Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Picadilly – mi flottaste rose

    

 

Desse fire bileta er av fire ulike blomster på favorittrosa mi. Picadilly heiter den. Eg har meldt rosa på i konkurranse hos Anne på Moseplassen. For å være med i konkurransen, skal eg gje rosa eit eigennamn. Etter å ha fundert på eit slikt navn, har eg funne ut at det må bli *Picadilly Nordlys*, av to grunnar: den er vakker å sjå på, og fargane er i stadig endring. Den har tofarga blomster, og fargane endrar seg etter kor langt i blomstringa den har komt. Som knopp er den skarlagensraud og gul, og går over til å bli rosa og gul når den er i ferd med å visne. Den blomstrar heile sesongen.

Rosa vart flytta tidlegare i sommar, og det var berre ei lita rot som vart med planten. Den visna kraftig ned, men når den fekk litt tid på seg så kom den seg jammen! No blomstrar den villig igjen 🙂 .

Eg tek med nokre bilete av eit par riddersporer eg sådde i vår:

  

Eg har lurt litt på kva slags ridderspore dette er. Det har no gått opp for meg at desse er sådd som Delphinium «funeral parlours». På biletet på frøpakken er blomstrane nærast svarte. Desse er virkelig mest kvite. Det ser nesten ut som at det ligg eit tynt lag sot på blomstrane.

God helg til alle som er innom 🙂 !

Advertisements

august 8, 2008 - Posted by | Hage

6 kommentarar »

  1. Den rosa var nydelig ja!

    Kommentar av Silja | august 8, 2008 | Svar

  2. Fy fela, den rosen din var bare knall-fin! Dårlig med roser på min veranda, men mer av pelargonier kan du si… *fnis*
    Ha en super helg!

    Kommentar av LilleBlå | august 8, 2008 | Svar

  3. så flott ei rose! jeg er svak for de som utvikler seg i farge. Sekel er litt slik som din, starter gul og ender i rosa, virkelig flott i store beplantninger.

    Har du forresten sett at jeg har en liten rosekonkurranse inne hos meg?

    Kommentar av anne- moseplassen | august 9, 2008 | Svar

  4. Rosekonkurransen hadde eg ikkje lagt merke til. Har meldt meg på, så då blir det spennande å sjå korleis Picadilly klarar seg 🙂

    Kommentar av eling | august 9, 2008 | Svar

  5. så flott at du er med 😀
    Men er picadilly det offisielle «gartner» navnet? I såfall så ber jeg om at du setter et ekstra navn på henne, et egennavn, (det er litt for å gi personlighet til blomstene, og litt fordi det ofte er flere enn en av samme navnsort som presenteres – kansje ikke akkurat av denne, men likt ska det være 😉 )

    Kommentar av anne- moseplassen | august 9, 2008 | Svar

  6. No har eg endra litt på posten min, og rosa har fått eit pent navn av meg :). No er det berre å vente i spenning og sjå kva som skjer i konkurransen framover….

    Kommentar av eling | august 10, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: