Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Rhododendron på tur

Det er ei stund sida eg har vore innom og skrive noko her. Ikkje for at det skjer lite, men det er lite hobbyaktivitetar å skrive om for tida.

 Den store Rhododendroen min har lagt ut på tur. Den måtte fjærnast i forbindelse med eit påbygg vi har starta med. Eg kjenner ei som har laga seg eit slags friareale på eigendomen sin, og ho trengte store  Rhododendron til prosjektet sitt. Dermed sendte ho gubben i huset avgarde med bil og hengar. Trur nok han vart ein smule lang i maska når han såg kor stor den var. Endåtil har eg klipt av omlag halvparten av greinene… Tenkjer det var litt av eit syn oppover Stigedalen…..

 Sånn ser det ut utanfor huset no. Ikkje akkurat trivelig for tida, men vi ventar på betre tider.

 Må ha med litt kjekkare hagebilder…her er Clematis Duchess of Edinburgh med ein av sine fantastiske, fylte blomster. Den oppfører seg litt merkeleg, for den blomstrar innimellom andre plantar. Den strekkjer seg ikkje ut i lyset, slik eg hadde venta at den skulle gjere. Håpar det er fordi den er ny av året, og  at den kjem meir fram i lyset til neste år.

 Rose de rescht er ny av året. Finveiret og varmen som kom i dag gjorde at mange av blomstrane spratt ut i dag. Denne vert rekna som ei av dei historiske rosene, og den luktar deilig.

Advertisements

juli 2, 2008 - Posted by | Hage

2 kommentarar »

  1. Nice posting and very nice flowers.
    Happy day

    Kommentar av David Santos | juli 3, 2008 | Svar

  2. Oj, denne kvite klematisaen har eg ikkje sett før, hmm, kjem kanskje på kjøpelista??? Takk for tips om link, har lagt den ut på innlegget nederst, også eit bilde eg har teke i dag, så kikk litt der, fullt utsprungen blomst. Elles så var det eit fint innslag med to damer på Grønn glede der ei av dåkke gjekk og småprata i kjend stil!! Artig. Ang. tilbygget, du kunne kanskje vente litt med det og ha svømmebasseng der til sommaren er over???

    Kommentar av Juliann | juli 4, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: