Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Hagelagstur i solsteik

I går var hagelaget på tur til Stryn og Utvik. Vi hadde avtale om å vandre i to hagar. Veiret var heilt fantastisk, sol frå skyfri himmel, og knapt eit vindpust. Det var faktisk berre 4 som møtte opp. Vi fire fekk i alle fall inspirasjon og hageglede i bøtter og spann!

 I den første hagen var denne rosebuska det første som møtte oss. Litt av eit syn der den velta seg nedover muren på utsida av tomta. Inne i hagen var det gangstiar i mellom beda, og der var knapt nok ein grastust å sjå nokon stad.

 Dama som budde her brukte mykje tid på flytting av plantar, for å få til gode kombinasjonar i fargar og ulike bladverk. Vi fann mange slike flotte samplantingar. Heuchera og hosta var noko av det vi fann mykje av i hagen. Ho hadde visstnok ikkje vore særleg oppteken av roser tidlegare, men vi klarte no å finne nokre flotte eksemplar av dei også, vi.

 Dette bordet falt vi pladask for. Det hadde ho sjølv laga for ca 20 år sidan. Det er støypt i betong, med runde, kvite steinar på toppen. Der låg ein fin pus og kosa seg på bordet, men den forsvann fort då eg ville fotografere den.

 Den andre hagen fann vi i Utvik. Dette var litt av ein fantasihage. Her var det også gangstiar og sitjeplassar rundt omkring i hagen. Her var det heller ikkje særleg mykje plen å finne.

 Denne primulaen var litt av eit syn. Eg har ikkje sett noko liknande før. Skulle gjerne visst kva denne heiter!

 Litt betong til overs……Ho hadde fleire slike flotte betongarrangement. Eg syntest hjertet var den søtaste av dei.

 Ein liknande gammal ovn har eg på loftet mitt…… Hmmmm…..skal tru om eg kan få til det samme?

Reklame

juli 6, 2008 - Posted by | Hage

4 kommentarar »

  1. Ser ut som dere har hatt en flott og inspirerende tur!
    Primula vialii – kalles også Hyacintprimula.

    Kommentar av Edgar | juli 6, 2008 | Svar

  2. Tusen takk for utruleg kjapp respons 🙂
    Då fant eg også ut at den iblant kallast orkideprimula. Denne blir nok å finne på mi neste frøbestilling….

    Kommentar av eling | juli 6, 2008 | Svar

  3. Heisann. Litt av ei hagevandring, her var det mykje fint 🙂 Ønsker deg ei fin helg. Klem 🙂

    Kommentar av Ronille | juli 10, 2008 | Svar

  4. Det er så godt å få gå i andres hagar og berre dra til seg inspirasjon. Ofte ein får gode idear og arbeidslysta vaknar igjen. Flotte hagar du har vert innom, synd eg bor litt for langt unna til å leggje våre hage besøk med hagelaget dit.
    Ha ei fin hageveke.

    Kommentar av Mitt Fargerike | juli 13, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: