Mathildes sommerveske
For ei tid tilbake fant eg mønsteret på Mathildes sommarveske av AnnAKa. Den var berre så søt og lekker at eg kunne ikkje la være å handle. Så gjekk det som det ofte gjer, tida går utan at eg kjem meg i gang med prosjektet, og sommarveska vart til haustveske. Her er nokre bilete av prosessen.
Hmm…her er det noko muffens med lommene…..
Sånn ja, lese mønsteret, sprette opp att, så brette og sy…… Så blir det så fint så…
Det offwhite stoffet er frå ein gammal duk eg har hatt liggande lenge. Den hadde ein stygg kaffiflekk som eg ikkje klarte å vaske vekk. Eg klarte heller ikkje å unngå flekken viss eg skulle ha nok stoff. Den lyse biten av baksida måtte lappast saman for å få nok til veska.
Ein merkelapp som hang på nokre bukser eg kjøpte for litt sida vart perfekt til å skjule kaffiflekken og sømmane på baksida av veska.
Ei søt lita lomme med glidelås på innsida.
Sånn vart den til slutt. Perfekt størrelse og retteleg søt.
God helg 🙂 !
Så kjempesøt en veske! Nydelige stoffer, og flott design.
Herlig denne ble…
Wow, så lekker veske!! Nydelig stoff og vakkert laget 🙂
Så flott veske. En hygglig blogg du har laget!
Heisann. Innom for å ønske deg ei fin helg 🙂 Nydelig veske Elin, og det var denne helga dokke skulle vore på tur. No er det sol 🙂
Klem fra Ronille.
Å, du…det var nok sol i bøtter og spann forrige helg også. Det var berre fredagen det regna 🙂
Denne helga skal eg desverre jobbe i solsteika 😦
Kjempesøt!
Skulle ønske jeg var så flink!