Blomstring i september
Tropaeolum speciosum, ildblomkarse. Dette er ein staudeblomkarse, og den er absolutt på sitt finaste på denne tida. Den blomstrar med eit hav av blomster og er litt av eit syn!
I hagen min står fleire gladioluser. Løkane har faktisk overvintra frå i fjor. Eg hadde avskrive dei heilt i og med at eg ikkje fekk tatt inn løkane i fjor. Den milde vinteren er nok årsaka til at dei spira i vår.
Clematis Kardynal Wyzynski i full flor. Den lave sola gjorde det vanskeleg å ta gode bilder. (For den som lurar, så er bileta nokre dagar gamle. Har ikkje sett snurten av sola i dag, desverre).
Denne staudesolsikka fekk eg av ei veninde i fjor. Nydelige gule blomster.
Trengte litt pynt på bordet i dag, sidan eg skulle ha besøk av damene i hagelaget 😉 . Der var faktisk utruleg mykje flotte blomster ute no.
Du har masse fint i hagen din, ja. Dette har vore ein fantastisk haust. Mykje som ikkje fekk blomstra i fjor som har stått i fullt flor lenge nå. Lykke til med møtet… Vi medlemmene vil gjerne ha fleire hagevendringar vi da. Er det noko eg kan bidra med, så sei frå. Er litt bunden i vekene nå, men har da litt tid torsdag-søndag.
Heisann. Stikker innom med en god helg klem 🙂
Så fine blomster! Ha en kreativ helg!
Praktfult!
Masse flotte blomster 🙂
Hos meg har det begynt å dabbe av.
Men Kinasøta og ein klematis blomstrsr flott no.
Og ei megatreg solsikke.
Ha ei god helg inn på Eid.