Vesker med vindauge
Eg er invitert i bursdag til ei veninde, og dattera mi til to av sine veninder. Tomhent kan ein jo ikkje komme, så eg sette meg på syrommet i eit par timar i dag. Dagens prosjekt vart AnnaKa sine posar med vindauge i. Dei to bakerste med hjerter er nesten like, det er dei dattera mi skal få gje vekk. Den fremste med kakemotiv skal veninda mi få. Eg trur nok innhaldet kjem til å bli bytta ut i løpet av morgondagen. Egga og telysa er mest for å vise at posane faktisk kan brukast til noko. Posane skal lukkast med ei slags klype, men det må handlast i morgon. Enn så lenge duger kleklyper til formålet.
Den bakerste posen er tom, så der kan ein sjå stoffet som er brukt inni begge hjerteposane. Dette stoffet er frå då eg var lita. Det var mor mi som sydde til meg og systra mi. Er usikker på kva ho laga av dette stoffet, men eg synest i alle fall det er kjekt at eg kan bruke restane no 🙂 .
Eg tek med nokre bilete frå hagen i dag også.
Hosta og akeleie. Dei kledde i grunn kvarandre. Akeleien er omlag ein halv meter høg, men vinden har rive den overende og rett i fanget på denne hostaen.
Ikkje alle er like kvikke i regnveiret vi har for tida. Denne valmuen trur eg har kome som frø med vinden. Den er eigentleg for sær i fargen til at eg likar å ha den i hagen, men når den kollapsa rett ved Heuchera «Rachel», så ser eg at dei to faktisk er fine i lag.