Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Utrivelig hagedag

Hagearbeid er kjekkast når når det er varmt og godt ute. Det treng vel strengt tatt ikkje være så varmt, men nokonlunde tørt bør det være. Då blir det meste så mykje lettare. Gode luktar er også noko som aukar hagegleda. Nokre plantar kan ein lukte lang veg når svak vind ber med seg lukta dit ein er, medan andre plantar spreier god lukt når du tek borti dei.

 Nokre lukter i hagen set eg mindre pris på. Komposten, for eksempel, er absolutt pyton! Eg prøver å fortrenge den så godt eg kan, og så lenge loket er på, så går det jo greit. Det er berre det at av og til vert den full, og sidan vi som komposterar ikkje får levere matrestar med søpla, så må den berre tømmast av og til. No kunne eg ikkje lenger ignorere det faktum at komposten var full, så det var berre å kle seg godt og gå ut i regnet og starte spadinga. Ein røynd kompostør vil nok sjå av biletet at denne komposten ikkje er heilt god. Eg har aldri heilt fått til komposten min, og det er vel difor den har denne kvalmande og intense lukta. Eg held ut kun fordi at eg ser at plantane diggar kompostjorda (og fordi eg har signert ei avtale miljøverket vårt).

 Det er ikkje berre i komposten det står dårleg til for tida. Sidan store deler av hagen min er oppgravd, fører regnet til at det vert vanvittig gjørmete rundt huset. Mine flotte hagestøvlar er ikkje lenger så flotte 😦 .

 Resten av skoparken i familien er heller ikkje særlig vakkert skue for tida.

 Til tross for all møkka rundt omkring her, så er det altså lyspunkt. Kjellarveggane er ferdig støypte, så det går virkelig framover. Etter at biletet var teke, har det også blitt fylt igjen ein del masse rundt murane, og forskalinga er fjærna.

Til tross for regn og gjørme og dårleg kompost, finst der ting å glede seg over i hagen:

 Denne sukkulenten blomstrar for første gong. Den er frå ei frøblanding eg sådde for eit par år sidan. Eg kjenner desverre ikkje navnet på den.

 Stokkrosene har så vidt starta blomstringa si. Nigra er først ute.

 Denne peonen flytta eg for litt sidan. Då stod den med massevis av blomsterknoppar, så eg var spent på korleis det ville gå. Som dåkke ser, så gjekk det heilt flott 🙂 . Akkurat no heng den med hovudet, fordi dei store flotte blomstrane vert tunge av regnet.

Reklame

juli 16, 2008 Posted by | Hage, Interiør/oppussing | 4 kommentarar