Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Vesker med vindauge

Eg er invitert i bursdag til ei veninde, og dattera mi til to av sine veninder. Tomhent kan ein jo ikkje komme, så eg sette meg på syrommet i eit par timar i dag. Dagens prosjekt vart AnnaKa sine posar med vindauge i. Dei to bakerste med hjerter er nesten like, det er dei dattera mi skal få gje vekk. Den fremste med kakemotiv skal veninda mi få. Eg trur nok innhaldet kjem til å bli bytta ut i løpet av morgondagen. Egga og telysa er mest for å vise at posane faktisk kan brukast til noko. Posane skal lukkast med ei slags klype, men det må handlast i morgon. Enn så lenge duger kleklyper til formålet.

Den bakerste posen er tom, så der kan ein sjå stoffet som er brukt inni begge hjerteposane. Dette stoffet er frå då eg var lita. Det var mor mi som sydde til meg og systra mi. Er usikker på kva ho laga av dette stoffet, men eg synest i alle fall det er kjekt at eg kan bruke restane no 🙂 .

Eg tek med nokre bilete frå hagen i dag også.

 Hosta og akeleie. Dei kledde i grunn kvarandre. Akeleien er omlag ein halv meter høg, men vinden har rive den overende og rett i fanget på denne hostaen.

 Ikkje alle er like kvikke i regnveiret vi har for tida. Denne valmuen trur eg har kome som frø med vinden. Den er eigentleg for sær i fargen til at eg likar å ha den i hagen, men når den kollapsa rett ved Heuchera «Rachel», så ser eg at dei to faktisk er fine i lag.

Advertisements

juni 19, 2008 - Posted by | Hage, Lappeteknikk

3 kommentarar »

  1. Heisann. No er det helg, og for min del også sommerferie, 2 herlige måneder med fri 🙂 Så fine posa du har laga :)Ønsker deg ei fin sankthanshelg. Klem fra Ronille

    Kommentar av Ronille | juni 20, 2008 | Svar

  2. Artige posar! Og valmuen syntes eg har fin farge. Frisk farge.

    Kommentar av Heidi S | juni 20, 2008 | Svar

  3. Kjempeflotte posar Elin 🙂
    Der fikk eg ein god ide.

    God helg.

    Kommentar av Mariann S | juni 21, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: