Utrivelig hagedag
Hagearbeid er kjekkast når når det er varmt og godt ute. Det treng vel strengt tatt ikkje være så varmt, men nokonlunde tørt bør det være. Då blir det meste så mykje lettare. Gode luktar er også noko som aukar hagegleda. Nokre plantar kan ein lukte lang veg når svak vind ber med seg lukta dit ein er, medan andre plantar spreier god lukt når du tek borti dei.
Nokre lukter i hagen set eg mindre pris på. Komposten, for eksempel, er absolutt pyton! Eg prøver å fortrenge den så godt eg kan, og så lenge loket er på, så går det jo greit. Det er berre det at av og til vert den full, og sidan vi som komposterar ikkje får levere matrestar med søpla, så må den berre tømmast av og til. No kunne eg ikkje lenger ignorere det faktum at komposten var full, så det var berre å kle seg godt og gå ut i regnet og starte spadinga. Ein røynd kompostør vil nok sjå av biletet at denne komposten ikkje er heilt god. Eg har aldri heilt fått til komposten min, og det er vel difor den har denne kvalmande og intense lukta. Eg held ut kun fordi at eg ser at plantane diggar kompostjorda (og fordi eg har signert ei avtale miljøverket vårt).
Det er ikkje berre i komposten det står dårleg til for tida. Sidan store deler av hagen min er oppgravd, fører regnet til at det vert vanvittig gjørmete rundt huset. Mine flotte hagestøvlar er ikkje lenger så flotte 😦 .
Resten av skoparken i familien er heller ikkje særlig vakkert skue for tida.
Til tross for all møkka rundt omkring her, så er det altså lyspunkt. Kjellarveggane er ferdig støypte, så det går virkelig framover. Etter at biletet var teke, har det også blitt fylt igjen ein del masse rundt murane, og forskalinga er fjærna.
Til tross for regn og gjørme og dårleg kompost, finst der ting å glede seg over i hagen:
Denne sukkulenten blomstrar for første gong. Den er frå ei frøblanding eg sådde for eit par år sidan. Eg kjenner desverre ikkje navnet på den.
Stokkrosene har så vidt starta blomstringa si. Nigra er først ute.
Denne peonen flytta eg for litt sidan. Då stod den med massevis av blomsterknoppar, så eg var spent på korleis det ville gå. Som dåkke ser, så gjekk det heilt flott 🙂 . Akkurat no heng den med hovudet, fordi dei store flotte blomstrane vert tunge av regnet.
Pay it forward, bli med du også!
Eg har meldt meg på dette i Christine sin blogg:
Gledar meg til å få pakke i løpet av året, og eg oppfordrar alle som les dette til å være med og spre det videre 🙂 Dei tre første som kommenterer dette innlegget vil få ei gåve frå meg i løpet av eit år.
Her kjem reglene for Pay It Forward. Dei er ganske enkle. Alle kan være med, kun 3 krav skal oppfylles :
1. Du skal ha eigen blogg, så du og kan spre bodskapen.
2. Du skal ha lyst til å glede andre.
3. Du skal sende dine eigne 3 heimelaga gåver innan dei neste 365 dagane.
Dei 3 fyrste som kommenterer dette innlegget, vil innan eit år få tilsendt ei heimelaga gåve frå meg! Eg vet ikkje kva det vert enno. Du vil nok ikkje motta den verken i morgon eller i neste veke, men eg lovar at du skal få den i løpet av dei neste 365 dagene. Det einaste jeg ynskjer er at du skal gjere for meg er å gje det samme løftet i din eigen blogg.
Hagelagstur i solsteik
I går var hagelaget på tur til Stryn og Utvik. Vi hadde avtale om å vandre i to hagar. Veiret var heilt fantastisk, sol frå skyfri himmel, og knapt eit vindpust. Det var faktisk berre 4 som møtte opp. Vi fire fekk i alle fall inspirasjon og hageglede i bøtter og spann!
I den første hagen var denne rosebuska det første som møtte oss. Litt av eit syn der den velta seg nedover muren på utsida av tomta. Inne i hagen var det gangstiar i mellom beda, og der var knapt nok ein grastust å sjå nokon stad.
Dama som budde her brukte mykje tid på flytting av plantar, for å få til gode kombinasjonar i fargar og ulike bladverk. Vi fann mange slike flotte samplantingar. Heuchera og hosta var noko av det vi fann mykje av i hagen. Ho hadde visstnok ikkje vore særleg oppteken av roser tidlegare, men vi klarte no å finne nokre flotte eksemplar av dei også, vi.
Dette bordet falt vi pladask for. Det hadde ho sjølv laga for ca 20 år sidan. Det er støypt i betong, med runde, kvite steinar på toppen. Der låg ein fin pus og kosa seg på bordet, men den forsvann fort då eg ville fotografere den.
Den andre hagen fann vi i Utvik. Dette var litt av ein fantasihage. Her var det også gangstiar og sitjeplassar rundt omkring i hagen. Her var det heller ikkje særleg mykje plen å finne.
Denne primulaen var litt av eit syn. Eg har ikkje sett noko liknande før. Skulle gjerne visst kva denne heiter!
Litt betong til overs……Ho hadde fleire slike flotte betongarrangement. Eg syntest hjertet var den søtaste av dei.
Ein liknande gammal ovn har eg på loftet mitt…… Hmmmm…..skal tru om eg kan få til det samme?
Rhododendron på tur
Det er ei stund sida eg har vore innom og skrive noko her. Ikkje for at det skjer lite, men det er lite hobbyaktivitetar å skrive om for tida.
Den store Rhododendroen min har lagt ut på tur. Den måtte fjærnast i forbindelse med eit påbygg vi har starta med. Eg kjenner ei som har laga seg eit slags friareale på eigendomen sin, og ho trengte store Rhododendron til prosjektet sitt. Dermed sendte ho gubben i huset avgarde med bil og hengar. Trur nok han vart ein smule lang i maska når han såg kor stor den var. Endåtil har eg klipt av omlag halvparten av greinene… Tenkjer det var litt av eit syn oppover Stigedalen…..
Sånn ser det ut utanfor huset no. Ikkje akkurat trivelig for tida, men vi ventar på betre tider.
Må ha med litt kjekkare hagebilder…her er Clematis Duchess of Edinburgh med ein av sine fantastiske, fylte blomster. Den oppfører seg litt merkeleg, for den blomstrar innimellom andre plantar. Den strekkjer seg ikkje ut i lyset, slik eg hadde venta at den skulle gjere. Håpar det er fordi den er ny av året, og at den kjem meir fram i lyset til neste år.
Rose de rescht er ny av året. Finveiret og varmen som kom i dag gjorde at mange av blomstrane spratt ut i dag. Denne vert rekna som ei av dei historiske rosene, og den luktar deilig.