Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

La Rose og Tildas hus

                                        

I går fekk eg omsider somla meg til å kjøpe stoff til mellomverket til vennskapsteppet mitt. I utgangspunktet hadde eg tenkt å ha lyst mellomverk, men etter kommentarer og tips på dette innlegget skjønte eg at eg nok burde ha litt meir farge på mellomverket. Takk for gode forslag! 🙂 No er stoffet vaska og klart til at eg kan begynde å skjære i det.

  

Det var ikkje berre stoff å få kjøpt i butikken. Eg har ikkje vore så oppteken av Tilda tidlegare, men i butikken hang ein ferdigsydd modell av veggbildet på det høgre biletet. Veggbildet var såpass lekkert at eg måtte forhøyre meg litt om mønsteret…….plutselig var boka betalt…..

I boka var det massevis av lekre dippedutter som eg kan sy til huset og som små gaver til venner og bekjente. Eg kjem heilt sikkert tilbake med saker eg har laga ut frå boka.

                                                

I Quiltemagasinet 2/2008 fann eg mønstere på denne løparen. Det er AnnAKa som har designa den. Har lenge tenkt at det var på tide å sy noko nytt til stovebordet, og denne løparen var faktisk midt i blinken.

                                      

I mønsteret  er teksten trykt med stoffarge. Stoffarge har eg aldri prøvd, og eg hadde difor ingenting å farge med. Derimot hadde eg ein del rester av gammal broderitråd, og sidan eg for tida har styra med stitchery, så valgte eg å brodere teksten i staden.  I det breie lyse feltet under teksten skulle det være ein kroklisse. Av mangel på kroklisse, sydde eg på ein blondekant.

Reklame

september 28, 2008 Posted by | Lappeteknikk, Vennskapsteppe | , , | 3 kommentarar

Blomstring i september

  Tropaeolum speciosum, ildblomkarse. Dette er ein staudeblomkarse, og den er absolutt på sitt finaste på denne tida. Den blomstrar med eit hav av blomster og er litt av eit syn!

  I hagen min står fleire gladioluser. Løkane har faktisk overvintra frå i fjor. Eg hadde avskrive dei heilt i og med at eg ikkje fekk tatt inn løkane i fjor. Den milde vinteren er nok årsaka til at dei spira i vår.

 Clematis Kardynal Wyzynski i full flor. Den lave sola gjorde det vanskeleg å ta gode bilder. (For den som lurar, så er bileta nokre dagar gamle. Har ikkje sett snurten av sola i dag, desverre).

 

Denne staudesolsikka fekk eg av ei veninde i fjor. Nydelige gule blomster.

      

Trengte litt pynt på bordet i dag, sidan eg skulle ha besøk av damene i hagelaget 😉 . Der var faktisk utruleg mykje flotte blomster ute no.

september 25, 2008 Posted by | Hage | 5 kommentarar

Vennskapsteppe på vent

 

Sånn ser mitt bidrag til vennskapsteppet ut. Nokre av dei som har sydd lappar har ferdigsydde navnelappar som dei har sendt med, og nokre har sydd navnelapp for hand. Eg hadde lyst å ha navnet på alle deltakarane på teppet, og syntest det var dumt å skjule navna på baksida. Difor valde eg å lage navnelappar til dei som mangla, og sydde dei litt sånn på kryss og tvers på min lappe.

Her heng alle lappane på veggen på hobbyrommet. Eg har ikkje nok stoff til å lage mellomverk på dei, så eg må nok ut på shopping. Problemet er at eg ikkje klarar å bestemme meg for korleis eg vil at mellomverket skal være. Tenkte først på å ha eit lyst stoff, men det er mulig at lappane kjem betre til sin rett om eg har litt meir farge. Mulig det blir rosa…..eller kanskje grønt…..eller….

september 21, 2008 Posted by | Lappeteknikk, Vennskapsteppe | 8 kommentarar

Jentetur i Tafjordfjella

 

I helga var eg så heldig å få vere med denne jentejengen på hyttetur i Tafjordfjella. Dette bildet er teke før vi forlot bilen ikkje så langt frå Kaldhusseter, sa 600 moh. Det regna, men det var så og seie vindstille. Antrekka var i orden, så litt regn uroa ikkje oss i heileteke. Ruta vår var KaldhusseterDanskehytta –Reindalssetra .

 

Her er planen vår for helga. Punktvis sett opp, så vi var heilt sikre på at vi skulle få plassert rett bil på rett plass, og i det heile tatt klare å komme oss på rett hytte på rette dagen.

Dette er på veg til Danskehytta. Desverre fekk ikkje eg kjøpt meg kart, så no er eg ikkje i stand til å fortelje dåkke akkurat kor i fjellet bildet er teke. Her har vi gått gjennom eit nokonlunde flatt og fint terreng, men er no på veg opp ei bratt steinrøys.

 

Deler av vegen måtte klatrast opp. Her hang det tau som vi kunne holde oss i på veg opp. Her er det underteikna som klatrar.

Slitne etter kvart, men glade fordi vi fant eit skilt der det stod at det berre var 1,3 km att til Danskehytta. Det var nok ingen av oss som hadde nokon ide om kor strabasiøs den siste biten skulle bli. Det var ei steinrøys som var så lang og bratt at eg aldri i verda hadde trudd at folk med vetet i behold ville begynde å klatre opp der. Det er mulig at vi på det tidspunktet var såpass slitne at vi ikkje hadde vetet i behold lenger – vi begynte i alle fall klatringa….

Heldigvis var der allereie folk på hytta då vi kom, så det var fyrt opp, og varmt og godt. Dei som var der var godt kjende i området, så vi fekk vete ein god del om området og turmulighetane omkring.

Neste morgon hadde vi denne utsikta frå hytta.

1543 meter over havet. Vindstille og skyfri himmel. Kan vi ha det betre?

 

Skulle gjerne fortalt dåkke kva fjelltoppen midt i biletet heiter, men så var det det kartet som mangla…

Edit: May Britt har vore så kjekk å fortelje at det er Setrehornet vi ser på biletet 🙂

Siste stoppeplass før Reindalsseter. Hyttene ligg rett til høgre for vatnet. Om du klikkar på biletet får du opp eit større, der du lettare kan sjå hytta. Høgdeforskjellen på punktet biletet er teke og der hytta ligg, er ca 400 m. Vi gjekk nesten rett ned her. Gjett om eg prisa meg lykkelig for at eg har vore flittig på fjellet og fått trena opp knemusklaturen min, for denne etappen kjende vi godt!

Kloke ord på vegen.

Vakkert ved Zakkariasdammen 🙂

Tenk at vi kunne være så vanvittig heldige med veiret! Både laurdag og søndag var det sol frå skyfri himmel og vindstille. Til og med på dei høgaste punkta var det bort i mot vindstille, noko eg nesten ikkje trudde var mulig.

Turen var strabasiøst nok til tider, men mest av alt var det fint å gå. Vi è så stolte av oss sjølve fordi at vi klarte turen! 🙂

september 8, 2008 Posted by | Diverse | | 8 kommentarar

Mathildes sommerveske

For ei tid tilbake fant eg mønsteret på Mathildes sommarveske av AnnAKa. Den var berre så søt og lekker at eg kunne ikkje la være å handle. Så gjekk det som det ofte gjer, tida går utan at eg kjem meg i gang med prosjektet, og sommarveska vart til haustveske. Her er nokre bilete av prosessen.

 Hmm…her er det  noko muffens med lommene….. 

 Sånn ja, lese mønsteret, sprette opp att, så brette og sy…… Så blir det så fint så…

 

Det offwhite stoffet er frå ein gammal duk eg har hatt liggande lenge. Den hadde ein stygg kaffiflekk som eg ikkje klarte å vaske vekk. Eg klarte heller ikkje å unngå flekken viss eg skulle ha nok stoff. Den lyse biten av baksida måtte lappast saman for å få nok til veska.

 Ein merkelapp som hang på nokre bukser eg kjøpte for litt sida vart perfekt til å skjule kaffiflekken og sømmane på baksida av veska.

 Ei søt lita lomme med glidelås på innsida.

 Sånn vart den til slutt. Perfekt størrelse og retteleg søt.

God helg 🙂 !

 

september 4, 2008 Posted by | Lappeteknikk | | 7 kommentarar