Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Søte små oppbevaringsposar

Fekk lyst å vise dåkke dei søte oppbevaringsposane eg har laga. Innsida er sydd av voksduk, medan utsida er vanleg bommulsstoff i fargar som matchar. Kvar pose har fått montert 2 ringar som kan være kun til pynt, eller til å henge posen opp etter.  Mønsteret bestilte eg frå Stoff og stil. Her står dei opplina i bokhylla mi, men dei er flotte til å henge opp også.

Den eine posen med lam på har eg gitt vekk. Den vart hengt på baderomsspegelen på ein knagg med sugekopp. Oppi posen hadde hårstrikk og hårbørste fått plass.

På bildet over ser du posane fylt med forskjellige ting, berre for å vise kva dei kan duge til. Som blomsterpotte var dei nok litt ustødige.

Oppi den eine posen ser du vaskeklutar som er strikka etter Ronille si oppskrift. Eg har ikkje prøvd dei enno, men eg har strikka ein god del av dei. Nokre har eg gitt vekk. Dei er jo superenkle å strikke, så det er så greit å ha med seg overalt, tar nesten ingen plass i veska.

Advertisements

august 31, 2008 - Posted by | Lappeteknikk

2 kommentarar »

  1. Heisann. Flotte posa du har sydd 🙂

    Kommentar av ronille | september 1, 2008 | Svar

  2. Fine klutar også, Ronille 😉

    Kommentar av eling | september 1, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: