Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Årets første snø

   

Det vart mørke bilder i dag, men skulle det bli bilder av årets første snø, måtte det skje tidleg på morrakvisten før eg reiste på jobb. Det blir nesten julestemning av dei skinnande snøfnugga som dalar ned i mørket.

 Ellers har vinden som herja i helga jobba godt med hagen.  Clematisane mine må nok få seg nye klatrestativ til våren. Desse klatrestativa er nok berre å hive på søppeldynga.

Ikkje fullt så kjekt å vise hagebilder no som tidlegare i sesongen 😉

Reklame

oktober 28, 2008 Posted by | Hage | 8 kommentarar

Ikkje gje opp…det blir nok bra til slutt….

     Jepp, av og til må eg berre klø meg i hovudet. Nokre prosjekt vil liksom ikkje heilt vere med på morroa. Har prøvd å sy ei bukse til guttungen, men det vart misslykka.

 så no ligge brokja slik… Har tatt av linninga og glidelåsen, og skal klippe av litt, og feste linninga ca 5 cm lavare. Det er ikkje særleg morro å ta igjen misslykka prosjekt, så eg bør vel prøve å gjere det ferdig så snart som råd, ellers vert vel buksedelane liggande i ei skuff til guttungen er voksen…..

 Sidan eg hadde kjøpt alt for mykje stoff til kjolen til dattera mi for litt sidan, så var der nok til både ein og to små kjolar. Her er ein eg har sydd til niesa mi i dag.

 Nederste delen av kjolen er falda, medan øverste delen er heilt enkel.

Heller ikkje dette prosjektet gjekk heilt etter planen. Først klarar eg å klippe feil, slik at det blir eit bakstykke og to halve framstykker…det skulle være omvendt… Så tar eg mønsteret til forstykket og legg på det utklipte bakstykket. På grunn av at det er litt større, kan eg klippe ut eit nytt forstykke av det….men så gløymer eg sømrom nederst. Så må det klippast heilt nye deler – jammen godt eg har kjøpt mykje stoff… Så sydde eg på dei falda delane nederst før eg sydde i foret, det førte til at eg ikkje kunne vrangsy foret, fordi dei to øvre bakdelane vart sydd saman. Fram med sprettekniven….

Det er altså berre å stå på, før eller seinare vert prosjektet ferdig 😉

oktober 18, 2008 Posted by | Søm | 7 kommentarar

Spencerkjole og pologenser

Haustferie med dårleg veir ute gjev god tid ved symaskina 🙂

 

Siste prosjekt er denne kjolen med genser til dattera mi. Tippar mormor og besta blir litt misunnelige, denne spencerkjolen er nok akkurat slik kjolane i deira ungdom var 😉

Mønster og stoff til både kjole og genser er bestilt hjå Stoff og stil. Det var meir spennande i den pakken, så eg gledar meg allereie til i morgon.

oktober 8, 2008 Posted by | Lappeteknikk | 5 kommentarar

Gjest nr 10000?

I skrivande stund står teljaren min på 9972 besøkande. Det betyr at før dagen er omme, kjem gjest nr 10000 innom 🙂 . Eg må innrømme at då eg oppretta bloggen, så hadde eg slett ikkje forhåpningar om at så mange skulle stikke innom her regelmessig. At så mange av dåkke kjem innom gong på gong, tek eg som eit teikn på at dåkke trivast her. Ekstra kjekt er det når du legg att ein liten kommentar, ikkje nødvendigvis for å skryte, men også berre for å seie hei. Ein ting er i alle fall sikkert: det er ikkje mykje morro å sitte her å  blogge viss ingen stikk innom, så dåkke kan være trygg på at eg set pris på og gledar meg over besøket dåkka! 

I helga har eg vore med på eit sy-mysterium i denne bloggen. Elisabeth Augusta la ut ei trinnvis oppskrift i bloggen sin, så kunne ein åpne det bit for bit etter kvart som ein kom framover i arbeidet.

 Trinn 1: Kutting av bitane. Nokre bitar vart lagt til sides for å bli brukt til ramme til slutt.

 Trinn 2 og 3: Samansying delane til større kvadrat.

   Trinn 4: pusle saman blokkane slik ein ynskjer at dei skal syast saman.

Trinn 5: Pusle saman dei resterande bitane til ramme rundt.

 Og slik vart det til slutt. Ein nett liten juleduk vart det for min del. 

  Denne løparen er lik den løparen eg skreiv om her. Dei to dukane vart laga samtidig, men sidan den eine var ein presang måtte eg vente med å legge den ut her.

oktober 7, 2008 Posted by | Lappeteknikk | 6 kommentarar

Det går visst rundt for meg i dag

          I helga var eg innom ein quiltebutikk og der eg såg ein artig sak som eg berre måtte prøve å sy.

                                            Først fekk eg tak i eit nylontau, 4mm tjukt.

                         Så kutta eg stoffet i strimler 48 grader på trådretninga, ca 2,5 cm breidde.

                                                  Her ligg strimlane klar til sying

                             Strimlane vart surra rundt tauet og midlertidig festa med knappenål.

Ikkje så godt å sjå, men her har eg så vidt begynt å kveile det stoffkledde tauet rundt seg sjølv. Så langt kom eg før nåla knakk. Bytta til ei lærnål eg har hatt liggande, og då fungerte det heilt fint til prosjektet var ferdig.

Her har eg sydd det som blir botnen. Taukveilane er sydd saman med sikksakksøm. Eg har brukt sikksakk som har tre sting i breidda. Det går heilt sikkert fint med vanleg sikksakk, men eg innbiller meg at saumen visuelt vert meir dominerande.

                                  Sånn ser det ferdige prosjektet ut. Perfekt Twist-skål 🙂

Eg er litt usikker på om eg syntest den vart særleg pen. Fargevalget er litt slurvete, for eg har brukt stoff som eg har lite att av, for å bruke opp litt smårestar.

oktober 1, 2008 Posted by | Lappeteknikk | 7 kommentarar