Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Ein hageeigar treng såvist ikkje noko treningsstudio

I alle fall ikkje den som eig slike jorddungar 😉

Dette hjørnet i hagen skulle liksom være ferdig planert og sådd til med gras før eg var ferdig med ferien. Sånn gjekk det altså ikkje. Fekk gjordt ein heil del før vi reiste på tur, heile dette området var dekka med ein enorm jordhaug etter at vi var ferdige med utgravinga på oversida av huset. Etter ferieturen klarte eg berre ikkje å finne inspirasjon til å fortsette å grave.

Her ser du frå andre sida. Haugen ser nesten endå meir skremmande ut frå denne vinkelen. Legg merke til tredet bakerst i bildet, kjem tilbake til det lenger nede.

Ta da!!! Sånn ser det ut no 🙂 . Klart til å gå over med ei horv, før finplanering og såing. I dag kom altså den svæt så etterlengta inspirasjonen over meg, og då er det ikkje måte på kva ein får gjordt 🙂 . Det var tungt arbeid, men når eg hadde kome så langt at eg såg enden på det, så var det akkurat som om eg fekk litt ekstra energi. 

Her er altså treet frå biletet lenger oppe, og det er det far i huset som eig.  Det har i fleire år gått for å være eit pæretre. Far har ete frukt og putta steinen i ein av blomsterpottene i vindauget. Etter spiring har han styra og stelt med det som om det skulle vore gull.

Etter kvart ser vi jo at dette ikkje er noko pæretre. Det er altså eple, men kva sort det er veit vi selvfølgelig ikkje. Epla er knøttsmå enno, omlag som ei stor klinkekule. Epla som heng på treda  i nabolaget har heilt andre dimensjonar. Det blir no litt spennande å sjå om det vert etande epler av det.

Så over til noko av det som blomstrar i hagen for tida:

Clematis Piilu og Stokkrosen «Nigra» passar svært godt saman.

Dette er Clematis Kardynal Wyzynski. Det er første året den blomstrar. Har hatt den i 4-5 år, og såleis venta leeeeenge på blomstringa. I fjor kom ein knopp på den, men frosten kom før den rakk å sprette ut. Når den endelig blomstra, vart eg nesten litt skuffa. Eg trudde den skulle være raud, men det er den altså ikkje. På biletet under er dei to blomstrane som kom først. Dei er faktisk litt pinglete, og ikkje mykje å rope hurra for.

Denne clematisen, derimot er virkelig lekker! Denne heiter Ville De Lyon.

Navnlaus lilje. Det tok mange år før denne blomstra også. Men når den først blomstra, så var det litt av eit syn 🙂 .

Advertisements

august 25, 2008 - Posted by | Hage |

Éin kommentar »

  1. gratulerer med vel utført arbeid! Jeg snakket med en bedriftslege en gang som satt og krysset av på ett skjema for å kartlegge helsa. Når han kom til «trener du» svarte jeg naturligvis -nei, det gjør jeg ikke. For jeg gjør jo ikke det… Og så passet jeg på å si; men jeg går til jobben hver dag og er ellers aktiv i hagen og med turer i marka… (du kan tro han var rask med å krysse ut det latpasientkrysset han hadde satt gitt *hihi*)
    Flott klematis forresten!

    Kommentar av anne- moseplassen | august 31, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: