIG sei tusen takk for den kjekke hælsinga æ fekk på bloggen din. Skjønne æ må bli flenkar på nettet ja….. artig å sjå kor dåkk styre på i heimen te dåkk.Alltid noe på gang.LYKKE TE VIDERE.

    Kommentar av ann kristin petersen | juni 22, 2008 | Svar

  4. Hei Ann Kristin! Kjekt at du skriv i bloggen 🙂
    Hyggelig med tilbakemeldingar. Velkommen igjen!

    Kommentar av eling | juni 26, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: