Regnet tvingar meg til å ta sommaren inn
Akkurat no er det så mykje fine blomster i hagen. Desverre regnar det så mykje at det ikkje er morsomt å gå ut for å sjå på dei. Ein liten tur ut blir det likevel, såpass at eg får plukka med meg inn ein bukett til pynt. Her er det blå og kvit akeleie (aquilegia caerulea) saman med geranium, allium og raudblomstrande alunrot (heuchera).
Den søte vasen kjøpte eg brukt i fjor sommar. Seljaren kunne fortelje at den var frå Egersund fajanse, og at den visstnok er eit samleobjekt. Greit å vite for den som bryr seg om det. Eg syntest berre vasen var søt, eg. Akkurat passelig til å setje sommarbukettar i er den også.
I helga plukka eg inn ein større bukett. I dag er den litt daff, men den var fin nok til å fotograferast likevel. Her er det skogskjegg, blå ridderspore (delphinium), løytnanshjerter (dicentra spectabilis) både kvite og rosa, lys rosa stjerneskjerm (astrantia major alba) og ein clematis mac. blue bird.
Heisann. Innom på bloggbesøkrunde og for å ønske deg ei god helg. masse nydelige blomster 🙂 No ser det heldigvis ut til at vi skal få litt bedre vær, det trengs!
Klem fra Ronille