Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Rhododendron på tur

Det er ei stund sida eg har vore innom og skrive noko her. Ikkje for at det skjer lite, men det er lite hobbyaktivitetar å skrive om for tida.

 Den store Rhododendroen min har lagt ut på tur. Den måtte fjærnast i forbindelse med eit påbygg vi har starta med. Eg kjenner ei som har laga seg eit slags friareale på eigendomen sin, og ho trengte store  Rhododendron til prosjektet sitt. Dermed sendte ho gubben i huset avgarde med bil og hengar. Trur nok han vart ein smule lang i maska når han såg kor stor den var. Endåtil har eg klipt av omlag halvparten av greinene… Tenkjer det var litt av eit syn oppover Stigedalen…..

 Sånn ser det ut utanfor huset no. Ikkje akkurat trivelig for tida, men vi ventar på betre tider.

 Må ha med litt kjekkare hagebilder…her er Clematis Duchess of Edinburgh med ein av sine fantastiske, fylte blomster. Den oppfører seg litt merkeleg, for den blomstrar innimellom andre plantar. Den strekkjer seg ikkje ut i lyset, slik eg hadde venta at den skulle gjere. Håpar det er fordi den er ny av året, og  at den kjem meir fram i lyset til neste år.

 Rose de rescht er ny av året. Finveiret og varmen som kom i dag gjorde at mange av blomstrane spratt ut i dag. Denne vert rekna som ei av dei historiske rosene, og den luktar deilig.

Reklame

juli 2, 2008 Posted by | Hage | 2 kommentarar