Søte små oppbevaringsposar
Fekk lyst å vise dåkke dei søte oppbevaringsposane eg har laga. Innsida er sydd av voksduk, medan utsida er vanleg bommulsstoff i fargar som matchar. Kvar pose har fått montert 2 ringar som kan være kun til pynt, eller til å henge posen opp etter. Mønsteret bestilte eg frå Stoff og stil. Her står dei opplina i bokhylla mi, men dei er flotte til å henge opp også.
Den eine posen med lam på har eg gitt vekk. Den vart hengt på baderomsspegelen på ein knagg med sugekopp. Oppi posen hadde hårstrikk og hårbørste fått plass.
På bildet over ser du posane fylt med forskjellige ting, berre for å vise kva dei kan duge til. Som blomsterpotte var dei nok litt ustødige.
Oppi den eine posen ser du vaskeklutar som er strikka etter Ronille si oppskrift. Eg har ikkje prøvd dei enno, men eg har strikka ein god del av dei. Nokre har eg gitt vekk. Dei er jo superenkle å strikke, så det er så greit å ha med seg overalt, tar nesten ingen plass i veska.
Vennskapsblokk i posten
Denne lappen har Limola sydd til meg. Riktig søt var den!
Pedora har laga denne. Eg trur dette må være 4 trådsneller. Det var artig med den rosa firkanten på kvar av snellene. Den er sydd slik at den ligg utanpå, og gjev difor ein tredimensjonal effekt.
Då har altså mottat alle lappane til vennskapsteppet, så no kan eg kan sy saman lappane til eit lite teppe. Før eg kan sy dei saman, må eg lage lapp nr 9 sjølv. Det blir nok litt spekulasjon før eg finn ut korleis den skal være, og korleis alle lappane skal syast saman.
Ein hageeigar treng såvist ikkje noko treningsstudio
I alle fall ikkje den som eig slike jorddungar 😉
Dette hjørnet i hagen skulle liksom være ferdig planert og sådd til med gras før eg var ferdig med ferien. Sånn gjekk det altså ikkje. Fekk gjordt ein heil del før vi reiste på tur, heile dette området var dekka med ein enorm jordhaug etter at vi var ferdige med utgravinga på oversida av huset. Etter ferieturen klarte eg berre ikkje å finne inspirasjon til å fortsette å grave.
Her ser du frå andre sida. Haugen ser nesten endå meir skremmande ut frå denne vinkelen. Legg merke til tredet bakerst i bildet, kjem tilbake til det lenger nede.
Ta da!!! Sånn ser det ut no 🙂 . Klart til å gå over med ei horv, før finplanering og såing. I dag kom altså den svæt så etterlengta inspirasjonen over meg, og då er det ikkje måte på kva ein får gjordt 🙂 . Det var tungt arbeid, men når eg hadde kome så langt at eg såg enden på det, så var det akkurat som om eg fekk litt ekstra energi.
Her er altså treet frå biletet lenger oppe, og det er det far i huset som eig. Det har i fleire år gått for å være eit pæretre. Far har ete frukt og putta steinen i ein av blomsterpottene i vindauget. Etter spiring har han styra og stelt med det som om det skulle vore gull.
Etter kvart ser vi jo at dette ikkje er noko pæretre. Det er altså eple, men kva sort det er veit vi selvfølgelig ikkje. Epla er knøttsmå enno, omlag som ei stor klinkekule. Epla som heng på treda i nabolaget har heilt andre dimensjonar. Det blir no litt spennande å sjå om det vert etande epler av det.
Så over til noko av det som blomstrar i hagen for tida:
Clematis Piilu og Stokkrosen «Nigra» passar svært godt saman.
Dette er Clematis Kardynal Wyzynski. Det er første året den blomstrar. Har hatt den i 4-5 år, og såleis venta leeeeenge på blomstringa. I fjor kom ein knopp på den, men frosten kom før den rakk å sprette ut. Når den endelig blomstra, vart eg nesten litt skuffa. Eg trudde den skulle være raud, men det er den altså ikkje. På biletet under er dei to blomstrane som kom først. Dei er faktisk litt pinglete, og ikkje mykje å rope hurra for.
Denne clematisen, derimot er virkelig lekker! Denne heiter Ville De Lyon.
Navnlaus lilje. Det tok mange år før denne blomstra også. Men når den først blomstra, så var det litt av eit syn 🙂 .
Blåtur med lappeklubben
I går arrangerte NLQ blåtur. Turen gjekk til Kråkenes og Kråkenesfjellet. Her ser du underteikna på toppen av fjellet med utsikt over Kråkenes. For den som lurar på kor fyret er, så er det altså bakom den vesle fjellknausen øverst i bildet. Veiret var heilt fantastisk, med sol og varme. Det vesle som var av vind var akkurat nok til at vi ikkje såg ein einaste mygg 🙂 .
Derimot såg vi ei ørn. Har desverre for dårlig kamera til at eg fekk zooma inn. Om ikkje du klarar å sjå ørnen, så kan du nyte den blå himmelen, om ikkje anna 😉 .
Som seg hør og bør på ein blåtur ved havet, var det reker på menyen. Rekene vart servert i det vesle skulehuset på Kråkenes. Turen var ein kjekk start på neste sesong i lappeklubben. Eg kjenner at eg gler meg til å komme i gang igjen. Første tirsdagen i månaden er liksom høgdepunktet i månaden, for det er då lappeklubben treffest.
Alle fekk trekke seg ein liten pakke frå korga til Ingun. Det var 4 stoff i kvar pakke. Det var ulike stoff i pakkane, men dei likna på kvarandre. Det fulgte forpliktelsar med denne gåva. Vi skal sy kvar sin ting som skal være inspirert av denne blåturen. Eg er så dårleg på å finne på ting sjølv, så det vert nok ein del grubling før eg finn ut korleis eg skal bruke dei…..
I helga var vi i bursdag til ei søt lita jente som eg er tante til. I presang fekk ho denne kjolen. Den er sydd etter mønster eg fann i eit gammalt Ottobre blad. Desverre viser ikkje bildet så godt detaljane, eg burde visst tatt nærbilder av lommene. Lommene var no eit kapittel for seg. Dei er sydd saman av to deler, der den eine delen vart falda inn. Ganske pene lommer, forresten. Då kjolen var ferdig sydd, held eg den opp framfor meg for å beundre mesterverket….og kva trur du eg ser då?? Lommene er sydd på baksida av kjolen.. Det kom nok nokre gloser eg ikkje skal gjenta, medan eg leita etter sprettekniven i skuffa mi 😉 .
Har sydd ferdig lappane til vennskapsteppet
For litt sidan sendte eg avgarde dei 4 siste lappane eg skulle sy til vennskapsteppet. Eg var litt seint ute med julilappane mine, så når eg berre fekk setje meg ned på syrommet, tok eg likså godt både juli- og augustlappar.
Denne har Linole fått.
Denne har Celina fått.
Og til slutt ein lapp til Pedora.
No er det berre å vente på resten av lappane eg skal få, så skal eg sy ein lapp sjølv som skal monterast i lag med dei. Det blir nok ei utfordring å setje saman lappane til eit teppe, men eg gledar meg virkelig til å sjå det ferdig.
Har prøvd å tømme restekorga mi
Eg hadde liggande to små stichery som aldri vart til noko meir. Brøda i brødkorga var eit prosjekt i NLQ tidlegare i år. Biletet av huset var det første sticheryet eg prøvde meg på. Etter at dei var ferdige, vart dei liggjande å slenge.
Så ein dag fann eg ut at noko måtte gjerast med restekorga mi. Sjølv om eg prøver så godt eg kan å bruke restar undervegs i prosjekta ming, blir det likevel trangt oppi restekorga. Begge sticherya fekk bord av restestoff og har no blitt perfekte underlag i serveringsbrettet mitt.
På bileta under er det to små dukar som pynter opp på badet. Dei er også sydd av stoff frå restekassa. Der er dei største bitane 4,5 cm store! Det blir så smått, at sjølv om ein syr etter samlebandsprinsippet, tek det laaaang tid.
Til og med baksida er lappa saman.
Det er fortsatt vanskelig å få att loket på restekorga…..eg ser faktisk ikkje at det minkar oppi der 😉
Ny vennskapslapp
Her er det nyaste tilskotet til vennskapsteppet mitt. Nydelig lapp frå Rita R låg i postkassa i dag. Den passar perfekt til lappane eg har fått tidlegare.
Fleire Polkadot-deler er ferdige
Kvar månad sidan mai har eg fått tilsendt ein konvolutt med deler til Polka dot girl. Har lagt litt på etterskudd med broderinga i sommar. Så fekk eg tak i lydboka Jenta som lekte med ilden av Stieg Larsson. Då oppdaga eg at lydbok og stichery er ein perfekt kombinasjon. Den siste veka har eg sete time etter time og kosa meg, og to av månedsblokkene er gjordt unna i ein fei.
Over er to av blokkene avbilda. Under er det eit par nærbilder av sticherya. Skulle gjerne hatt ein slik sofa i virkeligheita. Det hadde vore ein passande stad å sitte å kose seg med handarbeid.
Her ligg blokkene eg er ferdig med så langt. Det blir ein gedigen og flott duk til pynt på kjøkkenbordet mitt :).
Picadilly – mi flottaste rose
Desse fire bileta er av fire ulike blomster på favorittrosa mi. Picadilly heiter den. Eg har meldt rosa på i konkurranse hos Anne på Moseplassen. For å være med i konkurransen, skal eg gje rosa eit eigennamn. Etter å ha fundert på eit slikt navn, har eg funne ut at det må bli *Picadilly Nordlys*, av to grunnar: den er vakker å sjå på, og fargane er i stadig endring. Den har tofarga blomster, og fargane endrar seg etter kor langt i blomstringa den har komt. Som knopp er den skarlagensraud og gul, og går over til å bli rosa og gul når den er i ferd med å visne. Den blomstrar heile sesongen.
Rosa vart flytta tidlegare i sommar, og det var berre ei lita rot som vart med planten. Den visna kraftig ned, men når den fekk litt tid på seg så kom den seg jammen! No blomstrar den villig igjen 🙂 .
Eg tek med nokre bilete av eit par riddersporer eg sådde i vår:
Eg har lurt litt på kva slags ridderspore dette er. Det har no gått opp for meg at desse er sådd som Delphinium «funeral parlours». På biletet på frøpakken er blomstrane nærast svarte. Desse er virkelig mest kvite. Det ser nesten ut som at det ligg eit tynt lag sot på blomstrane.
God helg til alle som er innom 🙂 !
Det er mykje som spirar og gror for tida
Tanken min i dag var eigentleg å vise kva som blomstrar i hagen for tida, men det er slett ikkje berre ute det gror godt…. Dette brødet vart gløymt att når vi reiste på ferie, så når vi kom heim att var det nesten ferdigkompostert.
Dette skal være Clematis «Pink fantasy». Den er så lik «Piilu» på biletet over at eg er bortimot 100% sikker på at den må ha vore feilmerka når eg kjøpte den. Dei to plantane blomstrar også på nøyaktig samme tid. Dei blomstrane som er på bileta eg får når eg søkjer etter «Pink fantasy» på Google bildesøk er også ganske så ulike.
Clematis «Princess Diana» er virkelig elegant! Navnet har den i alle fall fått med rette. Like flott som den virkelige Diana var! Det er første gong den blomstrar, så det var virkelig kjekt å sjå den i blomst.
Staudeblomsterertene breiar seg virkelig! Eg planta i si tid ei rekkje med sjølvsådde blomstererter, som eg tenkte skulle få ligge utover ein mur. Det vart liksom ikkje noko av desse sukkerertene den sommaren, og nokre av dei vart ruska vekk til fordel for andre sommarblomster. Tre av dei vart derimot ståande att. Neste vår kom dei opp att, og det viste seg altså at desse var stauder. Joda, eg veit at eg bør lese godt på frøpakken, men likevel dukkar det stadig opp overraskingar…. No er i alle fall desse tre skikkelig villige, nesten litt for villige. Dei er kraftige i vekst og krev virkelig å få komme fram og vise seg. Pælerot har dei også, så det er nok ikkje berre og berre å flytte dei heller, tenkjer eg.
Aprikos stokkrose. Kun ein som spira av nokre frø eg bytta til meg. Utruleg fin og fylt er den i alle fall. Denne skal eg ta frø av, slik at eg kan ha den i hagen framover.
Bileta nedanfor viser to riddersporer som eg sådde i vår. Liknar nokre eg har frå før i blomsten, men dei er ganske lave, ca 40 cm. Eg veit ikkje om dei vil verte høgare neste år, ikkje veit eg navnet på dei heller. Jada, det var det med å merke godt og lese godt på frøpakken……