Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Det er mykje som spirar og gror for tida

 Tanken min i dag var eigentleg å vise kva som blomstrar i hagen for tida, men det er slett ikkje berre ute det gror godt…. Dette brødet vart gløymt att når vi reiste på ferie, så når vi kom heim att var det nesten ferdigkompostert.

Clematis «Piilu»

 Dette skal være Clematis «Pink fantasy». Den er så lik «Piilu» på biletet over at eg er bortimot 100% sikker på at den må ha vore feilmerka når eg kjøpte den. Dei to plantane blomstrar også på nøyaktig samme tid.  Dei blomstrane som er på bileta eg får når eg søkjer etter «Pink fantasy» på Google bildesøk er også ganske så ulike.

 Clematis «Princess Diana» er virkelig elegant! Navnet har den i alle fall fått med rette. Like flott som den virkelige Diana var! Det er første gong den blomstrar, så det var virkelig kjekt å sjå den i blomst.

 Rosa «Sommerwind»

 Staudeblomsterertene breiar seg virkelig! Eg planta i si tid  ei rekkje med sjølvsådde blomstererter, som eg tenkte skulle få ligge utover ein mur. Det vart liksom ikkje noko av desse sukkerertene den sommaren, og nokre av dei vart ruska vekk til fordel for andre sommarblomster. Tre av dei vart derimot ståande att. Neste vår kom dei opp att, og det viste seg altså at desse var stauder. Joda, eg veit at eg bør lese godt på frøpakken, men likevel dukkar det stadig opp overraskingar…. No er i alle fall desse tre skikkelig villige, nesten litt for villige. Dei er kraftige i vekst og krev virkelig å få komme fram og vise seg. Pælerot har dei også, så det er nok ikkje berre og berre å flytte dei heller, tenkjer eg.

 Aprikos stokkrose. Kun ein som spira av nokre frø eg bytta til meg. Utruleg fin og fylt er den i alle fall. Denne skal eg ta frø av, slik at eg kan ha den i hagen framover.

Bileta nedanfor viser to riddersporer som eg sådde i vår. Liknar nokre eg har frå før i blomsten, men dei er ganske lave, ca 40 cm. Eg veit ikkje om dei vil verte høgare neste år, ikkje veit eg navnet på dei heller. Jada, det var det med å merke godt og lese godt på frøpakken……

    

Reklame

august 5, 2008 - Posted by | Hage

4 kommentarar »

  1. Jeg er ikke sikker men jeg lurer på om de nederste er kinesiske riddersporer. Fine er de i allefall 🙂
    Men fint var da virkelig det meste du har tatt bilder av 😉 Spesielt flotte klematis,og spesielt flott med «Prinsess Diana»! Den skal jeg skrive meg bak øret.

    Kommentar av anne- moseplassen | august 6, 2008 | Svar

  2. Kinesiske riddersporer.. Det var stikkordet eg trengte for å finne ut kva slags ridderspore eg har. Det er altså ein Delphinium Dvarf blue butterfly. Takk for hjelpa Anne!

    Kommentar av eling | august 6, 2008 | Svar

  3. bare hyggelig, jeg liker de spesielt godt selv 🙂

    Kommentar av anne- moseplassen | august 9, 2008 | Svar

  4. For en nyyyydelig stokkrose! 🙂

    Kommentar av bubbs | juni 7, 2009 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: